[Tidender.] Det hev voret væl mykje Strid

 
millom Maalmennerne i Bladet vaart paa det siste, og Tonen hev inkje altid voret so væn, som han burde. Det var inkje væl, um dette vart ført for vidt, so det lagad seg til fleire Klovningar i Maalvegen. Maalmannsflokken er endaa inkje sterkare enn at han maa halda ihop i eit traust Arbeidslag.

Men paa den andre Sida vil me difor inkje hava nokon avtalt fraa aa gjera seg upp sine eigne Meiningar um Maalverket vaart for Framtidi; berre han inkje skil Lag med dei andre elder skapar Ufred og Uvenskap, so er det tvertimot godt og gagnlegt, at det vert greidt upp, korleids Maalvegjerne er, elder vonleg vil gjerast i Framtidi. Naar Stellingi er greid, og alle veit kvar dei stend, so vil Folk likevæl kunna arbeida saman i det større, paa den Maaten, som mest munar, um dei og hev sine Uner til aa draga aat serskilde Leider, naar det er slike Høve, at det inkje skader Arbeidet i det heile.

Det er paa tri Maatar Maalmennerne hev det, tri forskjellige Synsmaatar, som Maalarbeidet er bygd paa.

Paa den eineSida er Kravet soleids, at me maa reisa eit nasjonalt Bokmaal paa Grunnlag av Gamalnorsken og dei Bygdemaal, som er mest i Ætt med honom, og som difor er meist heile og vælhaldne i all sin Bunad. Arbeidet maa daa ganga ut paa fyrst aa greida ut og stella ihop denne norske Bunaden og so reinska ut alt, som er framandt og ingen Grunn hev i det gamle, so at det Meinhogget, som Danskeveldet hev gjevet oss, maa heilast reint.
 
Andreer Maalmenn, fordi dei trur, at det einast er gjenom norskt Maal er mogelegt for Bonden aa eigna til seg den aalmenne evropæiske Kulturen, Maalet vert daa som eit Sveip til aa bera desse Tankarne fram, og det vil daa helst faa det Laget, som høver best til dette Innhaldet. Og Maalsaki vil daa nærmast finna sin Plass i Skulen og Folkeupplysningi si Tenest.

Det tredjeSlaget held seg til Maalsaki, fordi dei trur, at fyrst gjenom sitt eiget Maal kann Bonde og Arbeidsmann hevda Husbondsretten sin i Landet. Desse byggjer berre paa det verkelege Talemaalet som den einaste faste Grunnvollen, og segjer, at det som aldri vert sagt, det hev ein helder inkje Lov til aa skriva; eit Bokmaal, meiner dei, hev inkje nokre Serretter, det skal einast vera eit Bilæte av Talen, berre med Avvik, som trengst, for at det skal vera greidt aa lesa for alle, skaplegt og samhøvelegt.

Desse 3 Leiderne, var det tenkjelegt, kunde kløyva seg so langt sund, at det vart berre Strid og Meining dei imillom.

Fraa den eine Sida kunde det soleids verta klagat paa, at Maalet kom til aa missa Klassisiteten elder sin mønstergilde Skapnad, um det skulde ganga for mykje etter den kvardagslege Uttale, elder um Maalet berre skulde vera som ei Renne for Kulturstraumen.

Kulturmannen kunde koma til aa neisa den eine, for at Maalet hans var for stivt og inkje høvde med Utviklingi og um den andre vilde dei segja, at Maalet lugtad av Bik og raa Ull.

Hevdaren av Talemaalet kunde segja um dei klassiske, at dei vilde byggja upp eit Bokmaal, som kom til aa staa som ein Mur og styra Talemaalet i Staden for aa verta styrt av dette. Og um Kulturmennerne kunde dei segja, at Maalet var Jakobs, men Henderne Esaus.

Me vil ynskja, at slike Kløyvingar aldri kjem, for det vilde vera ei Ulukke for Maalsaki, og me maa segja, at me helder inkje hev nokon oversleg Otte for, at so vil henda.
 
I desse 3 Synsmaatarne kann der nemleg liggja sterke Motsetningar, men det er væl faae, som held seg so einsideleg til den eine av desse, at dei reint skyt burt dei andre Umsyni. Dei hev vakset upp med vaar Utvikling den eine av desse Synsmaatarne etter den andre, den eine grunnad paa den andre, til Utfylning og Framstig, so at me maa segja, at Maalverket vaart vilde missa ein Del av sitt faste Grunnlag, soframt noko av dette skulde skiljast ut.

Me treng um aa taka med alle Umsyn: fraa Gamalnorsk hentar me Grunnarne for Rettskriving og Stavemaate, der lærar me rett Tyding og Bruk av Ordi, og me øver vaar Maalsans til aa skilja millom det gode og mindre gode Maalto. _ Ved aa sjaa etter dei store Evropa-maali lærer me aa gjera Maalet ført til skarpare Skilningar og finare Kjenslur, i det heile til Uttrykk for eit høgre Aandsliv, enn me hev heime i Bygderne endaa. _ Og ved aa halda oss til Talemaalet kringum i Bygderne lærer me dei gode Ordelag og sann, naturleg Stil og Framstellignsmaate.

Med tri Ord: Maalet vaart maa vera reint, livandeog eit Kulturmaal.

Det er dette Standpunkt Fedrah. hevdar, og med di meiner me aa kunna samla alle vituge og rimelege Maalmenn til fredelegt Samarbeid.