Tidender.

 
Kristiania, den 10de April.

Lagtinget hadde eit Møte um Underoffisersloven; det var so mange Endringsforslag, at dei maatte setja ut Møtet, til dei kunde faa trykt alt.


Rimelegt. Fyrr Estrup las upp Grunnlovsbrotet, hadde han gjevet krigsfolki Paabod um aa halda seg reide med skarpladde Riflur, Kanonurne stod reide, Vindebruerne var ferduge til aa slaa upp, og Politimenn gjekk ikring i Byen. Men Estrup kunna spart seg alle slike Tilstellingar. Det varrt haldet mange frilynde 
Folkemøte utetter Kvelden; men alle Stader var det Orden, so korkje Politimenn elder Krigsfolk fekk nokot aa gjera. Ein Dag skulde Kongen av og sjaa paa ei Kunstutstelling og for aa vera trygg hadde han med seg 12 Hermenn med Byrsur og Bajonettar. Soleids er det aa vera fri Konge yver eit fritt Folk.


Ved Statskupet vann Estrup so mykje, at dei beste Høgremenn gjekk fraa honom. Høsterettsassessorarne Klein og Krieger, som fyrr hev voret av dei fremste Høgremennerne, hev no


England og Rusland . Tidenderne fraa Rusland er snart so og snart so; snart tyder dei mest paa Krig og snart mest paa Fred. Saki er nok den, at Hoffet er inkje sams med seg sjølv um, kvat som no for Tidi vilde vera det beste for Rusland. Keisaren skal nok vera mest huga paa Fred, likeeins Keisarinna; men Krigsministaren trur, at det vilde vera best aa taka eit Tak med England no, medan det hev so mykje aa staa i i Sudan. Og det er mange ved Hoffet som er av sama Meining. Utanriksministaren, Giers, og ein Flokk med honom, trur derimot, at det vil vera vaagsamt aa byrje ein Krig mot eit so megtigt Land som England. Og dei kann nok hava Grunn til aa æva seg for nokot sovoret, for Tilstandet i Landet er inkje betre enn som trengst. Inkje mindre enn 200 Offiserar av Her og Flote sit fangad og er skuldad for Høgbrot, og ein kann vera trygg paa, at Styringi inkje hev fenget Tak i alle dei, som er missnøgde med Hardstyret i Landet. Vart det no Krig, so kom truleg alle Offiserar til aa gjera kvat dei kunde for Landsens Ære, og hadde Rusland Vinningi, so var det ingen Faare. Men dersom England vann og Russen laut tokka seg undan, so kunde Missnøgjet spreida seg og revolusjonen vera i full Gang fyrr nokon visste av det.


Frankrike. Brisson heiter den nye Fyrsteministaren; han hev voret President i Tinget. Det nye Ministeriet hev nett sama politiske Fargen som det fyrre Ministeriet hadde. At Ferry laut gaa sin veg kom soleis berre av det, at dei tykkte han inkje førde Krigen i Kina paa rette Maaten.


Avganistan. Det skal ha voret eit Slag millom Russaranne og Avganaranne, men dei trur inkje, at det vil vera til nokot Mein for Semja millom England og Russland.


Ny Mahdi . I Kordofan bur ein Mann, som heiter El Makki; han gjev seg ut for aa vera Mahdien og segjer, at den Mahdien, som no ligg i Krig med England er ein Kjeltring. 
Mange Araberfolk hev no sleget Lag med El Makki for aa jaga vekk den andre Mahdien.
 
 
Prins  Karl skal vera i Betring att no.


Prins  Eugen hev paa Kongens vegne gjevet Sultaten den norske St. Olafs Orden.


Arne  Garborg er reist til Paris ein Snøggtur no. Bondestudentar skal koma ut i svensk Umsettjing.


Lofotfisket. No 5te April var det uppfiskat 25 Millionar.


Avisdrøsur. Aftenposten hev sendt ut den Tidend no, at Sverdrup hev blandad seg inn i svenske Spursmaal ogso, og viljat truga Kongen til aa fylgja si Raad. Jamvæl Morgenbl. maa no gjeva Aftenp. den Attesten, at det er eit Blad, som ein ikkje kann lita paa.

 
Den gamle vidgjetne Læktalaren Ole Kallem er daaen og vart gravlagd i Skien Paaskeeftan. Mange langreisande Folk hadde møtt fram til aa gjeva honom siste Æra.

Kallem var fødd paa Garden Sand i Ryfylkje 1813. Han miste Far sin, daa han var 4 Aar gamall. Sidan han var 30 Aar hev han faret paa Reisur mest all si Tid, han hev reist yver heile Landet. No paa det siste verkad han mest som Avhaldstalar.

 
Stort  Tap. Den dansk-amerikanske Dampskipsline, Tingvalla, hadde 75000 Krunurs Tap i fjor.

 
General  Grant skal inkje hava lenge att no.