[Tidender.] Maalsaki i Stortinget.


_ Ordskiftet um Maalsaki gjekk heile Laurdagsmøtet ogso.

Bonnevie hadde Ordet fyrst. Etter Bokstaven maatte han væl gjeva Kyrkjestatsraaden Rett i det, at dette her var berre ei Skulesak; men skulde han sjaa paa Fylgjurne, fælte han for at det vilde føra til, at Landsmaalet kom inn paa Skularne, det meinte han var det, som var tilsiktat, men det gjekk aldri an aa rugga paa Skriftmaalet der. _ Liestøl meinte, at det hadde seg ikkje paa same Maaten med Dialektarne her som i andre Land, for her var det eit gamalt Maal, som livde att i Bygderne, og det burde Motstrævararne vist um. Men no heretter, meinte han, at det var ikkje dei, som skulde faa raada, no vilde me styra med Maalet, me hev ikkje Bidetol lenger no. For Maalsaki er ei av dei største Folkesaker, som hev voret framme sidan 1814, og fyrst naar ho vann fullt fram, vart det rett i Hugnad i Landet. _ Blekastad hevdad, at dei fekk ikkje Austlandsbønderne med seg paa det, at Landsmaalet skulde vera uheimlegt paa dei Kantar. Sjølv um det skulde vera vestlandsk Maal, so var daa væl dette likare enn det sjællandske. _ Berner undrad seg paa, at det enno kunne finnast so mykje Vankunna og Vrangsyn paa Maalsaki, dei saag daa, at ho braut seg fram som ei Naturkraft, som ingen kunne standa imot. Han hevdad, at han ikkje var imot Aasens Landsmaal, men han høyrde til den demokratiske Fløy av Maalmennerne. Annan Skilnad var det ikkje millom honom og dei andre. Men han agtad Knutsens Maalstræv ogso, og trudde, at dei tvo Straumarne maatte møtast, for i Byarne var det ogso mykje norskt. _ Sveinsson. Motstrævaranne talad um, at dei vilde hava Fornorskning dei og, men det vart ikkje mykje av det i Gjerning. Maalet i Skulebøkerne hadde ikkje vortet det Slag norskare. Det var ingen annan Utveg, enn at me fekk faa fullnorskt Maal, det som ein Utlending hadde sagt honom var den reinaste av alle Gjermanske Maal. Skulde ein venta til, at Landsmaalet fekk gjera seg reint ferdugt, kunne det henda, at Kui døydde, medan Graset gror. _ Rynning (fraa Drammen) vilde kalla Regjeringi for Tyrannar, dei vilde bruka Tvangsforholdsregler til aa forkvakla Skulen med dette Landsmaalet, som _ ja kva det var for noko, det var der ingen som vidste. _ Dieseth hevdad, at Austlandet ogso vilde vera med, for dei hadde Bygdemaal der ogso, som alle var ættad fraa det gamle norske. _ Øverland takkad Regjeringi for den gode Ryggstøda dei gav Maalsaki og ynskte, at me snart maatte vinna heilt fram. _ Sørum hevdad, at jamvæl Flatbygderne paa Austlandet vilde vera med i Maalarbeidet, det var ingen Faare i so Maate. Austlandsbonden var væl seig, men naar han kjem, so vert det for Aalvor ogso. _ Stang meinte, at det var ikkje verre Skilnad millom Tale og Skrift her enn i andre Land, og naar Skaparen hadde lagat det soleis for oss, fekk me taka det, som det var. 
Det kunne endaa ganga an, um dei berre vilde lata Borni faa Katekismus og Forklaaring paa sitt eiget Maal, han maatte medgjeva, at det daa vart lettare aa lesa. Men han viste, at det vilde ikkje stadna med dette, og for at Landet skulde sleppa undan alle leide Fylgjur maatte han vera imot dette ogso. Han trudde han hadde Grunnlovens Ord med seg, naar han kallad Skriftmaalet vaart for norskt. _ Steen hevdad at Grunnloven ikkje sette noko um, korleis Maalet skulde sjaa ut, men berre kravde, at Lovarne skulde vera skrivne paa det Maalet, som vart kallad Norsk. Grunnloven vil ikkje binda Maalvokstren. Maalmennerne kravde full Fridom, det var nok Motstrævaranne, som vilde hava Tvang. Han dreiv Gjøn med det, at desse snart sagde eit, snart eit anna, ettersom det høvde. Sume Tider heldt dei paa med aa prova, at Dansk og Norsk var so like, at det var ikkje noko aa gjera for den Sak Skuld, og snart var det slik ein Skiland, at det vart for store Vanskar med aa innføra det nye. _ W. S. Dahl motlagde ogso Stang i det, at Grunnloven skulde avgjera noko, um at Skriftmaalet var Norsk god nok.

Endeleg vart Innstellingi vedteki. 25 Mann sagde nei.

Dei næste postarne: 1000 Kr. til Lesebok i Landsmaalet og 1000 Kr. til aa kaupa og dela ut Høyems Bibelsoga vart vedtekne mot 22 Røyster. _ Bugge ankad paa Boki hans Høyem, fordi ho hadde for simpelt Maal, og det var Umsetningar av Namn, som var reint vanhøvelege; til Dømes naar det stod Skoltehaugen for Golgatha, Klungrfjellet for Sinai o. s. v. _ L. M. Bentsen, Wexelsen og Reitan motlagde honom. Boki kunne væl hava sine Lyte, men til Bruk for Lærarar meinte dei, at ho var mykje høveleg.