Siger for Maalsaki.


I tri Dagar stod Striden og no hev Maalsaki vunnet ein Siger, som aldri skal støytast ned, no hev ho fenget eit Grunnlag, som skal vara til alle Tider. No er ho godkjend av baade Storting og Regjering, og ingen Ting skal lenger kunna hindra oss i Arbeidet for at norskt Tungemaal skal kunna hevda Odelsretten sin i Landet.

Desse Sakerne som dette Ordskiftet galt um, var ellest slike, at ingen kunne tru det skulde verta til ein heil Maalstrid for deira Skuld. Kravet um, at Skulelæraranne skulde faa Lærdom i Norskt Maal skulde ein tru at alle dei vilde samtykkja, som vil at Folkemaalet skal brukast i Skulen. Og no hev Tiderne stelt seg so, at dette vil alle. Ingen av dei som hev talat imot i desse Dagarne hev latet vera med aa fortelja um kor væl dei likad Instruksen fraa 1878, og kor høvelege Bygdemaali kunne vera til Skulebruk. Skuledirektør Bonnevie segjer ikkje no meir, at Borni skal lærast upp lite um Senn til aa tala Dansk. Og sjølv Hovdingen for Høgre i Tinget, Stang, medgjev, at det var ei Letting for Borni, um dei kunne faa Lærebøker paa Folkemaalet.

Men likevæl maatte dei bruka all si Kraft til aa leggja imot dette Framlegget, som berre vilde hjelpa iveg dette, som dei sjølve fortel, at dei er so glade i. Det var Fylgjurne dei var rædde; dei fælte for, at naar Læraranne fekk læra Landsmaalet væl og Borni vart kjende med det, so vilde all denne Kjennskapen skapa slik ein Kjærleik til det, at Folk berre vilde bruka Landsmaalet og hava all Lesnaden sin paa det og vraka Dansken. 
Det var berre fordi dei hatad so Maalsaki, at dei maatte freista paa aa hindra dette. Dei hadde ikkje ein einaste Grunn aa nemna, anna dei straks tok ut ifraa Saki, lagde ut paa Viddi og kridde imot Maalsaki.

Er det ikkje her at Høgre hev tapat i 
Ordskiftet, so er det vist ingen Stad. Statsraad Blix tok dei so hardt, at ingen kunne standa seg for Grunnarne hans.

Det var reint til aa lægja aat, naar Høgre, som synte slik ein Ræddhug for dette Maalet, likevæl tok det paa den Maaten, at dei for til aa leggja ut um alle Vanskarne ved aa faa Maalstrævet til aa vinna fram. Hadde dei trutt paa desse Vanskarne sjølve, so hadde dei nok latet det vera aa ordskiftast i tri Dagar for denne Saki; dei hadde latet Innstellingi gjenget samrøystes og unaggad. Dei hadde daa kunna lita paa, at Vanskarne og Umogelegskapen ved Maalsaki vilde sjølv setja Grensurne for, at dette Tiltaket ikkje vilde meinka Skriftmaalet og gjeva Maalsaki Vind i Segli. Men Otten og Rædsla deira for Maalsaki var so sterk, at dei kunne ikkje taka det med Ro, dei torde ikkje sleppa det fraa seg godkjent, og daa dei ikkje hadde Grunnar, maatte dei taka berre det, som for dei kom, og letta Hjartat sitt paa beste Maaten.

Heile dette Motlegget deira er det beste Prov paa, kor stor og faarleg Ting for seg Høgre held Maalsaki for, og kor livesterk dei held henne for aa vera. Fær Maalmennerne fyrst ei Fingersbreidd eignad til seg og godkjend av Statsmagterne, so ser dei ikkje Raa skapt for anna, enn at dei snart legg heile Landet under seg.

Aa du vonde Samvit, som aldri kann løyna deg. Dei ørskar um, at dette her skulde vera tvang, voldsom Indgriben i en Organisme i Likskap med Drap og Mord. Aa nei der det ikkje er Liv fyrr, der skal ingen kunna tala um Dreping. Men der det unge sprikjande Livet sprett fram og søkjer Livd _den som vil meinka det, derer det Tvang, der er det voldsom Indgriben i en Organisme der.

Saki var nok den, at Høgre her kjenner, at dei hev fenget ein Daudsting i Politikken og Faamannsveldet og Stormannsskapen og Kantorstyringi si, som kanskje kann vera verre for dei enn baade Statsraadar i Tinget og Tyning av det absolutte Veto. For med det norske Maalet vil Stormengdi av det simple Folk naa eit so høgt Stig i Upplysning og Daning og Sjølvvyrdnad, at ingen Slag Storkarsdom kann tygla og tyna dei som han vil lenger.

