[Tidender.] Samtaleemne for det nordiske Skulemøtet,

 
som vert haldet her i Kristiania den 10de, 11te og 12te August:

I Sammøte:

1. Um Sambinding millom den høgre og laagare Skulen (innleidest av P. Voss). 2. Korleis Skulen skal vekkja og styrkja eit sedelegt Liv hjaa dei unge (Prest Arnesen i Porsgrund). 3. Um Kjensla og Hugleiken i Skulen (Svensken P. B. Regner). 4. Husflidsundervisning (Dansken A. Th. Jakobsen). 5. Ytre Vilkaar for Lærerpersonligheden (Dansken Th. Jensen). 6. Pædagogikk, Kristendom og Vitenskap (Skulestyrar Søyland i Eikersund).

I Møte for Folkeskulen:

1. Um vidare Utdaning for Folkeskulelærarar (Svensken F. Berg). 2. Korleis ein skal kunna nytta ut dei Røynslurne som vert gjorde i Skulestogurne (Svensken A. Dalin). 3. Naturkunnskap i Skulen (Dansken M. Abrahamsen). 4. Undervisningi i Landkunnskap (Danskan Hveisel). 5. Korleis ei god Reknebod maa vera lagad (Dansken Bie). 6. Um Songundervisningi (Finnen Jelberg).
 
I Møte for den høgre Skulen :

1. Um Gjenteskular i Framtidi (Dansken H. Skram). 2. Um Undervisning i Gjenteskular um korleis det menneskjelege Lekam er lagat (ei Danske og ei Norske). 3. Um Morsmaalet i Skulen (Svensken Kjellberg). 4. Um Undervisning i nyare Maal (Kand. Western, Fredrikstad). 5. Um dei klassiske Maal og serskilt Gresken (Skulestyrar Feilberg, Kristiansand).

Desutan Fyredrag av Høgskulestyrar I. Nørregaard (dansk), Skulestyrar Christensen (dansk), Dr. Sahlberg (svensk), Skulestyrar Palmgren (svensk), Dr. Feilitzen (svensk), Lærar Bie (dansk) og Otto Påhlmann (svensk).

3000 hev no meldt seg til Møtet.

Styret for Møtet hev som me ser, ikkje viljat taka Maalsaki med. Dette skulde ein daa likevæl hava ventat. Dei segjer, at Fleirtalet av dei, som er med i Styret, er rædde for aa taka med slike Spursmaal, som kunne vekkja noko Røre, og at dei helst vil, at det skal rødast um sovorne Ting, som alle er einige um. Men paa den Maaten vert det lite Gagn i Møtet.

Dei Lærarar som er Maalmenn og som kjem til Møtet, dei maa um det er Raad, tvinga Maalsaki fram til Forhandling.