[Tidender.] England.

 
Statsraadarne Dilkes og Chamberlain hev no reist ikring og haldet Talar paa store Folkemøte, og baade hev dei voret samde um, at Valloven, som nyleg er vedteken og Umordningi av Valkrinsarne, som snart skal fram i Tinget, kjem til aa gjera ei stor demokratisk Umveltning i Landet. Dilkes sagde soleids einstad, at av dei 5 Millionar, som no hev Røysterett, vil dei, som denne siste Valloven gjorde til mynduge Menn, koma til aa faa Yvertaket, sosant dei veit aa bruka Magti si paa rett Maate. Han trudde og, at dei, som no kallar seg konservative um stutt Tid vilde kverva reint burt.

Med Tidi vilde det trulegt skipa seg eit nytt Parti, som vilde kalla seg konservativt; men det
vilde vera stor Skilnad paa det, og det som no er. Iminsto kjende han seg stød paa, at dei konservative heretter Dags inkje vilde setja seg ut for aa misse all Magti si ved aa halda blindt paa det gamle.

Chamberlain hev nyleg haldet ein Tale, der han nemner nokot av det, som han trur vil
verta dei frilynde sitt Program i Framtidi. Dei vigtugaste Ting i dette skulde daa vera: Fri Undervisning i Skulen, Vidking av Sjølvstyret i Bygderne, Utstykkjing av Jord til Landarbeidaranne, ei Umvøling av Loven um Jordleige, Skatt av Innkomurne utlikna paa ein rettferdug Maate.

Som me ser, so er det inkje Smaating Ministaren hev haldet fram, og eit Blad tykkjer og, at dette um aa luta ut Jord aat Arbeidaranne inkje vil verta greidt aa gjenomføra; men vert Folket fyrst mogje for ei slik sosial Umvøling, so gjeng det nok. Det hev hendt væl so utrulege Ting fyrr.