Utanfor Seminaren.


Eit Lutlag, elder kva det er for noko, er ute i FedraheimenNo. 30 og skriv um eit Stykkje, som eg hadde i Bladet ein Gong i Vinter.

Fyrst maa eg beda dykk hugsa paa, at eg inkje hev skrivet, korleis det er lagat paa Stord Seminar, men korleis det var, daa eg var der. _ Skulereglarne hev eg slett inkje heftat meg væsentlig ved, for skulde eg det ha gjort, var der nok komet ein annan Sang. 
Eg skreiv berre eit og annat, som eg kunde minnast av desse, og det som vart sagt um dei. Eg vil inkje leggja meg i nokor pædagogisk Kjekling um Skulereglar og slikt. Berre det vil eg segja, at eg trur aa vita um baade Seminar og andre høge Skular, der dei hjelper seg utruleg langt utan eit Ark apropberede Skulereglar, og eg trur aa kjenna likeso bra Folk derfraa som fraa Stord.

De, som hev det so annvint med aa fortelja, kor rimelege de finn Kravi aa vera, og kor de vyrder Paabodi, maa koma ihug, at slikt er berre dykker Skyldnad, og at det kjem best ved fyre dykker sjølv, um so er. Hev eg sagt, at Kravi var urimelege, fær eg vel staa ved det som mi Meining.

_ Jau daa, eg kann godt skyna, at gjevne reglar ska gjenomførast; men korvidt det er bra aa gjeva slike Skulereglar, at ein mest treng Fisseltutar og Melding for aa sjaa dei gjenomførde _ skynar eg inkje endaa. Men trur de, at de ved slik Gjerd er dei einaste vituge Folk, og at dei, som inkje held med dykk, er Vitløysur, so ska eg prova, at her gjeng mange av den Sorten utyver Landet, allvist i Bergens Stift. Dei vesalle Sellarne, som prøvar aa smeikje seg inn hjaa Læraranne, hev eg inkje snakt noko um, men eg trur, der hev voret slike paa Seminaren fyrr. 
Eg kjenner meg fri for aa ha høyrt til dette Sellelaget, men eg trur aa kjenna til, kva Innverknad dei kann ha paa Kameratskapen, desse Sellar.

Her maa dei Overordnade vera paa sin Post og visa burt slike Folk, nokot, som der skal stor Visdom og Menneskjekunnskap til, segjer de. Makalause Vismenner! hev nokon tvilt paa det? Men kunde de inkje drivet paa: og det er aalkjendt, at alle Læraranne paa Stord Seminar hev den store Visdomen og Menneskjekunna i fullt Maal _ elder so ved Lag. Daa kunne ein skyna, kva de meinte; det hitt er berre paa halv Veg.

Kunde eg mistydast i sumt av det, eg skreiv um Samsnakkemøti, bed eg um Orsaking. Me sette nok fram og røystad um Emne; men so maatte me til Styraren, og so var det han som sae fraa um, anten me fekk snakka um det elder inkje. Gjekk Emnet inkje an, maatte der takast eit anna. Hellest vert væl snart ein av den rette Aand so dregen i Traaden, at han set fram berre slike Emne, som gjeng an, og det vert væl den største Fridom. _ Eg og trur, det vilde gaa ganske bra, um inkje nokon av Læraranne var tilstades paa Samsnakkemøti. Skulde inkje Seminardaningi vera sopass folkeleg, at dei, som skal koma ut millom Folk og vera som eit Slags Fyregangsmenner der, kann setja fram sine Tankar paa ein høveleg Maate og ellest vera sømeleg i si Aatferd dei Par Timar kvar Fjortandag, utan ein Seminarlærar stend yver dei med Hogget, so gjev inkje eg mykje for heile Stellet. Det var eit fælt Vitnemaal mot Seminardaningi paa Stord _ so fælt, at ein knapt kunde tru, de vilde koma med det, de som hev leset Stykkjet mitt med uvanleg trongsynt Uvilje, men likevæl inkje kann prova, at eg lyger. Eg skulde visst paa dykker Vegne vera takksam for dei Utgreidingar av Saki, som Læraranne kann koma med paa Samsnakkemøti og for Nytten, som den gjensidige Utveksling av Tankar kann gjera; men naar sjølv inkje de kann negta, at denne Ordningi av Samsnakkemøti tener til aa fremja Krjuping, Usjølvstende og Stakkarsdom _ so trur eg, at ein ogso kann vera anna enn takksam. Det andre, de skriv um Samsnakkemøti, kjem inkje Stykkjet mitt ved. Eg hev inkje sagt, at Stordseminaristarne i det heile var slike usjølvstenduge Skrullingar, men at ein saag det Sersyn, at der fanst slike. De skynar det?

