[Tidender.] Stortinget


hadde fyrste Møtet sitt etter Paaske um Onsdagen. Det var ymse Telegraffgreidur dei fyrst hadde for seg. Der fekk Havig Høve til aa klaga paa, at Telegraffdirektøren hadde for stor ei Magt yver sine undergjevne, han kunde leggja dei i Bot, utan at dei hadde nokon aa venda seg aat, som kunde umgjera elder lempa paa Boti. Han vilde ikkje gjera framlegg, men ynskte at Regjerigni vilde tenkja yver dette, for det hadde mykje paa seg; det var paalag 700 Menneskje under Telegraffdirektøren. Mest likeso galet var det ogso for dei 1500, som hadde Post ved Jarnvegstellet. _ Sverdrup sagde at det var Storting og Regjering, som hadde vortet samde um dette, at Direktøren skulde hava so mykje aa segja, og han trudde sjølv og, at det kunde vera gagnlegt; soleis hadde ogso Postmeistaren det; og um denne Magti hadde vortet missbrukat det kunde ikkje han segja. Sidan 1879 var det ilagt 39 Bøter, den største paa Kr. 100. Var det noko umframs Tilfelle, so vart Departementet ogso raadspurt, so han meinte det var full Trygd. _ Det vart eit Ordskifte um detta. Quam heldt med Havig og hevdad, at her trengst ein Lov, so at Yvermannen berre kunde leggja fram Boti aat Undermannen, som daa anten kunde godkjenna henne elder faa Saki si lagt fram for Domstolarne. _ Men Sverdrup meinte, at ein kunde ikkje klaga paa den Skipnaden som var, fyrr ein kunde visa tydelege Misbruk, og det var ikkje gjort endaa. _ Stang heldt med Sverdrup.

So vart det samrøystes gjevet Kr. 5500 til 
Hjelp for Jarnvegsarbeidarar, som var til Skade komne.

So var det eit Framlegg av Blehr um Middeltid for heile Landet. Sendt til Regjeringi.

So var det ymse Utgifter til nokre Statseigendomar i Kristiania.

Tvo framlegg, um at Renta skulde setjast ned i Riksens Laanehus, vart sende at Regjeringi.