Ein O. H.


er ute i Fedraheimen No. 41 og segjer, at det er eit og anna, som han ikkje kann vera einig med T. Aa. og meg i, i det som me i eit Par No. skreiv um Amerikareisur og deira Orsaker. Ser me imidlertid lite væl etter kva han skriv, so vil me finna, at han er einig med oss, so nær som i det, at han trur ikkje, at vaare friskaste og beste Kreftur reiser til Amerika. Eg skal ikkje upphalde meg vidare ved dette, skjønt eg no trur likevæl, at det til Jamnad er vaare mest fyretaksame og flinkaste Folk, som reiser dit.

O. H. segjer, at desse, som Armod og Næringssut driv fraa Landet, ikkje er best laga og hev lettast for aa koma med i alt Slags Framgongsarbeid, og han segjer lenger nede, at det ikkje er Fatikmannsverk aa skapa slike blømande Heimar for dei som sit i ei Fillehytte med Kjering og ein Flokk svoltne Ungar, og Regn og Snjo driv igjenom 
Veggjer og Tak, og som ikkje veit kva dei skal leva av fraa den eine Dagen til den andre. Det er sant som han skriv der, og eg hev slet ikkje klandrat dei som reiser, men eg hev klandrat vaart Lands Bønder, som kann sitja og sjaa paa all denne Naud og ikkje røra ein Fing for aa avhjelpa den. Eg hev ikkje sagt, at dei, som sit i ei sodan Fillehytte med ein Aakreflekk, som kann føda deim ein hell tvo 
Maanadar av dei tolv og for det betalar 8 _ 10 Spd., skal kunna ryddja og byggja seg ein Heim, men eg sagde nettupp, at Høvet maatte blive annorleis, eg sagde, at Gardemannen gjorde ei stor Synd mot sitt Land og sitt Folk, um han ikkje rakte ei hjelpande Hand aat unge Gutar og Gjentur, som gjerne vilde taka eit Tak i Noregs steinfulle Jord og byggja seg ein Heim, og det er eg sikker paa, at mangfoldige Gardbrukarar kann um dei berre vil og dei fær Augat upp for den store Vælgjerd, dei ved dette vilde gjera sitt Land. _ Men som sagt, solenge det er so, at Gardemannen driv so mykje han orkar paa aa utplundra og utsvelta deim, som han hev voret so naadig aa yverlata eit Stykkje av sin eigen vanbrugte Jordveg, solenge vil helder ikkje Utvandringi taka noko av. Men ein Gong, seint elder tidleg, vil det likevæl gaa upp for alle, at det aaleine er fraa Jordi at Føda kjem, og at Jordi maa nyttast ut reint annorleis enn no.

Eg skynar ikkje annat, enn at O. H. maa hava misforstadet meg, med di han ikkje kann vera einig i det eg skreiv, daa han likevæl i Stykkjet sitt uttalar nett den same Tanken som eg um Høvet millom Gardemenn og dei arbeidshuga, men fatige Arbeidarar.

G. A. O.