Tidender.

 
Kristiania, den 23de Januar.

En af 9de Junibeslutningens Følger kallar Aftenp. det, at Sverdrup fekk Storkors i Olafsordenen. At han vart Statsministar det kunde dei endaa tola, for det var inkje so vist aa vita, kor lenge den Herlegdomen kunde standa; ein Dag upp og den andre ned atter, meinte dei væl. Men at han, som heile Tidi inkje hev gjort annat enn aa undergrava Kongemagti skulde faa Monarkiets høieste Udmærkelsestegn _ nei det var Toppen av all Skamm og Skjemsle. For det kann ingen taka fraa honom atter, det maa han hava heile si Tid _ Merkjet um Kongens høgste Naade. Og det visar, at Kongen nok inkje tenkjer paa aa skilja seg av med honom so snart, som dei vonad. Heile Høgre er tekne av Rædsla.


Han er ingen Statsmann , Sverdrup, segjer Morgenbl., og det fortel sjølv, at det hev sagt nett det sama like sidan 26de Juni, daa han vart Statsministar. Og minnest me inkje galet, so hev Morgenbl. sagt nett det sama i mange Aar. Det hev meir enn ein Gong klagat seg for, at Sverdrup inkje hadde Dugleik som Statsmann, so Kongen kunne gjera honom til Ministar elder i det minste til Statsraad. Stutt og greidt: Sverdrup hev voret berre ein Uppviglar. Og Morgenbl. kann nok hava god Grunn til aa laata ille, naar det ser attende paa den lange Radi av Statsmenn av sin eigen Skule, som hev raadt her i Landet no sidan 1860. _ Stang styrde mot Riksrett, so gjekk han; Selmer styrde inn i Riksretten og han vart jagad; og Schweigaard, Løvenskiold og Lars Dahll, dei gjekk sin Veg, sosnart det tok til aa ruska i dei laaslause Byrsurne. Sanneleg, naar Morgbl. ser attende paa alle desse Karar, som hev voret Statsmenn og som var skapte i Morgbl.seiget Bilæte, so hev det all god Grunn til aa korsa seg og segja: Sverdrup er inkje nokon Statsmann, det er inkje same Gjerdi paa honom, som paa desse andre.
 
 
Maalsaki. Ogso i Kristiania tok dei no upp Maalsaki til Ordskifting. Folkeskolelærerforeningenhadde igaar Møte, der Formannen heldt eit vonom lenger Fyredrag og greidde ut Saki allvist fraa den historiske og den nasjonale Sida, og viste kvat Rett det norske Maalet hadde, og kvat Verde det hadde for vaart nasjonale Liv.
Ordskiftet skal haldast fram i næste Møtet.


Vinstreforeiningi i Innviki (Fjordarne) hev gjort Vedtak um, at Framhjelp av Landsmaalet, soleids som Sognemøtet kravde det, skal vera med i Programmet.


Folkehøgskular paa Island. Paa Island hev dei ogso teket til med Folkehøgskular. Det er ein Islending, som hev driv med det, Gudmund Hjaltason, han heldt seg her i Norig for nokre Aar sidan. Fyrste Aaret han skulad, 1881, hadde han berre 2 Ungdomar, som var paa Skulen 1 Maane; det andre Aaret hadde han 8 faste i 5 Maanar, det tridje Aaret hadde han 11, og no iaar hev han 24, so det er likeso mange hjaa honom som paa Realskulen. Han fekk Pengehjelp ogso det siste Aaret: 300 Kr. fraa Landskassa og 100 Kr. fraa eit Framstigssamlag, ialt 600 Kr., so at Ungdomarne kunde faa fritt Hus og Lære og han sjølv endaa 300 Kr. i Løn.


Kyrkje og Stat. I England er det eit Samlag, som arbeider paa aa faa Kyrkja og Staten skilde. Samlagsmedlemerne hev alt teket til aa arbeida for Tankarne sine, og paa eit Møte vart det vedteket, at dei til komande Tingval skulde sjaa til aa faa so mange som mogelegt av sine Tankefrendar inn i Tinget. At der er ei slik Rørsle i England er rimelegt, daa Fleirtalet av Folket er Disenterar.

