[Tidender.] Statsraad Hertzberg


var i Sarpsborg her ein Dagen paa eit Folkemøte. Dei hadde tingat tvo til av dei gamle Statsraadarne, Dahll og Koren; men den eine var sjuk, og den andre kom ikkje helder. Men Hertzberg kom, og det tilgangs og. Han er so uppspilad han no, at det er fæle Ting. Det var Meiningi, at der skulde talast um Skuleloven; han skulde daa gjera Fyremælingi. Men det var ein underleg Tale. Han tok til aa gjorde ein stor, grøteleg Tale um Vantrui, det var daa den han saag all Staden. Og han lagde daa ut um at det var baade ein Heider og ein Naade aa faa vera der han var og faa Lov til ikkje berre aa strida, men, um so skulde vera, ogso aa lida for so stor og so god ei Sak. Han vert aldri trøytt av aa fortelja um sine Lidingar, og so er det godt aa hava noko sovore som Vantrui aa skulda paa; endaa det er no ikkje so mange Folk som vil kalla honom for ein Martyr, som verste Fienden, skulde vera, unner Kr. 5000 um Aaret.

Mot Slutningi av Talen sin kom han daa med det, at det var væl mange, som undrad seg paa, kva alt dette hadde med Skulen aa gjera. Og det var eit vitugt Ord. For det var vist aa undrast paa. So hadde han seg daa endeleg inn paa Skulesaki. Det var daa Skulen som Vantrui med djævelsk Kløgt arbeider paa aa faa i si Magt. Det var daa Dissenterloven, som han soleis vilde skruva upp til aa vera Øydelegging av all god kristeleg Skule. Det var daa Meiningi, at Kristendomen skulde ut, sagde han, og Politikk inn att i Skulen.

Vil det norske Folk dette? spør han so. Men det turvte han ikkje hava spurt um, for det veit nok Hertzberg ogso, naar han skulde tala etter sitt betre Vitande, at korkje Folk elder Storting elder Regjering vil noko slikt. 
Han veit væl, at jamvæl dei Fritenkjaranne her er, ikkje vil tvinga sine religiøse Meiningar inn i Skularne, men helder arbeida til, at kvar skal faa hava si Tru unaggad.

Men Fanatismen og Øsehugen fraa i fjor bryt framatt no, naar det tek til aa lida til Vali. Og dette me no hev set av Hertzberg er visst berre eit Fyrespil til det me kann venta oss i Sumar. Daa fær me væl sjaa heile Skreidi av Statsraadar og Prestar og alt som er farande ikring, berre so Ofsen fløymer og fossar kringum dei.
Men Grunnar og Prov _ nei det ser det nok ut til at Høgre er meir likesæle med no.