Paa Seminaren.

 
(Slutt fraa fyrre No.)
 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.

Du kjære Fedraheim, som strævar so fyr aa berga den beste Eignaluten vaar, Maalet, hev vonleg Hug aa høyra, korleids den same Eignaluten bli værnet om paa ein slik Storskule som eit Seminar.

Som Du veit, er der paa Stord Seminar eit Maalvenarlag, og der er innteknat reint utruleg mange av Skulegutarne som Medlemar. Det var vist i 1877, at nokre varmhjartuge Skulegutar skipad eit Maalvenarlag og skreiv seg som Medlemar i Det norske Samlaget. Det var daa nærmast eit Leselag. Dei sette ihop Logjer og lagde saman Pengar til Bøker. Saki fekk alt meir Studnad av Skulegutarne, og eit handskrevet Blad tok til aa koma ut. No paa det siste gjeng det og bra, og ikring ¾ af Skulegutarne hev teknat seg som Medlemar jamnaste kvart Aar. Slikt er berre nokot Paafunn av Skulegutarne det, skjynar Du, og Læraranne korkje hev voret med elder er med.

Det skulde nok vera slik, at dei gjekk i Fyreenden i norsk Maallære som i andre Fag, men ein kann jamvæl faa ei Teft av, at dei inkje likar heile Greida, dess meir.

Her fyr inkje lengje sidan vilde Maalvenerne gjerne ha 17de Mailag, og Fyremannen gjekk daa til Styrarren og spurde om Lov. Enden vart eit Nei! og so skulde der gjerast Greide paa, kvat Maalvenerne tenkte paa. Kvat 60 Maalvener tenkte paa? Slikt nokot var daa svært. Kvat annat enn aa stræva fyr vaart norske Maal? Det gjer nok inkje Seminarlærarne, maatru. Maalsaki vert endaa til haldet fyr eit faarlegtSamsnakkeemne. Det nyttad soleids inkje aa høyra etter, um me fekk snakka um ho paa Seminaren. Fyr her nokre Aar sidan hadde dei fenget snakka um ho paa eit Par Møte og inkje voret so radt einige, som ventelegt kunde vera. Aa vera ueinige um slikt noko, som denne Maalsagen, skulde nok inkje henda fleire Gonger, og difyr er der væl sagt stop.

At Samhugen med Maalsaki er større no enn daa, at Samsnakk um ho kunde gjera sitt til aa vinna fleire av dei vordende Lærarar fyr denne Folkesak, vert der soleids inkje brytt seg noko um. Ja, daa Fyremannen i Maallaget spurde um Lov til aa ha Samsnakkemøte um Maalsaki der, maatte dei bedast baade tunt og vakkert, fyrr det vart noko av.

Der maatte fyrst gjevast som ei Slag Trygd fyr, at inkje andre enn Maalvener fekk leggja seg fram i. _ Daa eg var paa Seminaren trudde me helder inkje, at det gjekk an aa spyrja nokon av Seminarlærarne, um dei vilde rettleida oss i norsk Maallæra, eingong.

Det er Synd aa segja annat, der er bra mange Timar med Norsk paa Seminaren og Øving baade med Munn og Pen. Anten der no paa Lærebøkerne stend Modersmaalets Grammatik elder Norsk Grammatik, hev eg inkje funnet stort korkje av det eine elder det andre Slaget i nokor av dei. Inkje aa snakka um det skriftlege. Det er no kuvende Dansk, det, med latinske, franske, tyske og kvat andre Slag framande Ord ein Seminaristhause kann finna paa; men Norsk _ var det likt seg. Ja, det skulde daa vera, at ein norsk-norsk kom slengjande med eit og annat Ord, men daa naturlegvis i Anførsel, ei Utmerking, som inkje vert framande Ord til Del.

Det kann under sovorne Forhold sjaa mest spelegt ut fyr, at vaart eiget Maal kann gaa i Gløymebeki. Maalmøti er det einaste, som paalag kann halda Liv i det. Dei vert haldne kvar Laurdagskveld, soframt Fyremannen elder Vara-fyremannen fær Hovudet somykje upp or dei danske Bøkerne sine, at dei hev Tid til det. So avgarde og paa Seminaren i Seminaren i Storm og Stilla, Vetter og Sumar fyr aa snakka nokre Ord um vaart eiget Maal. Soleids lyt ein stela seg til, likesom naar ein vil arbeida fyre norsk Maal paa eit norsk Skulelærarseminarium. Takka til, at ein fekk Tak yver Hovudet paa Seminaren, var det vist ein som skreiv i Fedraheimenifjor. _ Lat gaa! friskt Mot, de norskeGutar, som no strævar paa Skulen; sjaa berre til, at den Dansken, de vert puggat full med heile Vika, inkje veg so mykje, som Norsken, de sjølve ber fram fyr kvarandre eit Par Timar paa ein Laurdagskveld.

Tidi gjekk emd mykje Arbeid og Stræv, so det var mest spelegt fyre Helsa. Og so paa Kontoret Gong etter Gong for aa gjera Greide fyre seg um det elder det. Snart skulde ein ha snakka med ei Gjente elder gaat ein Mole burtetter Vegen saman med ho, snart hadde ein voret so tyrst, at han hadde kaupt seg ein Kjeft med Øl, snart kunde ein ha faatt seg eit Glas Vin med den elder den; snart vart ein uppkallad fyre aa gjera Greide paa, um han var _ forlovad, so ein for aa segja fraa, um han heldt Bergens Tidende . ein annan um han heldt Verdens Gang ; ja dei sae endaa det, at ein, som midt paa ljose Sundagen kom drivande etter Vegen og snakka nokre Ord med ei Kona, han trefte, maatte paa Kantoret og gjera Greide paa det og. Og, sovidt eg veit, viste Skulestyraren all Tidi god Greide fyrr; det galdt berre aa segja den fulle Sanningi, daa han viste alt.

Kven som hadde meldt, fekk ein inkje vita, men det var væl slike, som var brave og pliktuppfyldende, veit eg.

Etter alt dette Staak og Stræv kom Eksamen. Mange trudde, at den var inkje ordnat paa beste Maaten, korkje i den theoretiske elder praktiske Prøva. Me tykte, der var so liti Trygd med det. Ein kunde inkje so sjeldan høyra Smaamurring yver heile Stellet.

Det er vist inkje mange, som med glad Hug og Takksemd ser burt fraa den Plassen, der dei hadde fyrebuat seg til ei vanskeleg og andsvarsfull Gjerd. Med svikne Voner og Harm i Hjartat segjer meir enn ein Farvæl _ kjem so til Heimbygdi so kavdansk i Maal og framand i Aatferd, at Folket hev si gode Moro aat denne Kroppen med Seminardaning.

Det kann under slike Høve vera mest bra, at her er so fullt av ledige Seminaristar, so dei sist heimkomne fær baade minna seg paa Heimemaalet og meire slikt, fyrr dei fær seg Post.

Skulde eg skriva um alt, eg mislikad paa Seminaren, vart det nokk inkje Slutt her, men det fær vera so den Gongen.

Med broderleg Helsing aat Skulegutarne. Lukka til alt og daa iser til Maalstrævet!
 
Sundmørefylket, 14 Februar 1885.
 
M. G .