Tidender.

 
Kristiania, den 5te Mai.

Rektor Steen vert nemnd som den nærmaste til aa faa den tome Plassen i Regjeringi. Og det held me ikkje for urimelegt. Steen er væl den Mannen i Tinget, som hev mest av baade Dugleik og Røynsla. Det er ein kunnig og klok Mann paa alle Leider, det er framifraa Talar, og han hev stor Tiltru millom Tingmennerne. Og slike Menn er det nettupp som det gjeldst um aa hava i Regjeringi no. Det er ikkje so mykje Departementsstyrarar det spyrst um, men Menn som kann hava Yversyn paa Riksens heile Stell og arbeida i Samhøve med Tinget, der Statsraadarne no hev si meste og vigtugste Gjerning.


Um Aslak Haukom i Kvitseid og Saki hans vart det eit langt Ordskifte i Stortinget igaar. Dei heldt paa med ymse Lærarpensjonar, og til 
Haukom hadde Kyrkjenemndi innstellt paa Kr. 400. Det vart talat um at han hadde voret ein dugeleg Skulemeistar, og at han hadde maatt lida mykje fordi han hadde voret ettersett av Retten, endaa han var skuldlaus. Stang og Høgre vilde ikkje ganga inn paa meir enn vanleg Lærarpensjon Kr. 250, men Wexelsen, Quam, Blehr, H. Bentsen og L. M. Bentsen heldt paa Innstellingi. Det vart ei lang og skarp Trætte millom Quam og Motzfeldt, um Landsdomar Wettergren og Amtmann Arneberg si Stelling til denne Forfylgjingi. _ Endskapen vart, at 27 røystad imot Innstellingi.


Ordskiftet i Tinget um Maalsaki skal det sidan koma nærmare Melding um etter Stortingstidendi.
 
 
Dei som talar Norsk i Tinget maa sjaa til, at 
Talarne deira ikkje vert umsette paa Dansk, naar dei kjem i Stortingstidendi.


Professorpost for Dr. Bang . Gage- og Pensjonsnemndi innsteller paa, at Bang skal verta umframs Professor i Kyrkjehistorie, til dess at nokon av dei vanlege Professorpostarne i teologi vert ledige. Fire Mann i Nemndi gjeng ikkje med paa detta.
 
 
Professor Daae gjeng ifraa, at han hev sagt det, at Folket i Valg er Folket i Vrøvl.
 
 
Morgenbladet og Blix. Morgenbl. er fælt harmt paa Statsraad Blix, fordi han var so leid ved Professor Bugge um Maalsaki. Dei vilde gjerne finna paa noko grovt, som kunne setja honom ned. Men det grovaste og leidaste dei kann finna ut og segja um honom, det er, at han berre er ein _ Skulemeistar fraa Nordland. Naar han hev voret noko so simpelt som Skulemeistar uppi Nordland ei Tid, so meiner væl Friele, at det er nok til aa skyggja baade for Doktoren og Professoren og Statsraaden og den klaare Tenkjaren. Daa maa væl Professor Bugge vera anna Slag Autoritet i Maal- og Skulesaker veit du. For kva som ein og kann finna paa og lasta honom for, so kann daa ingen segja noko so fælt um honom, at han hev voret Skulemeistar uppi Nordland _ væl korkje der elder andre Stader, der dei er so simple, at dei talar eit Maal, som Bugge held lærde Fyredrag um, at det er udugelegt.


Danmark. Det er komet so vidt, at Folk finn det i Samhøve med Æra si aa gaa og snusa upp kvat den elder hin kann hava sagt elder segjer um Konge og Styring, for aa draga Folk for Domstolarne. Ein kann inkje vera trygg nokon Stad. Held Vinstre eit Folkemøte, so kjem der altid snikande ei Høgresjæl for aa høyra paa, og Gud betre den som inkje talar varlegt um Styresmagti; han er snart ferdig. Inkje eingong i sitt eiget Hus kann ein segja si Meining, sosant det er ein Høgremann tilstades.
 
