[Tidender.] Yverfall i Eimvogni.


Paa jarnvegen millom Karkow og Nikolev (Rusland), hende det nyleg, at ein Agent for eit stort Handelshus, som handlad med Korn i Königsberg, steig inn i ei 3die Klasses Vogn i Voldjanaga. Ein Mann kom daa burt til honom og sagde, at han gjorde rettare i aa ganga inn i ein 2dre Klasses Vogn; han gjorde daa det og sagde til Konduktøren, at han skulde leggja til so mykje, som det den Plassen han no hadde var dyrare.

I Vogni, han var komen i, var det mange Folk, og alle sov dei. Agenten sette seg og lest sova; men ellest var han ottefull, daa han hadde mange Pengar paa seg. Med eit so høyrde han, at Konduktøren vekte dei som sov. Dei trudde daa alle, at Agenten sov og vilde til aa strøypa honom; men Agenten var sterk og greidde Ugjerningsmennerne ifraa seg, so han kom ut paa Gangbrettet. Men dei kom etter honom og trykte honom inn i Vogni att. No var dei komne til ein Stasjon, og med dei heldt paa med Slaastingi, kom Agenten til aa spenna ut ei Glasrute i Vogni. Der kom daa Soldater til og vilde taka Valdsmennerne; men dei sagde, at dei heldt paa aa fengsla ein Lummetjuv. Agenten vart daa sett fast, og dei andre var inkje seine til aa taka Beini fatt, sosnart Soldatarne var komne av Syne.

Agenten slapp laus att, sosnart han hadde sagt fraa korleids alt var gjenget til, og Politiet skundad seg daa for aa faa Tak i dei rette Brotsmennerne; men daa var dei ingen Stad aa finna.