Det er reint flirande, kor de kann skriva sume Tider. De fortel, at Maallæra inkje er uppført som Fag paa Seminaren. Jaumen er ho vel so, veit eg? Tek eg inkje mykje imist, so hev de annvint med aa læra ei Bok, som heiter Norsk Grammatik (Maallæra) dess meir. Men kanskje den Maallæra inkje er so reint norsk? Aanei, det er vel so, det. Men naar de staurles ein Norsk Grammatik , som inkje er norsk og maa drivast inn i ei framand Maalform baade med Munn og Pen; naar de knapt fær læra eit norskt Ord, utan de likesom stel dykk til eit Par Timar ein Laurdagskveld (um de ellest er Maalvener, daa) og endaa fortel, at der inkje vert lagt Hindringar i Vegen for Norskdomen dykker _ ja so maa eg segja, at de er svært turvelege. Det skulde ellest vera Moro aa vist, um det er 5 elder 10 Prosent av Skulegutarne, som er med paa Skrivingi dykker. Mi Meining er no den, at dei Læraranne, som hadde minste Vit elder Vilje til aa skyna den norske Maalvekkjing millom Seminaristarne, dei vilde inkje bida med Arbeidet, til dei vart drivne i Selen som andre Arbeidsdyr, men som aandelege Fyregangsmenn, som vilde visa seg verduge til aa ha den Plass i Aandsheimen, som dei hev, vilde dei taka nokre av dei sokalla norske Timar og gjera Gutar, som hadde Hug til det, kjende med vaart eiget Maal istadenfor det som no bli kallat norsk. Elder um dei, for inkje aa støyta Motstrævaranne, inkje vilde gjera det paa Skulen; so gjekk det vel an, at dei var tilstades paa Maalmøti og var Fyregangsmenner der?

Dykker Upplysningar um 17de Mailaget kunde de gjerne haldet heime. De, som tykkest vera so væl kjende i Seminarsoga, veit væl, at Aaret fyrr det umsnakka var der 17de Mailag paa Seminaren. Fekk no Styraren Aaret etter eit slikt samrøystigt nei, som de segjer, so viste vel Gutarne dermed, at dei inkje vilde kasta vekk Tid og Pengar paa fleire slike Lag. For de maa inkje vaaga paa aa innbilla Folk, at Seminaristarne dengong var so trællynte, at dei inkje vilde ha ei Samkoma paa Fridomsdagen vaar, naar dei fekk ei dei likte. 
Soleis og med Maalvenerne. Dei røystad mot ei slik Samkoma, som me hadde Aaret fyrr, men tenkte aa ha ei Samkoma seg imillom, so mykje meir, som det var ein slik Dag, at me etter gamall Skikk og Sedvane, kunde samlast likevæl. Ein Mole meir Tilbunad tenkte me kanskje aa ha, sidan det var 17de Mai, og daa me tenkte aa faa eit større Rom enn det vanlege, blei der spurt um Lov. Det var korkje 60 elder 30 Maalvener, som spurde um Lov; men Styret hadde faatt mange Uppmaningar til aa faa eit slikt Lag i Stand, og Formanneni laget spurde um Lov. Vart der so noko, fekk dei vera med som vilde. 
Det er Soga og Sanning, og de lyt vist spyrja dykk betre fyre, fyrr de reiser upp og dømer oss som Slingringsmenner for denne Gjerdi.

Det vesle, eg skreiv um Eksamensstell og Slutten, er inkje Fraser gode Gutar, men berre den nakne Sanningi.

Skulde inkje Glædesropi dykker bli uvanleg sterke, daa det lid fram mot Hundedagarne, kann det vist henda, at de fær høyra eit og annat Misljodet um Eksamensgreidur i Aar og. Den, som er ein Mole kjend med dette, vil inkje kalla det Fraser. De meiner, det trengst slet inkje um aa møta meg her, daa eg inkje hev vaagat meg til aa prova, kva eg segjer. _ Jau hadde eg vaagat meg til aa koma med noko, skulde her vortet ein annan Leik, maavita. Men de, som er so væl kjende paa det rimelege, svarar kanskje paa eit Spursmaal: var det av det, at der var slik vælordna Innretning og slik Trygd med det i alle Maatar, at Seminaristarne her eine Aaret helt Møte og for Aalvor snakte um aa melda seg ut for aa ta Eksamen paa eit annat Seminar? _

Seminaren paa Stord maa vist ha den Vyrdnad den hev, for meg, og eg hev inkje tenkt paa aa skada honom i nokon Maate, men vert eg nøydd til det, kann det nok henda, at eg segjer den fulle Sanningi baade um eit og anna. Me fær sjaa paa dei lause Skuldingar.

(Mærket: M. G. under fyrre Stykkjet var _ Missprenting).

M. P .