Tidender.


Kristiania, den 6te Januar.

Sverdrups Framlegg um Arbeidarsaki er Høgrebladi leide for; dei kann inkje finna nokot aa klandra ved det. Likevæl er det inkje nokot Høgreblad, som vil gjeva Sverdrup Ros. Finn dei inkje paa annat, so segjer dei som so, at dette er inkje nokot nytt, det er inkje annat enn som den fyrre Regjeringi hev gjort. Ja sant er det, at ho emnad paa nokot i denne her Vegen, men korleids Arbeidet skulde verta utsjaa-ande, er det nok beste inkje aa røda formykje um, for det vart inkje ferdugt. Og um Evni til aa faa det gjenomført skulde ein vist inkje tru for væl um dei fyrre Mennerne.

Ein Ting til hev dei aa neisa Sverdrup: at han kjem fram med dette Framlegget som kongelig allerunderdanigst Budbringer.

Fyrr het det jamnt, at Sverdrup var Kongens Fiende. Inkje Under, at Morgenbl. vert illsint, naar det ser, at det Slenget hev komet ifraa Kongen, som berre viste aa sverta og avheidra Sverdrup alt dei kunde, og at han no hev lært aa vyrda og lita paa denne fyrste Statsmannen vaar.


Mange  Titlar. Johan Sverdrup kann inkje klaga yver, at han vert titellaus han helder no. Morgenbl. titulerar honom idag, so det er Lyst aa sjaa: Republikaneren fra 1851, Markus Thranes og Abildgaards Fortrolige, Agitatoren, Folketaleren, Oppositionshøvdingen, Modstanderen af ethvert Veto i Grundlovssager, Rigsretslaveren, Medlemmet af Odelsthingets Aktionskomite og endeleg Overbringeren af H. M. Kongens Udtalelser af Interesse for Arbeidsstanden. Sanneleg ein drusteleg Ettersleng med Vednemne.


I Arbeidarsamfundet hev dei havt Ordskifte um, kvat det skal gjerast med det offentlege Horestellet. Alle var samstelte um, at det maatte verta ei Forandring. Det vart upplyst, at mange Stader i Amerika var slikt Ustell avskaffa alt for 10 Aar sidan. Ivaar hadde ogso Justitsdepartementet gjort eit Tiltak, men Byens Styre hadde nok inkje brytt seg nokot um det, alt gjekk som fyrr, og det er faae som Politiet er so naadug mot som Horevertarne. Dei vartinkje ferduge med Ordskiftet, men skal taka detatt ein annan Sundag.


Maalsaki i Gausdal . Visntreforeiningi i austre Gausdal hadde Møte den 27de Desember. Folkehøgskulelærar M. Skard heldt Fyredrag um Maalsaki. Imot 2 Røyster var dei samde um eit sodant Vedtak:

Vinstreforeiningi i austre Gausdal er heilt
med paa den Sak, som Ministeriet Sverdrup
hev set upp som ei av sine fyrste, at det
norske Maal maa faa sin Rett . Og me
ynskje inderleg, at vaare Barn maa kunna
sleppa undan det store Hefte og Hinder, som
det framande Bokmaalet er fyre deim i Skulen.

Maalsaki paa Sunnmøre. I Ørstavart det haldet eit Folkemøte den 30te 12te, der millom annat Maalsaki vart umhandla, skriv Sundmørsposten. Lærararne Lidog Naasen og Bladstyrar Kristofersentalad for Saki. Allvist Fyredraget hans Naasen _ segjer Bladet _ viste eit klaart Syn paa Saki, som er sjeldan aa finna. Kyrkjesongar, Velle(Høgremann) var einig i Hovudsaki, men hadde Tvil um det praktiske Arbeidet med Saki. Til kraftug Studning for Maalet talad ogso Rasm. Aasen og Lærar Riseog K. Rebbestado. fl., Seminarist Sandvikvar imot.

Forsamlingi sluttad seg til Maalsaki som ei Sak av fyrste Rang paa Vinstres Program.

Til Slutt vart det ropa Live for Ivar Aasen, som Ørsta er Heimbygdi aat.


Vælstandet i Landet hev inkje minkat paa det siste, soleids som Folk trur _ segjer Dagbl. Held ein seg etter Skattelikningi, so finn ein, atme er mange Millionar rikare eno enn for tie Aar sidan. Delad ein likt all Eigedomen som finst i Landet, so vart det 700 Kr. umlag paa kvart Menneskje. Det er Bygderne som hev aukat Rikdomen sin mest, Byarne hev inkje gjenget soleids fram paa det siste.


Peter Christen Asbjørnsen døydde idag av Lungesott, 73 Aar gamall.


Nye Fabrikkar. Baade i Porsgrund og i Kristiania skald det byggjast Krustyfabrikkar. Det maa vera god Plass for slike Fabrikkar her i Landet, daa Folk hev voret nøydde til aa innføra so mykje Krus fraa Utlandet, so Tolli paa slik Vare gjeng upp til 50,000 Kr.


Nytt Blad, I Eikersund hev dei fenget seg Vinstreblad; det heiter Dalernes Tidende.


Svolt skal det vera bland Fiskararne paa austre Skjergarden av Blekinge (Sverike). Aarsaki er den, at Fiskjet inkje hev gjevet nokot av seg i det siste, og Folket hev denne eine Livevegen. Dei hev Hytturne sine paa nakne Skjer, der dei inkje kann avla nokot, og ein, som hev reist der fortel, at av paalag 80 Huslydar, som bur paa desse ugjestmilde Skjeri, kjem trulegt fleire til aa svelta ihel i Vinter, dersom dei inkje fær Hjelp.


Tigging som Liveveg . I Malmø hev det voret mange, som hev drivet med Tigging. No i det siste hev dei komet etter, at desse Tiggararne inkje er so fatige, som dei hev set ut for. Maten, dei hev tiggat saman, hev dei inkje etet sjølve; men desse fatige Stakkararne driv mykjet med aa dretta upp Svin, og dei vert baade store og feite av det, som inkje er godt nok aat Fatigfolket. Um Sundagen legg Tiggararne Fillurne av seg og tek paa seg fine Klæde.


Paa ein Kyrkjegard i Nordsjelland heldt dei paa aa grava uppatt ei gamall Grav. Dei fann daa ei attkorkat Flaske, som det var Brennevin paa. Flaska hev truleg voret nedlagd saman med Liket, og hev soleids leget i Gravi minnst 20 Aar.