Fraa Hjartdal.

No i desse dagar arbeider mange svært med aa flytja Hovudkyrkja; dei synest ho stend hosta langt uppi Bygdi, som Tilfellet ogso er. Men er det no nettupp paa rett Tid aa taka fatt paa Arbeidet, daa Folk er mest i Pengemangel? Her er vandt um Arbeidsfolk, for dei hev reist til Amerika, laake Kreturprisar og daarleg Brukstid, so Mengdi kravlar fælt med aa halda Bue vedlike, aa mange gjeng det fort tilatters med. For tvo Aar herfyri kosta me Tak paa Kyrkja for inkje so faa hundre Kronur, riv dei ho no ned, so er det til ingi Nytte alt saman. Det er det som gjer Utslaget, at dei ute i Sokni sluttar med aa søkja Kyrkja, aa so maa dei hava det aa skulda paa, at Kyrkja stend for langt burte, men vart Viljen betre, so sturde dei vist inkje stort for den vesle Vegstubben. 
Men naar inkje Viljen er, so munar det inkje stort, um so Kyrkja stod like ved Stoguveggen deira. Det er inkje difor sagt anna hell det kunna vera bra aa faa flutt Kyrkja, naar berre Bygdi var istand til det, men det trur eg inkje ho er. Og daa er det visst betre aa lata Kyrkja standa i fred. Det kann ganga an ei Beite dette; det kann gange an aa laane og gjeldbinde seg og byggja og rive ne og stauke som Storkar; det gjeng an ei liti Rid soleis aa blaase seg upp og laast vera rik, men som ein gjer upp for seg til, so ligg ein.
 
Ein Hjartdøl .

 

Frå Fedraheimen 11.04.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum