[Tidender.] Odelstinget

 
hadde for seg um Postsparebanken igaar.

Lilleholt hadde den same Meiningi no som i fjor, at det var ikkje so sterkt Krav paa aa faa noko nytt, soleis som sume leet um. Han trudde no som daa, at det var ikkje verdt aa laga nye Bankar, men at det kunde gjerast ei 
Samverking millom Postvæsenet og Sparebankarne, so at ein kunde senda Sparemerkje inn til Sparebanken postfritt. Han meitne det var gagnlegt, um denne Maaten aa greida det paa vart betre ettertenkt. Han tykte det var drjugt, som Komiteinnstellingi vilde hava det, at Staten skulde leggja til Kr. 30,000, og Utgifterne til Styringi av dei nye Bankarne kom til aa verta 6 av 100; ved dei vanlege Sparebankarne var Utgifterne berre 1 ½ av 100.

Smitt hadde voret evsam i fjor, og han hadde tykt, at det var ikkje noko aa forhasta seg etter, den Tid dei hadde so faae Røynslur ifraa Sverike. men no hev ein set, at det hev gjenget godt i Sverik i det siste Aaret. 80,614 Menneskje hadde sett inn i Postsparebanken tilsaman Kr. 1,001,855, og det var berre teket ut att Kr. 213,313. Det hadde voret 6 _700 Stader, som dei hadde teket imot Pengar paa, og det vart væl snart innmot 1000; og av alle 1732 Posthusi var det berre 89, som ikkje hadde Greidur med Postsparebanken. Desse Pengarne, som soleis hadde vortet uppsparad, meinte han, ellest hadde vortet øydelagde til Unyttes. Og han meinte, at dei vanlege Sparebankarne ingen Skade vilde faa av desse Postsparekassurne, daa desse berre tek Smaaskillingarne, som Sparebankarne ikkje brydde seg um, og Postsparebanken vilde ikkje hava meir enn Kr. 1000 av ein Mann, og sidan fekk daa Sparebanken Pengarne; og sosnart det vart kr. 100, skulde ein hava Lov til aa flytja Pengarne til ein vanleg Bank, der ein fekk høgre Rentur. Han trudde at denne nye Skipnaden berre vilde gjeva ein Kveik til Sparebankarne.

Holmesland motegjekk Lilleholt.

Statsministar Sverdrup heldt eit langt Fyredrag og viste kor mykje det hadde paa seg, at desse Postsparebankarne stod under Statens Uppsyn. Dei vanlege Bankarne hadde ein ikkje nokor Uppsyn med Reikneskapen aat. Og skulde ein binda denne nye Maaten med Sparemerkje attaat dei vanlege Bankarne, so maatte ein plikta Sparebankarne til aa stella seg under Statens Uppsyn, og det vilde koma mange Ulempur av det. Det var Meiningi alt fraa det fyrste aa faa 6 _700 slike Postsparebankar elder dubbelt so mykje som det finst av vanlege Sparebankar, og dei vilde snart stiga til 1000. Og ein kunde snaudt fullskyna Nytten av, at det vart so lettvinnt aa faa so mykje Smaaskillingar uppsparat.

Han meinte, at denne her Saki hadde store Ting paa seg; det vilde leggjast ei Kraft til 
Nasjonens Arbeid, som ingen til Fullnads kunde tenkja seg. Det hadde voret ankad paa, at Utgifterne til Styringi av desse Bankarne vart so store; ja so i Fyrstningi. Men dei vilde minke med kvart Aar, ettersom Innskotet steig, til dess at det Utlegget, som Staten hadde gjevet, vart fullt ut betalt; og Inntekterne kom til aa yverstiga Utgifterne.

Bernerheldt paa dei nye Bankarne, dei vilde ikkje skada Sparebankarne det Slag. Sparebankarne var nærmast økonomiske Indretninger, desse andre moralske aa kalla. Han vilde ynskja, at det ogso kunde verta Skulepostsparekassur, og at Posthusi ogso kunde hava med Livsforsikringar aa gjera. Det var væl um Poststyret vilde gjera Smaaskrifter og senda utyver Bygderne um dette, so Saki kunde verta meir kjend for Aalmugen.

Rejersonheldt paa den Maaten, som Lilleholdt hadde nemnt. Cappelenlikaeins.

W. S. Dahl meinte, at dei tvo Slag Bankarne berre gav forskjellige Former for Sparetanken.

Rinde trudde ikkje, at desse nye Bankarne vilde faa noko stor Tilslutning. Han sette Framlegg um, at dei skulde setja ut heile Saki til sidan og ikkje tala meir um det paa dette Tinget.

Ihlenheldt med Sverdrup. No naar han saag den gode Framgangen i Sverik, hadde han vortet umhugad sidan i fjor, daa han ogso røystad for Utsetjing. Men Svenskarne hadde gjort det meir lettvint enn her var paatenkt. Dei hadde ikkje skipat ein ny Bank, men lagat det som ei Kantorsak under Postdepartementet, og dei hadde ein Byraasjef elder Kantorstyrar til aa greida det heile; umframs Embættsløni aat honom var alle Utgifterne berre Kr. 4300 for Aaret, og Kostnaden vert daa berre Fjordeparten.

Olsenhadde ingi Tru paa, at denne nye Banken skulde verta betre enn dei gamle Sparebankarne.

Cappelenynskte ogso, at Regjeringi maatte taka upp att Saki til nærmare gransking.

Sverdrup heldt paa, at dei skulde taka ei Avgjerd um sjølve Saki straks. Dei vann ikkje noko med aa senda henne attende til Regjeringi.

Rindes Forslag um Utsetjing vart so vedteket med 44 Mann. 88 imot. Dei 44 var: Kaxrud, Furulund, Schrøder, Saakvitne, Rinde, Sørum, Sønju, Stang, Birkeland, Ihlen, Prof. Bugge, Hvamstad, Jørstad, Blilie, Johansen, Bang, Sakfør. Rynning, Flor, Didrichsen, Dahl, Bech, Saxe, Blackstad, Glestad, Motzfeldt, Horgen, Hansen-Fosnæs, Wisbech, P. Nilsen, Rejerson, Olsen, Thorne, Lilleholt, Knudsen, Olafsen, Schiørn, Cappelen, Drevland, Schøyen, Lorck, Bonnevie, Advokat Bugge, Harbitz, Torp. Sidan gjorde dei samrøystes Vedtak um, at Framlegget fraa Liestølum Bygningar paa Prestegardarne skulde sendast aat Regjeringi.