Stortingsvali.

 
(Del 1 av 9.) 
 
I.

Dei siste tie Aari i Politikken vaar er liksom ein Tidabolk for seg sjølv. Dei er meir aa likna med Hendingarne i 1814 enn med det som ein mun ynskja maa vera varugt Tilstand i Politikken.

Striden var kvass, Folket var i Øsing, Herkjempur olst fram og slost Odd mot Odd og det var ein Gny utigjenom Landet, som voks til kvart Aar, heile Livet vaart gjekk upp i denne Striden, som tilslutt endad med eit dundrande Mannafall.

Men det er med detta, som naar du ser Sjøen, som er komen i Foss; um Vinden og spaknar, so held han endaa paa, rullar og rullar høge Baarur, og jamnar seg fyrst lite um Senn. Storstriden vaar vart avgjort i fjor, og med det skulde Politikken vaar vera komen inn i eit nytt Far, men endaa kjem det den eine harde Atterrenningi etter den andre, berre so Sudraget syd og frøser. Men etter kvart vil dei daa domna ned, ettersom Minningarne um dei gamle Stridsemne vert burtstilte og nedsonte, og tilslutt vil det vera gløymt alt det gamle, Sinnet vil roa seg og andre Ting vil leika i Hugen.

Um denne politiske Øsingi, som hev faret yver Landet som ein Sveim, kann ein vistnok laata baade godt og illa. Paa den eine Sida vart det sett ein ukjend Kveik i Folk, dei for til aa gjeva Gaum paa Spursmaal, som dei fyrr hadde voret reint likesæle med; kvar Mann gjorde upp si Meining, og dei lagde so stød ein Hug paa Meiningarne sine, at dei fyrr vilde setja alt paa Vaag og Von, fyrr dei vilde gjeva seg. Slikt er staalsetjande og viljestyrkjande for eit Folk, so ein kann ikkje fullmeta det nok. Men paa den andre Sida, so fylte Politikken oss so reint, at der vart liten Framgang for andre Hugmaal, og det kom ei Uro og Ufred paa Folk, som gjorde dei hatige og ilske, og som slett ikkje vilde fremja ein sømeleg og fin Folkeskikk, soframt det hadde vortet paahaldande for lenge. Det heldt alt paa i lengste Laget, til at det skulde hava fullgod Innverknad paa oss i alle Maatar. Det plar i det heile vera so med eit Nyemnings-folk, at anten er det paa Hengjen elder Sprengjen med det, anten er det berre Tykkjeløysa og Likesæla, elder so snart vil det bera burti Ofsen og Villskapen. Det maa vera ein Landslyd, som er langt framkomen i 
Daning og Folkeskikk, som baade skal kunna leda seg med Kraft og hevda Kravi sine med Aalvor utan aa vika, og samstundes vera roleg og mild i Hugen. Men me maa likevæl takka Gud, at me kunne fara so støleg og greidt som me gjorde og føra Striden til Endskap, utan at Landsens Lukka reint vart øydd.

Men hadde me ikkje havt den kvasse Striden, hadde ikkje soleis, alt vortet sett paa Spissen, so hadde me helder ikkje havt Vinningarne, so hadde Folket voret i Nedfall og trælkat av der same Band og Lekkjur som fyrr. Difor kann me berre prisa vaar Lagnad. 
Men no, naar den Ridi er yverstadi, maa me vona, at heile Politikken vaar kjem i eit stødare Spor; dette Tinget som no er, maa væl jamna Faret og greida alle Etterleivurne fraa gamle Dagar, so at det Tinget, som no skal veljast, vil hava mindre med det gamle aa tryggja, enn Framtidi aa byggja.

Det som hev vakt Folket vaart til politisk Liv og samlat ei Fylking so stor og sterk, at ho kunne brjota seg fram til Siger, det er fraa fyrst til sist Opposisjonenelder Motstandet og Sjølvhevdingi mot ei Regjering, som gjenom lange Tider og gjenom skiftande Ministeriar hev gjevet Folket Kjensla av, at dei dreiv ein Politikk, som var uhøveleg baade med dei økonomiske og sosiale og aandelege Vilkaar hjaa det Norske Folket. Dei stod der som ei Hindring for Framgangen i Landet, medan det var ein liten Flokk, dei som var best stelte fyrr, som hadde Bate av dei. Dei stod der med Flokken sin som ein Framand i sitt heimlege Land, som eit Stormannsvelde i eit demokratiskt Samfund, som ei Stengsla for ein større og meir aalmenn europæisk Kultur. Fraa alle Lag i Folket, som sette Pris paa Fridom og Framgang og nasjonalt Sjølvstende, fraa høg og laag maatte dei difor samla Motstand um seg, og eggja til Strid kvassare og kvassare, ettersom det fekk samla seg i meir og meir visse Saker, som kunde sanka alle Motstandarar under ei Fane.


Den Fana som vart lyft so høgt, at det samlad heile Norigs Land, det var Statsraadsaki. Det var Bruri som dei alle dansad ikring, og der attaat kom Vetosaki som den blanke Brurkruna, som alle maatte tøygja seg etter. Statsraadsaki var klaar og greid, men Vetosaki var endaa greidare. Den kunne kvar Mann forstanda. Det var forkunn Mat for Juristen, og det var og fyse for Lovgranskaren millom Folket, Presten og Teologen kunne der tala med, den lærde som gjekk full med Teoriar, og den ulærde som berre hadde sit eiget heimalne Vit aa lita paa, alle kunne der hava si Meining og vera med i Striden.

( Meir.