[Tidender.] Femtan Vinstremenn og Høgre

 
gjekk tilsaman ved Avgjerdi, um at Postsparebank-loven skulde setjast ut. Det var berre ein Høgremann, L. Smitt, som vilde, at dei skulde taka paa Saki straks og so Stordelen av Vinstre.

Det kann væl vera so med denne her Saki, at ho endaa er lite kjend for Aalmugen. Men me hadde ikkje ventat, at Odelstinget vilde setja henne ut iaar ogso, naar dei gjorde det i fjor, og no daa dei ogso hadde Innstelling fraa Regjeringi um Saki, allvist naar Statsministaren sjølv meinte, at Regjeringi ikkje vilde kunna leggja noko nytt til. At Høgre var imot, det var ikkje til aa undrast paa, for dei vil alltid vera imot det som kjem fraa Regjeringi, sjølv um dei kann lika Saki, soleis som no Ihlen.

Me likar ikkje stort alle desse Utsettjingarne og Brutsendignar til Regjeringi av alle mogelege Ting. Det vitnar ikkje godt om Tiltaket og Arbeidshugen hjaa Tingmennerne. Allvist i ei slik Sak, som dei hev havt eit heilt Aar aa tenkja seg um paa, skulde ein daa venta, at det skulde hava lagat seg ei fast Meining um, i det minste, so det kunde hava format seg visse Forslag, som daa kunde have voret kjende for Regjeringi ogso, so dei kunde semjast i Tinget. Men no vert alt dette Snakket til liten Nytte. Aa gjera ei slik praktisk Sak til Valprogram er ogso lite høvelegt. Det er ikkje noko politisk Spursmaal; det er berre eit Skyn, sunn Sans og Reikningar det kjem an paa.