Meiningi med Heren er den, at me skal verja Landet vaart.

 
Gakk kringum paa Eksismoarne, spør Gutarne, kvifor dei er der.
Dei vil svara deg, at dei veit det inkje. Elder dei vil segja, at det er for aa plagast og slitast ut til ingen Nytte, elder for at Offiserarne og Storkaranne skal hava lite Moro.

Spør so Offiserarne kvifor dei driv med sovore. Jau det er Livevegen deira.

Spør Foreldri, som maa senda fraa seg Sønerne sine. Det er ingen Ting dei er so vonde paa som dette Herstellet.

Spør Tingmennerne. Det er ingen Ting dei hev sodan Hug til aa spara inn nokre Tusund paa som Herstellet.

Utenlegare Greide til sitt enn dette Herstellet vaart, det hev me snaudt.

Me hev havt det so, at det som kravdest av Landet for Heren si Skuld, det var berre mykje Pengar. Gav berre Stortinget dei, so hadde ikkje Folk noko meir aa vera ottsame for, elder aa bry Tankarne sine med, det var daa berre aa vera lydug og snild Gut, den som det fall til aa vera Soldat. Offiserarne og dei store greidde alt anna so væl, at dei ikkje brydde seg um aa fortelja Folk eingong, korleis dei gjorde det, elder kva det skulde nytta til.

Dette kunde væl paa sin Maate vera nokso makelegt for Folk, at dei slapp all denne Umsuti, berre dei gav ein viss Skatt um Aaret, men paa Lengdi tok dei daa til aa tykkja, at Skatten var for drjug, dei vilde helder taka paa seg noko meir av Umsuti sjølve.

Fyrr var ogso Nordmennerne framifraa snilde og gode Soldatar. Aa faa Mundering og verta Kongens Kar tykte Ungdomen gildt i, og den militære Aand grodde snart inn i Kjøtet paa dei. Dei var lærenæme, kloke og lyduge Soldatar, og hadde slik ein Age for Autoritetarne, at dei gav seg paa fyrste Ordet deira og spurde ikkje um Grunnar. Dei var soleis, som Soldatar skulde vera i ein
Mønsterher, uvitande og kritikklause; raae og visne, nøgde naar dei kunde faa bra med Brennevin og Moro. Dei var i det heile slike, som ein Offiser kunde hava Ære av aa visa fram for kven det skulde vera. Dei gjorde Sakerne sine framifraa paa ei Mønstring.

Men so kom det andre Tider; det vart innslept i Heren baade Skulmeistrar og Studentar og andre (eit stort Mistak, segjer gamle Offiserar), Gutarne tok til aa ressenera og tenkja paa, at dei ogso hadde ein Rett, so Offiserarne ikkje fekk fara aat som dei vilde; dei tok daa til aa tenkja paa at dei hadde ei Gjerning sjølve aa gjera i Heren, at det var ikkje berre for Offiseranne si Skuld dei var der. Og dei vart leide og keide all den Eksisen, som dei ikkje sjølve kunde sjaa Nytten av. I det heile kom det ein vond Aand, som det vart kallat, istadenfor den gamle gode militære Aand. Og me trur ogso det maa sannast, at Eksisen gjeng ikkje so godt no paa Mønstringsdagarne som for 10 _20 Aar sidan. Alt er likesom i ei Røra, det gamle er nedbrotet og det nye er endaa ikkje bygt upp att. Det er tvo Synsmaatar.

Den gamle Tanken var den, at det galt fyrst og fremst um, at Heren var god, so fekk det koma an paa andre Ting, anten han skulde vera liten elder stor. Og med at Heren skulde vera god meinte dei daa, at han skulde vera godt uppekserat, so Handgrip og Fotslag gjekk fint og nett etter Komando, og Offiserarne styrde dette som ei Dokkestoga.

Det var meir til Bruk i Fred enn i Krig.

Kva kann det væl nytta, tenkte Folk, aa laga seg til Krig for oss, som er so smaae likevæl, kjem det ei Stormagt, som er retteleg fus etter oss, so tek ho oss i ein Glefs likevæl. So held me berre ein Flokk som for Syn Skuld, som ein Ring kringum Kongen, som kann gjeva honom Glans for Allmansaugo, og naar det kjem Utsendingar fraa framande Land; som ein Skule for Folket til aa læra den rette Vyrdnad og Lydnad mot Embættsmennerne og til aa aga Folkemugen, um det skulde verta nokon Sveim elder Uro einkvar Staden.

Me hadde voret betre tente med ingen Her aa hava enn ein sodan ein, det hev berre voret til Øyding av Landsens Pengar. For um det vart Aalvor og det kom til Krig, so er Paradesoldatar til ingen Nytte, og det er so liten ein Dott, at Fienden glaup dei straks han kom. For dei kom ikkje til Nyttes daa alle dei som no stend paa Papiret, og som det korkje finst Vaapen elder Bunad til. Den andre Tanken er den, at kvar Mann skal verja Landet sitt, og at Eksisen ikkje hev anna Fyremaal enn aa temja honom upp til det. Skal det verta noko av med den Skipnaden, so maa det vera som sokket ned i Folk, at dette er ikkje nokon Tvang, men det er vaar Skyldnad som frie Menn, det er ei Æresak for kvar ein aa faa vera med, og faa den Tamen, som dertil trengst. Og kvar Mann skal daa faa den Stelling, der hans Kunnskapar og Evne best kann koma til sin Rett. Folk vil daa faa ei Drift til aa arbeida seg fram i Heren, imot no, daa ingen kann koma or Flekken aa kalla; men um han er aldri so dugeleg og snarnæm, maa han likevæl halda si Tid ut saman med dei andre.

Det som her er den beste Trygd, det er ei god Folkeupplysning og ei sterk Kjensle hjaa kvar ein av sin eigen Skyldnad og Landsens ære.

No er det nok ganske lite av den Sansen i oss. Unggutarne rosar seg, naar dei kann gjera eit Spikk, so dei kann sleppa undan Ekisen. Men no paa det siste hev det daa komet seg mykje i den Vegen; det hev me Politikken aa takka for; Folkevæpningssamlag hev skotet upp alle Stader, og dermed hev me fenget eit Grunnlag for ein betre og folkelegare Her, naar ein berre kunde lita paa den Hugnaden, som er kveikt for dette, so at han kunde rekkja utom Skjotingi, faa Ungdomen til aa gjeva meir Agt paa kva som sømer seg ein norsk Borgar, gjeva honom Kjærleik til Heimen og til Folket, so han tek til Manndomen, so han gjeng til Eksisen som til ein Leik og kann hevda sitt Velde der, so Framandfolk, som kjem til Eksismoarne skal sleppa aa segja, at den norske Ungdomen ser ut som ein Flokk tunge Trælar, som maa gjera det, som dei ikkje hev nokon Hugnad i.

Det er Ungdomen sjølv det mykje kjem an paa, kor mange Millionar Kronur me kann spara inn paa Herstellet. Di meir upplyst og hugheil og ærefull og stortenkt Ungdomen er, di større trygd vil Storting og Regjering hava for, at Eksisen kann minkast ned og Tvangstrøya løysast paa.

Soldaten, som hev voret so lite manndomsam og kunna hevda seg so lite, han hev sølv mykje Skuld i den fæle militære Aand, som hev raadt her.

Dei Millionar, som Riket legg paa til Skule og Upplysning, dei sparar dei paa Eksisen; det jamnar seg det. Det skal alle Folk hugsa paa, som er rædde for aa gjeva meir til Skulen.

X.