Juryloven


er no sendt til Justitsnemndi, for at ho skal granska Saki og gjera Innstilling for Tinget. Det vart innmelt tvo Menn til i Nemndi (Stang og Blehr), for at dei skulde faa meir Arbeidshjelp.

Baade Lov og alle Grunnarne for Loven, som Jurynemndi sette ihop, er no trykte og me skal gjeva nokre stutte Meldingar um, korleids det er meint. (Sjaa ellest Fedrah. No. 64 ifjor).

Det skal vera 100 Lagrettesmenn for kvar Lagsokn, av desse skal det takast ut 21 til kvart Lagmannsting, og 6 av desse kann skjotast ut (2 av Advokaten og 4 av den, som er sakad).

Det skal verta 18 nye Embætte (men mange av dei gamle skal inndragast): 6 Lagmenn (Fyremenn i dei 6 Lagmannsdomstolarne), 1 Riksadvokat og 11 Advokatar under honom. Dei hev med Sakingi elder Paatalen aa gjera og med Ettersporing av Lovbrot og skal agta paa, at Loven vert rett gjenomførd. 
Det er Riksadvokaten, som hev med aa avgjera, um ein skal sakast, naar det gjeldst paa, um ein skal hava Livsstraff elder Tvangsarbeid paa Livetidi. I mindre Saker, for Trimannsdomstolen, er det ikkje Advokatarne, men Politiet, som skal spora upp det som er galet gjort, naar det daa ikkje berre er private Saker.

Naar ein er mistenkt for noko, skal han ikkje venta lenger enn 8 Dagar, fyrr han fær vita, anten det vert Sak elder ikkje. Og i Tilfelle, at det vert Sak, skal han faa vita, kva han er sakad for, og kva Domstol han skal møta for. Det vert daa forkynt honom ved Stemmevitne, og det vert nemnt upp ein 
Verjar for honom, og han skal og faa vita kva Prov dei er tenkte paa aa setja mot honom.

For Domstolarne skal Forhandlingarne vera muntlege. Formannen fører Ordet og avgjer, korleids Saki skal takast og agtar paa, at det ikkje dreg for langt ut ifraa Saki.

Soframt den som er sakad, ikkje stend til med det same, skal Klagaren gjeva ei Utgreiding av det, som det gjeldst um, og er det daa eit elder anna, som han ikkje gjer tydelegt nok, so kann det krevjast betre Forklaaring av honom. So tek han til aa spyrja ut Vitni. Naar so han er ferdug, les Formannen upp Forklaaringi, som den saksøkte hev gje
vet og spør honom, um han hev noko aa leggja til elder endra.

So fær Verjaren Ordet og fører fram sine Vitnesburdar. Klagar og Verjar kann faa Ordet tvo Gong kvar, likeeins dne saksøkte. Møtet skal ikkje slutta, fyrr det er gjort Dom.

For at nokon skal dømast skuldig, krevst det i Lagmannsdomstolen, at aatte Mann er samstelte og i Femmannsdomstolen fire og i Trimannsdomstolen tvo. Til alle andre Avgjerder krevst det berre reint Fleirtal.