Rispur.

 
Ein Mann i Ungarn sende Son sin til ein Høgskule. Um eit Bil fekk han paa ein Dag 3 Telegramm fraa honom, og i dei fridde Sonen til Far sin. Siden fekk han 5 til. Mannen trudde Sonen var galen og reiste inn til han.

Daa høyrde han, at Sonen hadde set ei ven Gjente paa Gata og skreiv til henne, men ho sende Brevi hans attende, men daa han fekk vita, at ho var Telegrafistinne, skreiv han Kjærleiksbrev og let henne telegrafera dei til Far hans, for daa viste han, at ho maatte lesa dei. Faren var, som rimeleg kann vera, mindre blid for Framferdi aat Guten.


Kjeringi: Eg er so nøgd, fordi at De skal preika idag.
Presten: Tykkjer du daa, at eg preikar so godt.
Kjeringi: Nei men det er stødt so godt Rom i Kyrkja, naar De preikar.
 
Ragnar