Statsraadarne skal no faa seg Mundering, Sabel, Gullbordur og trikantad Hatt. Det er væl ingen av dei, som bryr seg noko serskilt um slik Stas, men det er Von, at Kongen likar det best so. Dei tek til aa faa Ordenar ogso Johan Sverdrup vart utnemnd til Storkors av St. Olafsordenen og Statsraadarne Stang og Jak. Sverdrup til Riddarar i same Orden.


Det byrjar nok drysja meir med Gull og Stjernur yver Vinstre og no, ser det ut for.

Det er væl mange, som mislikar slik ein Glim, men me trur inkje det gjer so stort, me hev den Tru um Statsraadarne vaare, at det vart same Kararne, um dei so vart heilt forgylde. Og me fær hugsa paa, at det finst store Flokkar endaa i Landet, som trur, at det er ingen Vyrdnad ved Karen, utan det fylgjer Glim og Gullglans med honom. Det er berre i store og langt framkomne Land, som England, Frankrike og Amerika, at dei tek Mannen for det han er i seg sjølv, og difor kann tola aa sjaa Ministrarne sine utan anna Prydnad enn heile og reine Klæde.


Advokat Quam er utnemnd til Landsdomar i Gauldalen, L. Oftedal til Sokneprest i Petri Sokn, Stavanger.


Bjørnstjerne Bjørnson hev voret sjuk og lotet halde Sengi no i det siste. Han er no i Betring.


Ein Byrettsdom. Verd. Gang skreiv ifjor um ei Bok, som Kristendommens Venner sende ut, at ho gjekk ut paa i Kristendommens Navn at faa fastløiet den Paastand, at vort Folk ikke skjønner Forskjel paa absolut Veto og Absolutisme. Upproparanne lagde Sak mot Verd. G. Byretten hev no dømt Redaktør Thommessen til aa betala Kr. 50 i Bøter og Kr. 60 i Umkostningar for Skrivingi si. Det var ein av Domaranne, som vilde, at Thommessen skulde verta frikjend, han meinte, at V. G. inkje hadde skrivet anna enn som sant var.


Formannskapsvalet i Kristiansund kjem vonleg til aa verta umgjort, daa det var med 5 Mann og gav Røystesetlar, som inkje hadde Rett til det. Og baade Parti var so like, at hadde inkje desse voret med, so hadde Vinstre fenget 2 elder 3 av sine valde, istadenfor at no Høgre vann.


Skirenn. Sundag var det Præmiskirenn i Nydalen. Student Bechholmvar den beste. Den 2dre Februar skal Husebyrennet vera. Dei vil taka upp Langskeidet atter iaar, og det er sagt, at det vil verta lenger enn nokosinn fyrr.


Brita Øyjord i Kvinnherad er 104 Aar gamall. Ho hev voret gift 2 Gonger. I fyrste Ækteskapet hadde ho inkje Born; men i det andre fekk ho ei Gjente, og no er Gamla for lenge sidan Gamalgodmor aat Borneborni hennar. Brita hev altid havt god Helse og kropsleg Styrkje. Daa ho var 100 Aar gamall, bar ho ½ Tunne Rug ei ½ Mil. Endaa er ho uppe og steller med alt som høyrer Hushaldet til.


Rart Fiskje. Tunsbergs Bladfortel, at dei paa ei Grynne, som heiter Trælen, vart var, at det stod Torsk under Isen. Dei hogde daa Hol og fekk Tak i ei 5 _6, som var ihelfrosne. Men daa dei skulde til aa sjaa, var det likeins yver heile Grynna. Det vart no hogget Hol i Hol og mykjen Fisk vart uppdregen. Ein Mann fekk soleids 200 um Fredagen og 300 um Laurdagen. Fisken var baade stor og feit, og Fiskaranne fekk god Like for Umaken.

