[Tidender.] Høgres Førar.


Det er ingen Maate paa alle dei lovord Høgre hev brukt um Emil Stang. Det hev for dei aldri voret Tale um, at nokon kunne mæla seg med honom. Han er framifraa i alle Maatar, han er intelligent som ingen annan, han er lærd som ingen annan, og han sigrar alltid i Ordskiftet. At han og hev gode Tankar um seg sjølv, det er noko som ligg i all hans tale og Framferd, endaa um ein reknar ifraa det, at han i Ordskiftet um Maalsaki ymtad um, at han var visare enn Vaarherre.

Likevæl hev det synt seg fleire Gonger i Tinget, at Emil Stang treng alle dei gode Eigenskaper han hev, og endaa nokre til, for aa klara seg paa ein noko so nær skikkeleg Maate. For dei han hev, rekk inkje alltid til.

Dette synte seg mest meire enn klaart i Tingmøtet no Laurdags Kvelden. For daa gjek det so ille med Emil Stang, at det vist aldri hev gjenget so ille med nokon norsk Tingmann fyrr. Daa greidde han seg endaa klenare, enn han gjorde, daa han klandrad Arbeidsmaaten i Nemnderne. Han viste korkje ut elder inn, det gjekk reint rundt for Emil Stang.

I 3 _4 Møte hadde dei havt Ordskifte um Myrmannsgreidurne og Emil Stang hadde inkje gjort Mine til aa koma med noko sers Framlegg. Men seint paa Kvelden, daa det skulde avrøystast, vart han med ein Gong var, at det var komet noko nytt til denne Saki no mot fyrr.

Me minnest væl alle, at Myrmannsspursmaalet hev voret framme i Tinget fyrr, og at Høgre daa røystad for, at Myrmenn etter Grunnloven var røysterettuge. For det var Høgremyrmenn den Gongen. Men daa Vinstremenn og tok til aa gjera seg røysterettuge ved aa kaupa Myrlappar, so fann Styringi, Ministeriet Selmer, paa den Raadi aa paa-anka Kaupet elder Bygslingi aat dei, endaa dei ofte hadde større Jordstykkje enn mange Høgremyrmenn. Og Prestarne og Valstyri luktad Regjeringi sin Meining og let inkje dei Vinstremenn, som hadde fenget Grunnlaget for Røysteretten sin paa-ankat, faa vera med aa røysta. No var det denne Paa-ankingi, som for Stang var det nye, og det gjorde daa, at han vilde koma med eit sers Framlegg.

Men no kjem det rare: Den lærde Emil Stang bad Komitefleirtalet um aa skriva Framlegg for seg. Dei skulde endra Innstellingi si soleis, at han fekk Tilhøve til aa røysta for Godkjenning av dei Røysterettsgrunnarne, som inkje var paa-ankat av Selmer. Men Komitefleirtalet vilde inkje tena Stang i aa skriva Forslag for han. Han fekk tvert imot vita, at naar han hadde ei sers Meining, so var det hans Plikt aa skriva Framlegg sjølv. Men det meinte inkje Stang; han vilde ha konstateret, at han ingi Hjelp fekk, saag det ut for.

So fann Framifraakaren i sin Lærdom paa det, at dei skulde taka Saki upp til Avrøysting; men det skulde drygja med Avrøystingi til Maandagen; daa skulde han hava Framlegget sitt ferdigt. Men dette bad Stang um, fordi han inkje kjende Reglementet, endaa han hev voret Tingmann i tri Aar. For i Stortingsreglementet stend det, at naar ei Sak er uppteki til 
Avrøysting, so hev ingen Tingmann Løyve til aa forlata Salen, fyrr Avrøystingi er fraa seg gjord. Skulde dei gjera som Stang vilde, so laut dei anten brjota Reglementet, elder og sitja i Tingsalen fraa Laurdags Kvelden til Maandags Morgonen. Daa Stang fekk Greida paa dette, heldt han inkje paa Framlegget sitt lenger; han hadde truleg Hug til aa koma heim til Helgi.

No bad Stang Komitemindretalet um Hjelp, for sjølv kunne han ingen Veg koma, saag det ut for. Roll tok seg daa paa aa skriva Framlegg for han; men dette tok lang Tid, og daa Framlegget endeleg kom, vantad der noko. Roll skulde daa retta det. Anten han no inkje kunde verta samd med seg sjølv um, kvar Ordi skulde staa elder han gløymde aa bera Framlegget fram att, veit inkje me; men lengje drog det, og daa Presidenten seint um sidan sagde, at Stangs Framlegg var teket attende, spratt Roll upp og brukad Beini, so godt han kunne, fram til Presidenten med Framlegget. Daa det so vart spurt, kven som aatte Framlegget, anten Stang elder Roll, sagde Stang, at Framlegget var hans, og at Roll hadde fenget det istand paa hans 
Vegne. So vart det endeleg Avrøysting.

Høgre røystad: 1) for Framlegget aat Komitemindretalet, som gjekk ut paa, at Tinget skulde
godkjenna alle dei Burtvisningar av Myrmenn, som Valstyri hadde gjort, 2) forStangs Framlegg, som gjekk ut paa, at Burtvisningarne skulde underkjennast der Styringi inkje var komi med nokor Paa-anking. (4 Høgremenn røystad mot dette), 3) motLitera a og b i Framlegget fraa Komitefleirtalet. Litera c gjekk ut paa aa godkjenna nokre Burtvisningar, og baade Stang og andre Høgremenn hadde sagt seg samde i dette; men det gjekk soleis rundt for Stang, at han reiste seg og røystad mot her og *). Dei Høgremenn som sat nærast honom saag paa honom, men han skynad inkje Meiningi. Daa so Presidenten sagde: Ja so, det finst Folk, som røystar mot her og, daa skynad Stang, at han hadde faret galet. Han saag seg ikring og so _ _ hukte Høgres Førar seg stilt ned.