[Tidender.] Daad.

 
Ein Mann, som heiter Price og bur i Stoke-on-Trent i England, er vida kjend som ein dugange Symjar. No fyrre Onsdagen skulde han ut og gaa paa Skeisur; men daa Isen inkje var trygg, vilde han gaa heimatter. I det sama høyrde han Rop um Hjelp fraa ein Stad, der han hadde set mange Smaagutar gaa paa Skeisur. Utan aa tenkja paa anten Isen var trygg elder inkje, sette Price av til Ulukkestaden. Der laag 8 Smaagutar i Vatnet; 4 andre hadde og voret uti; men dei hadde bergat seg paa Iskanten att. Price sprang ut i Vatnet og fekk Tak i 2 Gutar; tvo andre greip og fatt i honom, so det var inkje so greidt aa symja med ei slik Byrd; men likevæl fekk han i Land alle 4, endaa Vatnet gjorde honom valen og Krefterne minkad.

Endaa laag 4 Gutar att i Vatnet og for aa naa dei, laut det symjast eit langt Stykkje. Price lagde likevæl avstad, fekk fatt i 2 av dei, som han sumde inn mot Land med. Men med eit kom ein Gut uppskjotande og greip i Haaret aat Price, og alle 4 sokk og vilde trulegt ha drukna, dersom inkje ein Mann, som var komen til Ulukkestaden hadde teket Halsbindet sitt og bundet saman 2 Stenger, som laag i Nærmunom, og stunget ut i Vaatnet. Price greip daa fatt i Stongi og kavad seg iland med alle 3 Gutarne. Endaa laag ein att ut i Vaaket, og Price tenkte inkje paa, at han var trøyt; men lagde ut i Vatnet att og var so heppen aa berga honom og.