[Tidender.] Eit Ovbeist.


Fraa Iowa i Amerika fortel dei, at det hev vortet drepet eit Dyr so stort, at ingen hev set Maken.

Ein Bonde hadde ei stor Grisetrø, 100 Griser. Men i dei siste Dagarne var det burtkomet 10 av dei største paa ein underleg Maate; for det var ein Skidgard kringum, som var 3 Alner høg, men ein saag inkje Merkje paa, at det var skadt, og ei Hundsbikkje gjætte der baade Dag og Natt, men ingen Ting var høyrt ifraa henne elder. So tok han Rifla med seg og stelte seg upp for aa vakta sjølv ei Natt. Ingenting korkje saag elder høyrde han heile Notti annat enn ei uvanleg Plaskring i Elvi. Og i Solrenningi heldt han paa og vilde ganga heim att, daa han fær sjaa det kjem noko krjupande upp ifraa Elvi og imot Trøi, og det var so stort, at han kunde inkje skyna kvat det munde vera. Daa det kom til Skidgarden, berre lyfte det Hovudet i Veeret og slengde ein Del av Kroppen innanfor, nappad ein Gris paa 300 Pund og tok honom i ein Glefs, paa Hovudet nær, som vart attliggjande. So snudde det seg og drog til Elvi att. Han skaut paa, at det maatte vera paalag 80 Fot langt, Føterne 3 Fot lange og so digre som ein Mannabul, og naar det gjekk var det 8 Fot høgt. Rova var 20 Fot. Det var ingen, som trudde, at det var sant det, som Bonden fortalde um Storleik og sovoret, men dei skynad daa likevæl, at det maatte hava voret eitkvart, som hadde reist med Griserne. Og Gjetordet for umkring, og um ei liti Stund var 40 _50 Mann paa Vegjen ut til Farmen. Dyret vart set ei Mil nedanfor, dei skaut paa det, men det gjorde ingen Mun, annat enn at det heiv seg fram or Elvi og greip ein Hest og drog aat seg, det var berre sovidt, at Eigaren kom seg undan. Dyret for ut med Straumen, dei saag kor den svære Kroppen baskad og ledad paa seg under Vatnet. Mannaflokken aukad, Kl. 12 var det 2000 Menneskje, som fylgde med. Daa dei fyrr Kl. 3 hadde skotet 10,000 Skot paa Dyret, skynad dei, at med Byrsur kunde dei ingen Veg koma; dei sende daa Bod til Byen og fekk i ein Kanon og med honom fekk dei endeleg tyna Dyret. Med det same dei skaut, kom det ei ynkeleg Jamring og so ein Blodstraum, som fargad Vatnet raudt. Dei fekk kastat Traassur um Hovudet paa det, og 12 Uksar drog det upp paa Strandi.

Det var fyrst uppmælt, og det synte seg daa, at det var 81 Fot faa Nasen til Rovetippen, fraa Frambeinet til Nasen 19 Fot, millom Framfot og Bakfot 40 Fot, Rova 40 Fot. Hjartat vog 80 Pund.

Dyret vart umhugleg flaatt og Skinnet sendt til den naturvitenskaplege Samlingi i Filadelfia for aa stoppast ut, Beingrindi vart utstelt i den nærmaste Byen, Oskalosa. Ein Vitenskapsmann meinte, at Dyret var ei Fjorføtle av eit Slag, som Folk hev trutt var burtdøydt for mange Tusund Aar.

Han baud 50 Dollars for berre ei Tann, ho var 17 ½ Tume lang.