[Tidender.] Sedløysa i dei store Byarne


er fælskleg. Ho er so stor, at dei trur det ikkje sjølve dei som bur der. Dei vil ikkje tru det. Men stundom vert det rivet Hol paa denne sjoande Kolmila, og heile Verdi fær sjaa, korleis det frøser og brenn. Det hev vortet rivet eit Hol no paa dei kallege Løyndomarne i London, og me ser inn i eit gapande Saar.

Det var eit Lovforslag framme um aa faa strengare Straff paa dei, som gjer Forbrot paa det sedelege; men dette vilde ikkje Lovgjevaranne bry seg noko um, Regjeringi vilde lata det falla, og skaut til det, at det ikkje var Stemning for sovoret millom Folk.

So den 4de Juli segjer eit stort engelsk Blad, at alle dei maa lata vera aa lesa dei næste Nummer av Bladet, som ikkje toler aa sjaa noko menneskjeleg Styggedom. Bladet hadde nemleg arbeidt i lang Tid og havt ei Arbeidsnemnd i 6 Vikur til aa granska og samla Upplysningar fraa alle Kantar um, korleis det var lagat med Sedløysa i ymse Maatar i London. Det vilde opna Augo paa Folk og skapa Stemning for aa faa reinskat upp i Ustellet.

Og det er fæle Ting, som hev komet fram. Det er upplyst, at der vert drivet ein heil stor Handel med unge skuldlause Gjentur, som vert narra inn til Byen og gjevne i Hender paa Vællystingar, og sidan slepp dei ikkje ifraa, men vert gangande paa Villevegjerne livande i Synd og Skam heile si Tid. Det er mangfalduge baade Menn og Kvende, som hev Livevegen sin av sovoren Handel, ja der finnst heile Kompani, som driv med det. Den Gjenta, som kjem i deira Vald, er seld og fantefari med det same; det er sjeldan elder aldri, at dei kann faa riva seg ut or Garnet, som fangar dei. Straks gjenta er 13 Aar vert ho utsett til Handelsvare av desse samvitslause Menneskje, for etter engelsk Lov so hev ikkje Foreldri Andsvar for Døtterne, korleis dei so ber seg aat, naar dei fyrst hev den Aldren, og den vert strafflaus, som lokkar dei unge Vækjurne burti sovoret, som dei endaa ikkje hev Vit og Kunnskap nok til aa vara seg for. Dei vert for det fyrste gjevne Lovord um gode Postar og lokkat inn i ymse Hus, men der slepp dei inkje utatt, fyrr det er for seint, dei vert drukne fulle, dei vert innestengde, dei vert utsvelte, dei vert trugad og plagad paa alle Vis, til dei maa gjeva etter med elder utan Vilje. 
Dei vert paapassad soleis, at dei kann ikkje sleppa heim att, um dei vilde aldri so mykje. 
Og so sidan daa, naar dei etter lang Tid endeleg kann sleppa paa fri Fot igjen, er det faae elder ingen, som hev nokon Hugnad aa venta, um dei reiser heim igjen. Det er ein Handel so stygg og fæl, at det er likt med den verste Slavehandel. Det er aa drepa Menneskje baade paa Lekam og Sjæl.

Prisen paa slike unge Gjentur er forskjellig. I den simplare Del av Byen er den umlag 50 Kr. og i den finare upp til yver 300 Kr. Handelsselskapi hev ofte sine visse Menn, som dei sel si Vare til. Berre til ein Mann sel dei soleis 70 Ungmøyar um Aaret.

Det som gjer, at dei kann driva denne Menneskjehandelen so fritt, er at dei betalar Politiet for at det ikkje skal gjera Vanskar. Eit sodant Handelshus betalar soleis til Politiet Kr. 8000 um Aaret. Politiet er vaar Ven, segjer dei.

Dei driv ikkje Handelen berre heimeleg, dei driv ogso paa med Udførsel til andre land av Vara si, likesom dei innfører ifraa Frankrik, Tyskland og Belgien. Ein Handlar trudde, at det vart utført millom 2 _300 Gjentur um Aaret til Utlandet. Dei fleste av slike Handlarar er lausslepte Brotsmenn.

Desse Upplysningar hev vekt stort Uppstyr, ikkje berre i England men yver heile Verdi. 
Bladet var heiltupp kringsett dei Dagarne av Folk, som vilde lesa. Og Folkestemningi held med Bladet, ser det ut til, at der maa gjerast Raadbot med slik Fælslegheit. Det er væl alltid sume, som vilde freista aa meinka Bladet fraa aa gjera slike Ting audkjende, men det nyttar ikkje, og aa løyna burt og negta dei Ting, som vart fortalde, det kann dei helder ikkje, for Bladet kann prova kvart Ord, som det hev sagt, og det skal det gjera vyrdlaust ogso, segjer det, soframt dei tvingar det til det. Men det meiner, at dei store vil tenkja seg um, fyrr dei krev, at det for Retten skal leggja fram slike Upplysningar, som vil skjemma baade Prinsar og mange andre Høgre Menn. Prinsen av Wales og mange andre hev sagt upp Bladet, men det meiner, at heile England vil halda med det, so det fær ført fram sin Krig imot Sedløysa.

Alt no hev det den Gleda aa sjaa meir 
Samhug for Saki i Parlamentet. Dei hev alt vedteket ein Lov, som skal gjeva unge Gjentur eit Vern imot Forlokking og Forføring til Sedløysa. Og det er Von til, at Loven kann verta ferdug alt iaar.