[Tidender.] Kjetil Motzfeldt


hev voret ein grum Gut for Høgre paa det siste, og Bladi deira hev kytt av honom, so det var ei Syn. Men best det er, slær han seg rang atter den Guten og fær sine eigne Vegjer, soleids som han no gjorde det um Tysdagen.

Høgrebladi hadde gjort slik Staak med det, at det var stolet nokre Pengebrev fraa det Posthuset, som Sivert Nielsen er Styrar for; det var medan han var burte paa Stortinget. Det maatte daa vera han, som laut hava Skuldi for dette, meinte dei, og var so urimeleg grove.

Naar det barst til i Tinget, so var det ikkje ein einaste Høgremann eingong, som vilde leggja Nielsen dette til Last, alle røystad dei for, at Rikskassa maatte betala. _

Morgenbladet er so slakket som ein bankad Hund.

Og ikkje nok med det, men Motzfeldt gav dei ein Klapp attpaa, som ikkje var so god. 
Det var ingen Mann i Salen, meinte han, som heldt det for, at Nielsen her bar nokor Skuld, so det kunde kanskje ikkje trengjast, at han sagde noko, men han vilde likavæl protestere mod de skamløse Udbrud i Pressen, som var komne tilorde i Anledning denne Sag, og som han trudde skrev sig fra en elendig Partiaand. Han vilde sætte dem i samme Klasse som disse skamløse Anfald paa et af Regjeringens Medlemmer, so vi har seet de allersidste Dage. Han trudde det var godt, at dette vart sagt.

Men so fekk ogso Motzfeldt si Paaskrift av Morgenbl. Dagen etterpaa; han forstod daa ikkje noko av Saki, han og han stadfæstede det Omdømme Almenheden allerede længe har havt om ham, at han uden Hensyn til Sag ligger under for personlige Interesser.

Det er berre Moro for oss aa sjaa paa, naar Høgre slæst; Vinstre kann meir spara seg Møda no, dei avliver kvarandre godt nok sjølve. Naar eit Rike vert uforligt segimillom, so veit ein kvat Veg det gjeng.