Fraa Sørfjorden.


Det gror raskt i Folkelivet vaart no um Dagar: den eine Vaarblomen skyt upp etter den andre. Det er reint hugnasamt aa sjaa korleids Hugen etter aa fylgja med og tenkja yver alle dei aandelege Spursmaali, som er uppe i Tidi, hev byrjat vakna hjaa Kvinna og Mann. Det gjev best sitt Uttrykk i alle dei Samtalelag og Leselag, som veks fram rundt Landet.

Sundagskveld, 8de d. M., samlast me att paa Børve for aa ordna alt saman til eit fast Samtalelag _ Børve og Sekse Samtalelag. Fyrr hev me nemlig haldet Møte utan noko serskilt Styre og ordnat Lag. Dei hev fengjet møtt fram, dei som vilde, voret med i Ordskifti og høyrt paa Fyredrag. Det var naudsynlegt at detta kom inkje til aa vilja halda seg i Lengdi. Og so tenkte me, at der i Røyndi vilde verta mest vunnet ved Samanslutning.

Eit Utkast til Lovar for Samtalelaget vart uppleset og samrøystes vedteket. Det skal vera Samtalelaget sitt Fyremaal aa arbeida for og framhjelpa Upplysningen i Bygdi. Eit Forslag vart framsett um aa melda Samtalelaget inn i Det norske Samlaget, som vart utsett til eit seinare Møte. Det vart innmelde paalag 20 Medlemar _ Menn og Kvinnor. Aarspengarne vart sette til 50 Øyror for Menn og 30 Øyror for Kvinnor. Til Styre vart valde: Per K. Børve, Oddm. Sekse og Svein Børve jr.

Seinare paa Kveldne heldt Folkehøgskulelærar Andreas Austlid eit Fyredrag um Heidningefolks Truer, serleg talad han Grekaranne.

Eg hev Trang til aa segja min Takk til Læraranne paa Ullensvangs Folkehøgskule for all den Godvilje dei hev synt fram ved aa halda Fyredrag aat oss, so ofta dei hev komet til med det.

So tilslutt eit Ord til Ungdomen vaar. Slutt Dykk til Samtalelagi elder Leselagi i Heimegrendi Dykkar, og um der inkje er, sjaa til aa faa ordnad slike Lag _ og de skal inkje trega paa det. Lat oss snu um fraa alt det laage i Livet, og liva eit fagert og reint Ungdomsliv, so naar me er komen upp i Alderdomen med kvit Krans kring Panna, me daa kann sjaa attende paa Ungdomslivet vaart med Gleda, og inkje lyt segja med Sorg i Hjartat: Aa, eg Usæling, eg hev livt til inkjes .
 
14 _2 _85.

B.