Tidender.


Kristiania, den 27de Februar.

Stortinget 25de Februar . 1) Søknad fraa Handelsm. L. Engebretsen um Kr. 150.00 til eit Kursus i Bokføring for Landmenn. Samrøystes: inkje indvilget. 2) Ettergjeving av Avgift til ei Husmanns- enkja, Marie Stamnæs. Nemndi vilde inkje det skulde ettergjevast. Etter eit lengre Ordskifte millom Berner, Quam og H. Bentsen, vart det vedteket, at Saki skulde sendast til Regjeringi, daa det viste seg, at det inkje var godt aa faa Greida paa, anten det var Arvavgift det galdt elder det var Arbeidsløn, i siste Tilfelle burde det eftergjevast. 3) Samrøystes vart vedteket Framlegg fraa Budgettnemndi um aa gjeva Kr. 10000.00 til Reisepengar aat Handverksfolk. Kr. 5000.00 aat Teknikerar i privat Virksamheit og Kr. 2000.00 til Tilsyn med Utvandrarar. 4) Framlegg fraa Veganemndi um aa lata til dei Pengar, som trengdes til Dekkning av nokre stolne Pengebrev, tilsaman Kr, 10,886.25. Vedteket samrøystes. 5) Framlegg fraa same Nemndi um aa lata til Kr. 3466.44, som Dekkning av burtkomne Pengebrev. Samrøystes vedteket. 6) Samrøystes vart vedteket aa bruka Kr. 160000 til Skydsvæsenet og til Bestridelse av Deligencefarten Kr. 8000, 7) til Universitetet vart givet Kr. 281200.00 samrøystes.

Under Ordskiftet vart det framhaldet, at me i Framtidi burde gjera meir fyr aa hjelpa paa flinke unge Vitenskapsmenn. Statsraaderne var til Stades og var med i Ordskiftet.


Skal Presten endeleg altid vara Ordførar i Skulekommissjonarne! Prest Wexelsen og Sakførar Blehr vil, at Loven skal endrast, so det vert so, at Skulekommissjonen kann velja Ordføraren sin sjølv. Dei meiner at den Gjerdi, som det no hev, at Presten skal vera skjølvskreven som Ordførar, det høver ikkje for eit fritt Land; der skal Valretten vera fri. Meinslegt er det baade for Veljaranne, at dei ikkje fær taka den, som dei trur best; og leidt maa det ogso vera for Presten aa hava ei Stelling, som han ikkje veit um, anten Folk vil hava honom til det elder inkje, segjer dei.

Stortinget hev fyr gjort Vedtak um at Folk kunde faa velja fritt; men Kongen sagde nei.

I Sverike hev dei haldet paa yver 30 Aar med aa faa ei Endring paa detta, men det gjeng ikkje i Tinget der.


Kongen og Droningi kom til Byen igaar; han er nok meint paa aa vera her eit Tak.


Dei hev lite aa driva med Høgre no. Soleids hev fleire Høgreblad paa det siste teket nokre Ord av Fedrah., som skulde ganga ut paa, at Sverdrup vilde leggja større Avgifter paa Folk. 
Det var det, at me sagde, at Skattarne til Statskassa vert 600,000 Kr. meir enn ifjor; no vil dei faa Lesaranne sine til aa tru, at her er meint nye Avgifter, men som Folk veit, er det ved Tollavgifterne, at me betalar Avgifter til Statskassa. Det er Inntekterne av Tolli, som dei meiner vil stiga so dugeleg, dei ventar, at Handelen vil ganga betre. Men so styvne Lesarar hev Høgrebladi, at dei ikkje skynar dette.


Utnemningar. Kand. theol. R. J. Olsen til Sokneprest i Hjøringfjord. Sokneprest i Hole Leganger til Sokneprest i Hurdalen. Sokneprest i Hyllestad Hysing til Sokneprest i Helleland. 
Hjelpeprest i vestre Aker Bakke til Sokneprest paa Kvikne: Hjelpeprest i Hamars Stift Bugge til fast Hjelpeprest i Støren.


