Tidender.

 
Kristiania, den 2den Juni.

Frankrike. Det hev voret litt Leven i Paris. Det var Aarsdagen for Komuneuppstandet i 1870, og Komunardarne vilde fegra den. Dei gjekk med raude Flag gjenom Gaturne og ropad: Leve Komunen. Dei kom i Basketak med Politiet og 30 Menneskje kom til Skades. 2dre Pinsdagen skulde 2 Komunardar nedgravast, og Politiet trudde, det skulde verta Uppstyr att, men det gjekk av nokot so nær i Ro. Politiet tok eit raudt Flag fraa Anarkistarne og sette fast nokre, som hadde gjort Aagrip paa Politiet.
 
 
Kolerasjuken. I Marseille hev tvo vortet sjuke av Kolera; den eine døydde. I Spania hev Sjukdomen haldet seg i ymse Byar i Sudluten av landet. Dei driv paa med Vaksinen hans Ferran for aa stagga Farongen. Byen Alcira hev 16000 Menneskje; av dei hev det i fyrre Maanaden vortet vaksinerte 5432. Av dei 10,558, som inkje var vaksinerte fekk 64 Kolera, og 30 av dei døydde. Av dei, som var vaksinerte fekk 7 Kolera, men dei vart friske att alle saman.


England  og  Turkiet. Den engelske Utanriksministar skal nyleg hava sendt Turkiet eit Brev og sagt, at dersom Turkiet inkje vil senda Hermenn til Hamnerne ved Raudehavet, derimillom til Suakin, so vil England faa ei onnor evropeisk Magt til aa gjera det. I Brevet stod og, at sosnart det vart fastare Forhold i Ægypten, vilde dei engelske Hermenn, som no ligg der, forlata Landet.


Rusland. Nihilistarne hev haldet seg rolege ei Tid. Dei hev ventat paa Krigen millom England og Rusland, for dei kunne hava Von um aa faa gjera eit Kaup, dersom det vart eit Basketak dei tvo Magterne imillom. No, daa det ser meir fredelegt ut, hev Nihilistarne teket til aa røra paa seg. Dei hev sendt ut Skrifter og drepet ein Politimann. Politiet hev set nokre fast.


Lønstillegg aat Fyrdirektøren Kr. 800 er vedteket i Stortinget. Statsministaren talad for det. 13 Mann røystad imot. Lønstillegget aat 1ste Hjelpesmannen aat Fyrdirektøren (Kr. 500) vart ikkje samtykt (58 sagde nei). Til Fyrforvaltar paa Kvitinsøy vart gjevet Kr. 2000 i Løn, og til ein paa Yterøya Kr. 2200, og til ein paa Utsire Kr. 2280.


Styresmennerne ved Banken i Bergen hadde Bankdireksjonen ikkje viljat godkjent, dei sagde, at Loven um, at ein av Mennerne skulde vera Handelsmann ikkje var hevdat, og vilde difor ikkje sleppa inn Kapt. Krogh. Stortinget hev no godkjent Valet.


Kr. 3700 til Postmeistar i Mosjøen vart ikkje vedseket av Tinget. 36 Mann vilde hava det.


Prof. Joh. Storm hev haldet nokre Fyredrag yver Norskt Maal. Han er god til aa herma ymse Bygdemaal.


Svenske  Høgreblad likar ikkje Tanken um, at 3 Norske Statsraadar skal vera med og raadleggja naar det gjeldst utanlandske Saker. _ 
Norig fær for stor Magt daa, segjer dei, det fær større Magt enn Sverik jamvæl. For i Sverik hev Kongen Vetorett yver Tinget, men det hev han ikkje i Norig, der er det Folket som gjenom Stortinget hev baade Regjering og Konge i sitt Velde, og daa fær det Norske Folket so mykje meir aa segja enn det Svenske i utanlandske Saker, at slikt ikkje kann ganga an.


Aat dei høgre Skularne hev Kyrkjedepartem. sendt Rundskriv, um at dei skal driva full Eksis aa kalla med Skuleborni. Dei skal læra dei aa marsjera, aa sigta og skjota, eksera i samla Avdelingar o. s. v. Kvart Aar skal dei bruka 6 Dagar i Senn berre tis aa driva Eksis og Lekemsøving.


Henrik Ibsen og Kona hans vil halda seg paa Molde i Sumar. Dei skulde reisa fraa Rom den 28de; dei kjem um Kristiania.
 
 
Etter Likningi i Kristiania eig Byen 213 ½ Million Kr. Likt bytt millom alle voksne Folk i Kristiania vilde dette gjeva umlag Kr. 3000 aat kvar.


Nyt Tidskrift, Hæfte 3 inneheld:
Der er forskjel . En Hverdagshistorie af K. E. _ Jubilanten, af Emil Nicolaysen. _ Om hjernen, af Chr. Leegaard. _ Et udeladt kapitel, af Bjørnstjerne Bjørnson. _ Gammeletruskisk arkæologi , af Ingvald Undset. _ Mindre anmeldelser .


Japan. I 1854 vart Hamnerne i Japan opna for Verdenshandelen. Fraa daa til 1864 aatte Japan berre tvo Dampbaatar, det var Skrubaatar, som dei kaupte i England. Etterkvart kom det fleire Dampbaatar til. I 1875 vart det skipat eit Eimbaatsamlag, som alt i 1880 hadde Eimbaatar gangande i 10 faste Ruter, inkje aaleine millom Hamnernes i Japan men og til Shanghai, Tusan og Korea. Samlaget eig no for Tidi 29 Dampbaatar paa tilsaman 40,000 Tons. Eit annat Dampskipssamlag, som er skipat seinare, eig 24 Dampbaatar med tilsaman 30,000 Tons.