Tilsvar til Matias Skard.


fraa X.


Eg freistad i Stykket um Nasjonal Vitenskap, Pontus Wikner og sumt annat aa leggja fram nokre Tankar til Dryfting.

Eg nemnde daa, at me ingen Filosofi hev so nær som ein tysk, som lange Tider hev voret rotlaus i Landet, so vaar Intelligens er utan høgre Daning. Og so nemnde eg, at Diktararne vaare hev paa si Vis gjort det, som Filosofarne skulde gjera, og det er aa dryfta dei høgste Tankarne, som er uppe. Eg sagde og, at det er berre i Land med uheil Kultur slikt gjeng for seg.

Den spekulative Filosofien raader no i Noreg og Sverige, i hine Land er han utlivd aa kalla fyr. Filosofien i vaare Dagar sit ikkje inne i Stova og byggjer og byggjer Verdi ut or sitt eiget Hovud, men han gjeng ut i Naturi og Livet, og byggjer paa det han hev røynt.

Wikner er spekulativ Filosof. No hev i mange Aar den gamle Filosofien drivet rundt i Bakevje hjaa oss; endaa kjem han til aa driva i mange Aar, til han døyr Straadauden, og dessimillom gjeng hine Folk langt framum oss.

M. Skard skriv: Skulde daa Norskdomen voret so overlag myket betre stellt, um me hadde fenget ein norskføddMann til aa bera fram eit unorskfilosofisk System i eit unorskMaal? Ikkje trur eg stort paa det.

Større Hjelp fekk eg ikkje av honom til aa greida detta vanskelege Emnet. Eg skal svara han det, at eg trur det hadde voret betre aa faa ein Mann, anten han var norskfødd elder ikkje, til aa læra seg sjølv og oss europæisk Tenkning . Den franske og engelske Filosofien skulde me kjenna nokot til, det nasjonale er so vidt sterkt, at det vilde taka det framande upp i seg, melta det og gjera det til norskt Kultur-Innhald. Det er ikkje fyrste Gongen me hev teket upp framande Tankar, og det vert ikkje den siste helder. Ein Filosofi heiltupp for oss sjølve er det aldri rødande um; der er Samliv millom Folki, og det eine lærer av det andre.

Hadde M. Skard tenkt seg meir inn i Tingen, vilde han skynat, at eg hev god Tru paa det nasjonale.

Eg skreiv nokot um Professor Monrad. Skard segjer, at det korkje er Helte- elder Riddarferd no lenger aa sparka til den fallne Fiende.

Eg maa svara paa detta, at Monrad er ikkje fallen _ det hev han synt i Wikner-Saki. Eg sagde, at det einaste aa snakka um, som Folk hev leset av honom i seinare Tider, var Statskupartikelen. Det tenkjer eg er sant. Den utlivde Filosofien nyttar det ikkje med, Monrad kann ikkje for det, eg klandrar han ikkje, men so gjeng det med den beste, naar han fiktar for utlivde Tankar. Ingen les no det, som Monrad skriv, so nær som naar han kjem inn paa praktiske Ting. Eg nemnde Statskupartikelen, men eg undskyldte Monrad og greidde ut, korleids han kunde koma inn paa slik gali Leid. Eg trur mest eg er den fyrste Vinstremann, som hev gjort det. Og likevel kjem Skard med desse Slengjeordi til meg. Eg lyt segja Skard, at slikt er korkje Helte- elder Riddarferd av honom, allvist no i Helgi, daa ein plar unna Folk Fred. Hev Skard samlat so mykje Fest-Galde, kunde han ventat til yver Jol med aa ausa han ut yver andre.

M. Skard skriv: Vaare norsklynde Statsraadar kunna ikkje hava vist elder viljat, kvat dei der hava gjort, meiner X.; so vondt kann han ikkje tru deim.

Det var ikkje slik eg skreiv, men eg vil ikkje kjekla med Skard. Eg vil helder, so vidt eg kann, halda meg til det som kann vera til Upplysning um sjølve Saki. Eg meinar det, at den spekulative Filosofien heng slik ihop med Formlar og Talemaatar, at den som ikkje kann desse, kann ikkje den Filosofien helder. Difor er det ille, naar slik Filosof er ein Utlending, og verst- naar han er Svensk, for det svenske Maalet hev lettare for aa skjemma burt vaart eiget, daa det er so liten Skilmun paa dei.

