[Tidender.] I Haugesund.


er det stolet mykje i Banken. Tjoven er ein Gut, som endaa inkje er 20 Aar. Han kom for 3 Aar sidan paa Kantoret til ein av dei største Kaupmennerne der burte. Guten var flink og vart godt likt, og daa Husbonden hans hadde mykje aa gjera i Banken, fekk han og hjelpa til der. Guten hadde berre Kr. 200 i Løn um Aaret, men likevel tok han til aa liva svert flust. Han tok med seg Kammeratarne sine paa Landturar og stødt trakterte han med det finaste og beste, som var aa faa. Til lenger det leid, til finare livde Karen, og daa han vart spurd um, kvar han fekk Pengarne ifraa, svarad han, at han hadde kaupt eit Skjerp paa Karmøyi for Kr. 15 og selt det att for Kr. 2,500, og for aa visa, at han sagde sant, sette han nokre Pengar i Banken. Han livde framleides paa Stormannsvis, og daa fleire og fleire spurde honom, kvar han tok Pengarne ifraa, svarad han, at han hadde vunnet Kr. 10,000 i eit Lotteri. No ved Joletidi fann Folk det likevel rettaste aa tala med Husbonden hans um Saki. Guten vart daa teken i Forhøyr. Fyrst kom han med det um Skjerpet og Lotteriet; men Husbonden trudde inkje stort paa det. Samtidugt kom nokre av Bankfolki til aa sjaa nokot nærare paa ei Bankbok, og daa tok dei til aa skyna, korleids Karen hadde fenget Tak i Pengarne, han basad med. Dei kom daa etter, at han sidan Februar 1884 hev sviket Banken for yver Kr. 40,000. Det hev han fengjet til paa den Maaten, at han hev skrivet falske Bankbøker og fenget Smaagutar til aa taka ut Pengarne. Han hadde ellest boret seg so fint aat, at det inkje var so greidt aa koma etter Fusket hans. Han vart sett fast med det sama, og daa hadde han berre Kr. 300 hjaa seg.