Ei Skulesaga.


Det var komet ny Skulemeistar til ei Bygd, som ikkje er langt herifraa. Det var ein ung Seminarist, som nok hadde Hug til aa syna, at han kunde meir, enn Borni hadde voret vane med fyrr. So var det ein Dag at han spurde Borni, kor dei kunde vita, at dei hadde gjort Synd, og ei Gjenta gav det Svaret, at Samvitet vaart segjer det. Daa for Læraren upp og spurde, um ho vilde segja det skikkelegt. Ho tok det upp att likaeins, og Læraren trugad med Prygl, um ho ikkje sagde det skikkelegt. Sidan vende han seg til ein Gut, som var so klok, at han kunde gjeva Tingen eit skikkelegt Namn og segja Samvittigheden. Daa jamnad det seg av, so Læraren var nøgd, og Borni slapp fyr Prygl. Men nokon Skjænn laut dei hava, for dei kunde snakka so meiningslaust.

Det hende som sagt ikkje langt herifraa i Aaret 1885. Og endaa kann Folk tala um, at her er gjort det, som kann gjerast fyr Barnet sitt Maal paa Skularne. Det er nok altfor mange Skular, som treng um ein ny Innstruks i dette Stykke. Den gamle, som dei ropar paa, er det nok faae Lærarar, som kjenna til, og endaa færre, som liver etter.


l. i Vestlp.