Kvafor Slag til Grunnar sette dei imot Maalsaki? Berre alt det gamle. Det var Læra um, at Landsmaalet var laga og unaturlegt, og so vandskelegt og framandt, andre sagde at det inkje fanst noko Landsmaal, andre sagde, at det var for mange. Bugge vilde ikkje gjerne hava eit Maal som er i Vokstren; han likar nok best dei daude Maali. Stang kom tilslutt med det, at det hadde ikkje Medhald i Grunnloven, at her skulde verta eit nytt Maal. Men han vart berre til Løgje. Mest Tru hadde dei likevæl til ein Bløyg, som alle slo paa og som dei sikkert trudde vilde sprengja heile Greida. Dei vilde faa skilt Austlandet ifraa, Austlendingen kunne ikkje lika dette vestlandske Maalet, og vilde ikkje hava noko med Maalstrævet aa gjera. Men ogso den Voni rauk, for den eine Austlandsbonden kom etter den andre og meinte, at dei kunne nok svara for seg sjølve, og Høgre vart avsanna der ogso, so det var fæle Ting. Høgre talad um Ufreden og Ulukka som denne Maalsaki vilde valda i Landet; ho vilde kløyva Folket sund og skapa Strid og Tvidrag i kvar Bygd. Men det vart hevda imot, at det var nok Motstrævaranne som var Ufredsmenn, dei vilde tvinga ned det heimlege Maalet og hindra Folksens frie Vokster, men dei andre vilde kannast ved Landsens Tungemaal som ein samlande Fane, som eit lysande Merkje for alle Landsens Born, som eit Fredsteikn etter all vaar Uro og Strid.

Høgre hadde ikkje noko nytt aa bera fram dei. Men likevæl var det godt, at alle Grunnarne mot Maalet ogso her i Stortinget kunne koma fram og verta motlagde for heile Folksens Augo og dermed siga ned i si Grav og aldri meir risa upp atter. Det som gjev dette Ordskiftet so stor ei Vegt for alle Tider, det er, at det var eit Utslag av vaart heile Folks Tankar og Hugdrag um vaar største nasjonale Sak. Maalsaki hev no grott seg so fast i Folket, at det Motstandet som endaa kann verta reist imot Saki i ein elder annan Avkrok av Landet, det er berre som nokre smaa Idur og Bakevjur burti Kvislerne; Storstraumen gjeng rein og klaar.

Vinstre brydde seg ikkje um aa koma inn paa sjølve Maalsaki i dette her Spursmaalet, som berre galt ei Skulesak. Dei vilde drygja, til Søknaden fraa dei 41 kom fram. Men daa Høgre hadde seg ut paa haale Isen meir og meir, fekk Vinstre ogso fylgja etter lite um Senn, so til Slutt vart det berre reine Maalsaki, som vart talad um fraa baae Kantar.

Liljedahl, Melvær, Liestøl, Blekastad og 
Sveinsson talad paa Norsk, so det var reint heimlegt i Tingsalen dei Dagarne. Allvist Liljedahl heldt eit framifraa fint Fyredrag, som heile Tingmannsflokken krullad seg isaman til aa lyda paa; og jamvæl Høgremenn maatte sanna, at han talad godt. Rektor Steen talad djervt og mannelegt; det er eit merkjelegt Tideteikn no, at me jamvæl hev Latinaranne med oss. Men Statsministaren var no den, som tok Luren for Aalvor og tonad iveg so det kvakk i alle saman. Sette Maalprogrammet heilt fram; Maalsaki skulde fremjast med alle Midlar; dette her var berre fyrste Stiget. Og Kyrkjestyraren sannad etter, og sagde at Departementet vilde setja seg i Fyrienden, paa det at Maalarbeidet kunne faa den rette Stødleik og Kraft.

So er daa endeleg Strævet vaart godkjent av baae Statsmagterne. Og alle Hindringar er burtrudde, som hev seinkat Arbeidet vaart i dei lidne Tider.

Det som hev vantad fyrr, hev ikkje so mykje voret det at Folk ikkje samtykte Tanken; men dei var rædde og motlause, og tenkte det aldri kunne nytta, for dette Maalet var ikkje godkjent av nokon av Autoritetarne, so ein ingen Ting kunne faa fram anten paa den eine elder andre Vegen.

Men no hev Arbeidet all den Grunnstydjing som det kann ynskja seg. Fyrst det vitenskaplege Grunnlaget, so ein muneleg Bokheim, so eit sterkt Folkekrav og endeleg Godkjenning baade hjaa Storting og Regjering. No er det berre eit Tidspursmaal, naar Maalsaki skal vinna heilt fram. Det kjem ikkje an paa anna enn den Kraft, som Folket vaart hev til aa leggja seg frammi Arbeidet.

No skal det verta ei fager Tevling millom Norigs Bygder um aa vera dei gjævaste og fyrste til aa føra Landsens nasjonale Sak fram til full Siger.

Ei ny Æva byrjar for Maalsaki. Og me skal visa oss henne verdige. Hugheilt vil me stemna fram, med nytt Liv og med nye Voner.