[Tidender.] Romsdals Amts Vinstreforeining

 
(44 Bygdesamlag, 5000 Medlemer, 88 Utsendingar) hev havt Stormøte.

Formannen greidde ut um Vinstreprogrammet. Styret for Amtsforeiningi hadde der sett Maalsaki som No. 1, dei hadde haldet henne for aa vera den sterke Understraumen i heile Programmet. Det maatte serskilt liggja for Bygdesamlagi aa taka seg av henne. Talaren trudde, at ingen Ting var meir lagleg til aa vekkja Folkereisning enn Maalsaki. Den politiske Striden hadde voret mykje aandlaus, dei hadde stridt meir um Lovparagraffar enn set etter Folks aandelege Krav. Vedkjensla av Maalsaki vilde spara slike Strider og samla oss som eit norskt Folk. Inkje noko hadde skjemt Norig meir, enn at det miste Maalet sitt.

Dette Vedtaket gjorde dei samrøystes:

Daa me alle er glad i det, som er vunnet, Retten til at styre oss sjølve, so maa det vera ei Hovudsak aa taka denne i Bruk ved aa arbeide fram alt, som er tenlegt for Land og Folk; serlegt kann her nemnast aa faa ein betre ordnat og verkeleg norsk Skule, ein Folkeskule, som svarar til sitt Namn, sovel som norsk Skule for Lærarar og Embættsmenn; at føra gjenom Sjølvstyre i Kyrkja; at spara paa ein fornuftig Maate, taka burt alle unødvendige Embætte, gjera Herstellet billigare o.s.v. Ved dette Arbeide vil me ikkje berre i Ord, men i Gjerning stydja den Regjeringi, me no hev.

Jurysaki trudde dei det var best berre aa yverlata Stortinget aa greida, likeins Hersaki, men her meinte dei likevæl, at Saki endaa snaudt var so klaar for Folk, at dei vilde lika det noko vidare, um det fyrste Stortinget gjorde nokor Avgjerd um Herstellet; dei meinte, at det var eit rimelegt Krav fraa Veljaranne, at dei i so stor ei Sak fekk segja si Meining gjenom Vali fyrst.

Um Stortingsvalet sagde dei, at soframt det skulde verta Tale um nye Menn, so maatte dei helst sjaa til aa faa berre Bønder.