Uppreisning til Vinstremann . I Varden er innteket dette: Den svære Prøvelse, som Aslak Houkom har gjennemgaaet, kræver efter vor Mening endnu en anden Opreisning end den, der er bleven ham tildel ved den enstemmige Frifindelse for Overret og Høiesteret. Ogsaa i økonomisk Henseende har Anklagerne tilføiet ham stor Skade. Baade for at erstatte ham denne, og for at vise ham Landsmænds Medfølelse, tror vi, at der bør skydes sammen til ham, saa han ikke til al den øvrige Sorg, han har havt, skal lide et føleligt økonomisk Tab. Dertil kommer saa ogsaa, at i sin dybeste Grund er det for Venstresagens Skyld, han har lidt, og saamegetmere Grund er det for alle frisindede Mennesker til at vise ham, at vi ønsker at gjøre alting godt igjen for ham.

Vi opfordrer derfor Mænd og Kvinder til at indsende Bidrag i dette Øiemed til Vardens Expedisjon i Skien. Redegjørelse for det Indkomne vil blive givet.

V. Ullmann. O. Thomesen. F. O. Jespersen.
P. Rinde. O. Sveinson. M. Øvrom.
S. Klovdal. P. Botnen.
Castberg. H. Larsen.


Straafletting. I Sverike driv dei mykje med Straaflettearbeid, serleg i Dalsland, og i tusundvis av Straahattar vert sende derifraa til Noreg. Styringi tek seg og av Saki og gjer sitt til, at Straaflettingi vert kjend paa fleire og fleire Stader der i Landet. Frøken Lina Jansson hev soleids no fenget Løn for aa reisa ikring i fleire fatige Bygder for aa læra Folk Straafletting.


Stortjovar. I ei Juvelkraambud i Paris vart det stolet Juvelar og Stas for 8 _900.000 Krunur. Tjovarne hadde brukt falske Nyklar og paa den Maaten komet inn i Kraambudi.


Stor Stas . Kjeringi aat den italienske Finansministar skal snart faa seg ein Kjole, som inkje er nokor vanleg Dos. Han skal vera av raud Fløyel og kvit Atlask og kostar 15000 Franks. Det er smaa Gullringar til aa hengja Blomekransar i her og der paa Kjolen og paa Slæpet er det smaa Gullklokkur, som tek til aa ringja, so snart Kjeringi tek til aa rusla og gaa. Kjolen skal brukast fyrste Gongen ved eit Ball, som snart skal haldast i Kvirinalet.


Tyrefekting i Madrid. Dei hev no haldet Tyrefekting i Madrid til Inntekt for dei, som miste Midelen sin ved Jordskjelten i Sudspania. Uksarne vart gjevne av rike Godseigarar og Fektaranne var dei beste, som Landet eig. Kongen, Droningi og mange av dei store var tilstades og saag paa. Ved det Tilhøve kom det alt inn 55000 Franks. Dei beste Plassarne vart betalt med 250 Franks og dei klenaste med 6 Franks.
 
 
Nyt Tidsskrift , No. 1, 1885 inneheld:
 
En Bygdekonge (Kr. Janson). _ Inger Sypige(Alvilde Prydz). _ Spildte Bestræbelser(C. C.) _ Kvindesag og Kvindedragt (Andr. M. Hansen). _ Om Benægtelse af Aarsagsforholdet mellem det materielle og det saakaldte sjælelige (Dr. Jessen). _ Gjensvar til Prof. Fredrik Petersen(Gina Krog). _ Musik(Aimar Grønvold). _ En Malstrøm (meldt av C. C.) _ Holbergs-jubilæet. Georg Brandes,
Festskrift(meldt av J. E. Sars).


Nora, No. 2 inneheld: Eit Innstig hjaa Ola Skjotar. _ Um aa døy tidleg. _ Gjenta, som klagar. _ Kvat er Fedralandet? _ Dei skilde Grefterne. _ Smaatavlor fraa Sudgrønland. _ Fraa Bokheimen. _ Rispur o. s. fr.