[Tidender.] Tyskland.

 
Daa Landdagen i Preusen vart opna, sagde Ministaren i Trontalen, at Granneriki rundt ikring var venlegt stemte mot Preusen.

Um dette skriv ein Mann i Berliner Tageblatt paalag som so:

Um inkje alle Grannarne vaare nettupp er Venerne vaare, so er no Styringarne deira velsinnade mot oss. For ser ein nærare til, so finn ein, at det er ein Hake ved Venskapen for oss Tyskarar. Styringi i Frankrike kann vera nok so einig med vaare Styresmenn i Spursmaalet um Nybygderne elder um Ægypten; men likevæl vil ho snaudt nok kunne endra den Kjensla, som Franskmennerne hev mot Tyskland. At me er ille likt i Spania, det løyner inkje Styringi der. Kvatslag Sinnelag Sweitz, Holland og Belgia hev mot oss, vil ingen, som kjenner desse Landi, rett tvila paa, like so litet som paa den Kjensla Danmark og Skandinavia i det heile hev for oss. Korleids Sakerne vaare stend i Italia, det fekk me god Greide paa, daa den italienske Bladmannen vart jagad burt fraa Berlin, og me fekk høyra, kvat Bladi i Heimlandet hans las upp for oss. Det er helderinkje løynt, korleids me er lika av dei serskilde Folkeslag i Austrike; ingen av dei vil vita av oss. Og so Rusland. Ein kann vel inkje tala um nokor Folkemeining der; men Folkekjensla er so mykje imot oss, som ho kann vera. Og medan det soleids er Venskap millom oss og Styringarne i Grannerike, so er det berre England, som inkje skyr oss, endaa Styringi der er den einaste, som Bismarck kranglar med. Det store Ord Vener rundt ikring hev likevæl praktisk Verd; men me fær inkje lita formykje paa Venskapen, for han hev inkje annat enn Styringarne aa stydja seg til og kann kverva reint burt ved det fyrste det beste Ministarskiftet.