Annarleids vilde det vera med den nyare Filosofien, for den hev eit Innhald, som ein kann faa Tak i, um ein ikkje tek Maalformi med.

I det fyrre Stykkjet mitt lagde eg daa ut um, korleids det kunde vera til Skade for oss aa faa ein svensk Mann til Professor i Filosofi. Skard kann ikkje elder vil ikkje svara paa det, ikkje eit Ord, som kann vera til Upplysning, han berre kjem med Paastand, set fulle Namnet under som ein stor Autoritet, og slengjer i Nasa paa meg. Den Tale, at ein svensk Professor i Filosofi skulde vera ein Livsfaare fyre den norske Sak, at Norskdomen skulde hava so ynkeleg litet Livskraft _ den Tale sømer seg illa fyre ein Maalmann.

Skard raar meg til aa fara ut millom det norske Folk _deim, som er so vidt livsprøvdei den Saki, at dei berre smila til slik Faare.

Eg lyt spyrja Skard: Veit de, um eg bur millom det norske Folk? Veit de nokot um eg er livsprøvd?

Eg for min Part spyrr aldri etter, kor ein Mann bur, elder um han sjølv gjev seg Attest for livsprøvd; det same kann det vera, kvat han heiter og, det spyrst meir um kvat han skriv, og det ser eg paa. Men Skard kjem ikkje med Grunnar, men berre med Paastand, og set Namnet under, og so skal Folk tru han. Slikt er ikkje, norsk Bondevis der eg er kjend.

Vaar norske Sak er komi langt no, mykje lenger enn me kunde vonat. Men difor kann det godt vera Faarar. For kvart Steg me kjem lenger fram, vert det nye Faarar, og dei Mennerne, som ser Faarar. For kvart Steg me kjem lenger fram, vert det nye Faarar, og dei Mennerne, som ser Faaren, lyt segja fraa. Den, som ingenting ser og berre kjem med ein sjølvgod Smil, skal ikkje føra Folket langt fram, det eg kann tru.
Det kunde gjerne voret det same med heile mitt Tilsvar, hadde det ikkje voret for det, at eg i det siste hev set sume Merke paa, at dei som er elder vil laast vera Bondemaalmenner, tek til aa bruka seg paa Bymaalmennerne. Her er og ein Faare.

20de Desember skreiv ein Bondestudent i Fedrah. til Bystudentarne: Bystudenten skal ha Takk for sitt gode Tilbod um Studnad, men me klaarar oss sjølve, so de skal ha Takk, berre gak or Vegen, aa heft ikkje o.s.v.

Per kallar Maalmennerne i Kristiania for nasjonale Tutarar, og Skard hev ikkje eit Aalvors-Ord aa segja til Bondestudenten og Per, men tek paa meg med Spitord, fordi eg ikkje bur paa Bondebygdi, trur han.

Eg skal minna um det, at der i alle byarne er mykje Norsk, at der er fleire Byar, som er norskare enn mangei Landsbygd, at ein gløgg Mann kann læra meir Norsk i Pipervika paa eit halvt Aar enn ein, som ikkje hev Maalsans, kann læra all sin Dag i den beste Maalbygdi.
 
Eg skal nemna ein god Bymaalmann, Stefan Frich. Han lærde seg Landsmaalet, etter han vart vaksen. Han hev leset med Born paa Bondebygdi, han hev lydt etter dei og lært av dei. Honom kann me alle læra mykje av, no han hev teket paa aa skriva.

Skreiv alle slik som Frich, skulde ikkje eg helder vera so ille rædd for aa faa ein Svenske til Professor i Filosofi.

Nettupp som eg hev skrivet detta, fær eg sjaa i Dagbladet: I eit Møte i austre Gausdals Vingstreforeining den 27de Desember med Foredrag av M. Skard um Maalsaki, einades Foreiningi imot 2 Stemmar um denne Uttalelsen.

M. Skard trur, at um eg kom ut til dei livsprøvde, so skulde eg snart læra aa smila med sjølv.

Aa nei, eg kom nokk ikkje til aa smila.