[Tidender.] I Evropa


hev det voret Fred og Ro i det Aaret som er gjenget. Dei gamle Fiendar Tyskland og Frankrike jamvæl hev haldet seg meir ihop igjen og det er forskuld England, som Bismarck gjerne var hugad paa aa gjera Mein, so han fekk støyta ned Gladstone allvist. Full Semje er det vandt um, at det kann vera nokon Gong millom Stormagterne, jamt vil det nokot leggjast til, som vekkjer Hat og Ovundskap, er det inkje heime, so er det eikvar Ugreide dei fær med kvarandre burti andre Jordbolkar, der alle dei større Rike hev sin Del til Eign, og der vert det jamt Strid og Trættur um Grensur og ymse Retter. Det hev voret Engelskmennerne, som hev spilat Meistar yver heile Havet fyrr, men no er det mange, som tevlast med dei.

Tyskland ogso hev eignat til seg nokre Underbruk, og Frankrike hev voret djervt til aa vilja sikra seg Retter. Nede i Tonkin hev dei havt Krangel med Kina, som saag ut til aa vilja gjeva seg, men so tok atti att, so der endaa er Ufred. Um Kongolandet vart det sodan Ugreide, at Stormagterne fann paa aa halda eit Samriksmøte for aa skapa ein ny Stat, der alle Magterne skulde hava like stor Rett, men ingen nokot Ovevle. Og dei vart sonær samstelte, det spyrst berre, korleids det vil ganga paa Slutten; dei er inkje heilt ferduge endaa.

Spursmaalet um Ægypten er inkje greidt, og nedi Sudan driv Britarne paa med Krig endaa, men ingen veit plent korleids det er stelt der.

Engelskmennernehev havt hard Strid i Politikken heime ifjor for aa faa ein ny Vallov fram. Yverhuset stod imot i lengste Laget, men laut endeleg gjeva seg, med di at Gladstone gjorde Kompromis aa kalla.

 
I Frankrikehev det voret mange Vandskar for Ferry, men han hev daa haldet seg, Motstandararne hans er av for mange Slag til at dei kunde faa honom burt. Det hev vortet gjort fleire Lovar, millom annat, at det inkje skal vera Senatorar paa Livstidi lenger, Lovar um Skule og Herstell med meir. Republikken vet fastare og fastare.

I Tysklander det ingen stor Framgang aa sjaa. Bismarck styrer som han vil, og Motstandararne er inkje samstelte; dei freistad aa slutta seg meir tilsaman nokre av dei, men Samlaget rauk sund att. Men Sosialdemokratarne aukar jamnt trass i alle Lovarne imot dei.

I Austrike-Ungarn hev det voret Maalstrid og ymse Trættur millom alle dei Folkeferder, som er samanmengde i dette Landet. I Ungarn hev dei freista med aa faa umgjort Yverhuset, so at det kunde verta meir folkelegt, og det er inkje umogelegt, at dei fær det fram.

I Italia hev Vinstre havt Magti, men det hev voret Usemje i Regjeringi, so Vinstre inkje hev voret meir enn so maateleg fornøgde.

I Spaniahev det voret Ministerskifte, Høgre kom inn att og vann sidan ved Vali.

I Belgiavar det fyrst eit hardt Høgrestyre. Men daa Kommunevali vart vinstre, kom det ny Styring, som hellest snart seig inn i dei gamle Spor; Vinstre kunde inkje halda ihop, og daa vart dei magtlause, og Prestarne fekk raada.

I Hollandhev Vinstre mist Fleirtalet sitt, men Høgre hev berre 2 Mann meir og er dessutan so uforlikte seg imillom, og Vinstre er so samhaldugt, at dei hev gode Voner likevel.

Fraa Ruslander det sjeldan at Tidender slepp ut. Det er det same Einvaldsstyret, men Nihilismen veks.

Fridomen hev havt Tap og Tjon i Tyskland og Belgia, men stødnat og aukat i Frankrike og England.