 
England og Rusland . Den talen, som Gladstone heldt, daa han kravde dei 200 Millionarne til Herbuingar, vert umtalt som eit Meistarstykkje av Bladi i heile Evropa, ja sjølv det russiske Blad Novaja Vremja segjer, at Talen var fullt verdug eit stort Folk. Gladstone heldt fram, at naar dei budde seg til Krig, so var det fordi, dei vart nøydde til det. Men dei vilde freiste alt for aa ordna Saki paa minneleg Maate; og vart det likevæl Krig, so skulde inkje Folk kunna segja annat, enn at England hadde gjort alt mogelegt for aa faa istand ei Semja, som var heilt ut heiderleg og rettferdig for baade Parterne. Han fekk Medhald av alle Tingmennerne, baade Vener og Uvener, og Pengarne fekk han strakst. Ellest tyder dei siste Telegrammi paa, at Russen no tek til aa tenkja seg um. Iminsto skulde eit Brev, som Russen sende til England vera fredelegt stemt, og det engelske Svarbrev skal vera likeeins.


Frankrike og Ægypten er vortne samde att.
 
 
Sudan. Engelskmennerne hev fenget arbeida paa Jarnvegen i Ro og Fred og Sudanesaranne hev inkje voret nokon Stad aa sjaa. No er det likvel komet Melding um, at dei innfødde hev gravet Sanden undan dei Stokkarne, som Jarnvegskjinnerne ligg paa og brent dei upp. Det skal ellest vera visst, at Mahdien hev tapt eit Slag mot sine eigne Landsmenn, og at han inkje kann hava Tiltru til nokon no lenger, so det vert truleg inkje so stort Sparket han kann gjera mot Engelskmennerne.


Baade Høgre- og Vinstreblad nemner Statsraad O. J. Broch som Stortingsemne fraa Halden.


Ullmann reiser no kringum i Vestfold (Jarlsberg) og held Fyredrag um Politikken. Nokre Sakførarar og
andre Høgremenn fylgjer honom trulegt, som Skuggen fylgjer Soli.


Stor Øylegging i Austfinnmarki. Det hev voret slik ein hard Storm der; at ei heil Mengd med Baatar og Skip er øydelagde, store Eigner er spilte, og 3 _400 mann hev vortet ambolause, so dei ikkje kann koma ut paa Fiskjet.


Nora, No. 3 inneheld: Livsdraumen, (Njædel Rothaug). _ Speidaren (Forteljing av Alphonse Daudet, umsett av Sjur). _ Um Biavl. (Alf). _ Songen hennar Synnøve. (Etter Bjørnson, av Ingvar Bøhn), _ Det vaarar. (M. 
T . . . bn). _ Knappnaala og Synaala. (Ei lita Rispe). _ Nytt i Maalvegen. _ O. J. Høyems Katekjes-Umskrift.
 
Innhaldet er godt og vekslande. Og Prisen er ikkje større, enn at nokon kvar kann hava Raa til aa tinga paa Skrifti for den Sak Skuld.


Vilkori for Krigen . Eit engelsk Blad, som gjer ei Jamning millom korleis England og Rusland vil kunna klaara seg i Krigen, finn ut, at Vandskarne vert størst for Rusland. Russland er rikt paa Folk, dei 80 Millionar kann gjeva mange Hermenn, England hev flust med Pengar, men ingen Her aa kalla. England treng umlag 100,000 Mann, skal det kunna føra Krigen umkring Herat. Og det meiner Bladet vert ikkje so lett ei Sak for Russland endaa. Det er so lange Leider aa føra Heren fram paa, at Svolt og Sjukdom og Motløysa vil tyna burt mykje Folk paa Vegen. Og dernede i Avganistan vil det ikkje vera greidt aa skaffa Mat og Foder til so mange Folk og Dyr, naar alt skal førast gjenom Øydemarkerne. Daa er England annleis vælstelt, som hev det rike India i Ryggen. Russland kann væl gjera det eit lite Bil i Fyrstningi, me paa Lengdi vil Landet magtstelast, Skatteevne vil minka, Folk paa ymse Kantar i Riket vil gjera Uppreist, og Hersveinarne vil svika. For skal Striden kjempast ut der nede i Asia, so meiner Bladet, at det er umogelegt aa gjera det av i ei Snarvending, men det vil ganga eit Par Aar; og det kann ikkje vera noko Von um Avslutning, fyrr det eine Rikjet hev vortet reint utmødd og uppgjevet og tomt for Hjelperaader.