Dei trur, at Fisken er innjagad av Uveer, og so hev han froset ihel, naar han kom paa so grunt Vatn.


Elg. Dei ser Elgsdyr innmed Gararne ei Mil utanfor Byen no.


Utanfor Statskyrkja stend det i Danmark 17,526 Menneskje. Fjordedelen av desse var Jødar, og mest likeso mange Baptistar. 1074 skreiv paa Folketalslisturne, at dei ingen Religion hadde; nokre av desse kallad seg for Fritenkjarar, andre for Ateistar, Femtedelen av desse var under 20 Aar, 59 under 5 Aar og 7 under 1 Aar: av Menn var det 794, av Kvende 280.


Bismarck vert 70 Aar den 1ste April d. A. Høgre i Tyskland er tenkte paa aa samle Pengar til ei Heidersgaava, som den store Mannen skal faa paa Fødelsdagen sin, og der er alt nedsett ei Nemnd til aa taka seg av Saki.


Høg Alder. I Zerbst (Sachsen) døydde for nokre Dagar sidan ein Bonde, som var 109 Aar gamall.


I 1884 flutte det yver til Amerika 453,983; i 1883 var det 560,196 som søkte seg ein ny Heim paa den andre Sida av Havet.


Fritenkjarsamlag. I Paris er det ei Foreining, som kallar seg Anti-Deistarne (Dei som er mot Gud). Dei hev til Fyremaal aa strida mot Gud og all Religion. I § 2 i Lovarne deira stend det, at Fyremaalet er aa faa burt Ordet Gud utor alle Maal. Daa Gud berre er noko Tankespune, so hev Namnet inkje noko paa seg. Det hev difor helder ingen Rett til aa vera til.


Turken hev gjort strenge Boder um, at Jødar inkje skal faa slaa seg ned i Palæstina.
Dei skal berre faa reisa som Pilegrimar og inkje halda seg lenger i Landet enn 1 Maane.


Etter Jordskjelten. Ein Mann i Madrid skriv til Bladet Voss. Zeit ., at dei sume Stader i Granada i Spania, hev merkt seg, at Soli kjem upp paalag ein halv Time seinare, enn ho hev gjort fyrr paa denne Aarstidi. Brevskrivaren meinar, at Grunnen til dette er den, at Sjerra Nevada (nokre Fjell) hev vortet skipla under Jordskjelten, so dei no er nokre 100 Meter høgre enn fyrr. Dette er likevel litet trulegt. Rimelegare er det, at Lufti hev fenget ein Tilsetnad, so ho bryt Solstraalarne anderleides enn vanlegt.


Sibiriakoff heiter ein Russar, som hev reist mykje i Sibiria for aa finna den beste Handelsvegen dit. No nyleg hev han skrivet fraa Irkutsk til det geografiske Selskap i Bremen, at han hev siglt upp etter Elvi Petsjora og so køyrt med Rein yver Uralfjelli til der Elvi Obj i Sibiria byrjar.


Berre Tap hev det gjevet aa føra froset Kjøt fraa Australia til England.


I Berlin er det mange, som inkje gjer Skil paa mitt og ditt. Etter som eit Blad der i Byen skriv, so gjeng det inkje ein Dag, utan det vert gjort mange Innbrot; naar Smaating kjem burt, bryr Folk seg sjeldan med aa melda det for Politiet. No Natt til onsdag braut nokre Tjovar seg inn til ein Gartnar i Bismarcksstrasze og stal eit heilt Sentner Erter, som dei laugad upp etter Stegar og yver Muren.


I Ruslandkann henda mangt rart. No for nokot sidan kom 2 Karar inn til ein Embættsmann i ein Smaaby og sagde, at dei var utsende fraa Styringi i St. Petersborg, og at dei skulde sjaa gjenom Kasseboki og Pengekassa hans. Dei gjorde daa det og fann alt i Orden. So tok dei Kassa og gjekk sin Veg og ingen hev spurt til dei sidan.