Santalmisjonen


hev no arbeidt i 17 Aar, og Kristendomen hev fenget Inngang i 250 Lansbyar; det er ho paalag 3500 vaksne kristne, og reiknar ein Borni med, so er det 10,000; dei hev daa delt seg paa mange Sokner, kvar Sokn hev ein Lærar og tvo eldste. I Aaret 1883 _84 vart det døypt 89 Heidningar og 101 Born. 40 Menn og 6 Kvinnur reiser umkring og preikar og held Tilsyn med Soknelagi. Børresen og Skrefsrud hev voret der ifraa det fyrste, og no hev dei fenget tvo Prestar ifraa Norig til aa hjelpa seg, Pahle og Berg. 5 Santalar er vigde til Prestar. Det er 102 Skular, som fær Tilskot av Staten, men som Misjonen kostar ellest, der gjeng det 2 _3000 Born, og det er berre Santalar som er baade Lærarar og Tilsynsmenn. Der er tvo høgre Skular med 205 Born. Fyrstelæraranne paa dei, er den eine ein Skottlending, den andre ein Nordmann, som heiter Bunkholdt. Det gjeng 30 Gutar der, som inkje er døypte endaa, men likevæl er med i Religionsundervisningi. I øvste Klassen les dei attaat Heimemaalet sitt ogso Engelsk. Der er ein serskilt Klasse for dei, som vil verta Prestar. Utanfor Skuletidi vert alle strengt tilhaldne aa arbeida med Kroppen. Paa den høgre Gjenteskulen gjeng det innmot 100, der hev dei millom annat Upplæring i Hus-stell 3 Timar til kvar Dag.

Misjonen eig fulle Trykkjegreidur, og Maal-lære og Ordbok i Santalmaalet hev dei fenget for lenge sidan, Bibelen og andre Bøker held dei paa med aa setja um. Utvalde Skrifter av Bibelen, Skulebøker og Salmebøker hev dei alt ferdugt, dei held paa og skal faa seg ei ny Salmebok no med mange nye Santalsalmar.

Daa det vart trongrømt i Landet, drog Misjonærarne i 1881 iveg med 60 kristne Huslydar nordvest til Assam tett uppunder Himalajafjelli og sette der ei Nybygd, som no hev vakset og trivst godt. Dei hev ein Hovding og ein Santalprest til aa styra seg. Dei hev no 8 Landsbyar, hev dyrkat upp mykje Jord, og betalar jamt paa Laanet, dei tok, og sender jamvæl Pengar aat fatigt Skyldfolk i Heimbygderne. Dei hev bygt seg ei Kyrkje, som rømer 1000 Mann, og reist tvo Skular med 60 Gutar og 60 Gjentur i kvar. Og dei preikar Gudsordet for Heidningarne kringum. Presten hev alt døypt 50, imillom desse ein Brahmin.

Soknerne ber Utgifterne sine sjølve, men det er Gaavur utanfraa, som maa kosta Misjonærararne og Læraranne fraa Evropa og Storskularne o.s.v. Reikneskapen for Aaret 1ste April 1883 _31te Mars 1884 visar at Inntekterne var 112,025 Kr. og Utgifterne 65,467 Kr. Av desse Inntekterne kom 15,930 Kr. fraa England og Skotland, 48,935 Kr. fraa Danmark, 33,816 Kr. fraa Norig, og 7,712 Kr. fraa Sverik. Av Utgifterne gjekk 15,040 Kr. til Misjonærarne, 10,522 Kr. til Assam, 5,486 Kr. til Ebenezer-Stasjonen, 6,670 Kr. til Kosthald for Skoleungdom, 5,108 Kr. til Lærarar og eldste.


I eit Brev til Bladet Santalen fortel Børresen, at mange Heidningar er døypte atter, 62 berre i Oktober. Um den store Matnaudi, som var i Santalistan ifjor, hev han skrevet
ei Bok, som han vil leggja fram for dei høgste Embættsmennerne, for at det skal synast, kvat Nordlendingarne hev gjort for Santalarne, utan at Styringi hev gjort so mykje som rørt ein Finger.

Santalpresten Surju skriv um dette soleids, i eit Takkebrev til Misjonsvener:

Her i Landet var det siste Aaret likt eit Hungersaar. Folk var magtstolne av Hunger. Gjekk dei ut og skulde beda, so var det Inkje aa faa for dei, gjekk dei aat Pengelaanaranne, vilde dei inkje gjeva dei noko. Dei sagde: Me hev Inkje, kvar ifraa skal me gjeva Dykk? Dei baud Bøflarne og Uksarne sine i Pant, men dei vilde likevæl ikkje gjeva. Folk var magtstolne av Hunger og saag ut som Beingrindar. Dei kom til Misjonsstaderne og sagde: Me hev Inkje til aa eta, aa gjev oss Mat, Borni vaare skrik av Svolte, gjev oss noko til aa eta, me magtar inkje aa arbeida, me forkjemst av Hunger. I tvo _ tri Vikur hev me haldet Liv i oss med Blad og Røter! Tennerne deira saag svarte ut. Fraa Morgon og til Kveld, og fraa Kveld og til Morgon kringsette dei Misjonsstaderne. Naar me sagde aat dei: Her er Inkje til aa faa idag, so svarad dei: Korleids skal me kunna ganga heim utan aa hava noko med oss. Naar Kone og Born ser, at me kjem att tomhendes, vild dei graata seg til Døds. Me kann inkje ganga heim tomhendes. Aa, gak til Benagaria (Ebenezer) til Papa og faa i noko aat oss til aa eta! So gjekk eg til Papa og sagde: Dei hev lagt seg umkring Huset mitt som Uksar og vil inkje standa upp og ganga. Papa sagde: Fraa Brøderne vaare i Evropa hev me fenget lidt Hjelp, tak dette og del ut millom dei, som lid Naud. So gjekk eg attende og delte ut millom dei. Dei skynad daa, baade Jalha-arne og Muhamedanarne og Hinduarne, at av Misjonærarne vart dei hjulpne. Det kom kvar ein Dag Folk som leid Naud, og me hjalp dei. Heidningarne segjer: Dersom inkje Misjonærarne var, so vilde dette Landet verta øydt, og Folket vilde døy av Hunger, likesom Bladi folnar og fell av Trei. Brøderne hev ved Dykkar Kjærleik og Herrens Miskunn fenget stor Hjelp. Millom Heidningarne gled dei seg og, for dei segjer: Var inkje Misjonærarne, so vilde vaare Lidingar verta store.