Tidender.


Kristiania, den 2dre Januar.


Maalsaki i S. Bergenhus Amts Vinstreforeining. Foreiningi hadde Aarsmøtet sitt nyleg burti Bergen. Daa dei tok for seg Skulesaki, var det fleire som varmt hevdad, at Landsmaalet maatte inn paa Skularne og at det all Stad skulde hava same Retten som Dansk.
Samrøystes vedtok dei eit Framlegg av Bladstyrar Skaar:

Folkeskolens Omordning i frisindet og folkelig Retning væsentlig som antydet af Statsminister Sverdrup, og i Forbindelse hermed Folkesprogets Ophjælp.


Maalsaki i Landvik. Laurdagen 29de Novbr. 1883 var det Møte i Vinstresamlaget i Landvik.

Samtaleemne var Maalsaki.

Student Kristen Stalleland innleidde Ordskiftet med eit varmt Fyredrag fyre Maalsaki. Han talad Landsmaal. Dinæst talad Klokkar Torjus Hanssen varmt fyre Saki. Ein Mann, som ikkje høyrde Vinstrelaget til, var imot Saki. Dei samdest um ein slik Resolusjon:
  1. Landvik Vinstresamlag er med paa dei 6 Vedtaki fraa Lærarmøtet i Sogn.
  2. Staten bør gjeva Pengar til Kursus, derLundslærarne kann faa Upplæring i Landsmaal.
  3. Staten bør stydja Utgjevning av gode norske Bøker.
Alt vart vedtekjet samrøystes.


Høgrepolitikken er som aa rulla Steinar uppetter Berget, segjer Morgenbl. i Nyttaarsuppgjeringi si, og samanliknar seg med Sisyfus i dei gamle græske Segnerne, han som hadde den Lagnaden, at for kvar Gong han fekk Steinen mest upp, so rullad han ned att. Samanlikninigi er syrgjeleg sann; naar ein minnast kor langt Høgre hadde rullat Statskupsteinen uppetter Berget, so dei trudde at det var att berre øvste Bruni, og so datt Steinen ut or Henderne paa dei, so dei laut taka til reint som fraa nyo att.
Og det er so sant som Morgenbl. segjer det; for slik vil det ganga med alt som Høgre tek seg til. Men nokot vidare Hugnad for sine gjev inkje Morgenbl. ved sliko Vedkjenningar.


Riksreikneskapen for 1883 _84 visar eit Yverskot paa Kr. 430,000. Brennevinsavgifti vart mindre enn som var paareiknat, men so vart Tolli ein halv Million større. No er det paalag 5 ½ Mill. Kr. i Kassa elder mest dubbelt so mykje som det var ifjor det same Bilet.
 
 
Kolera i Paris er reint slutt aa kalla no, vert det meldt aat Inredepartementet.


Umlagingi av Yverhuset i England hev voret paa Tale att. Ein av Medlemerne der, som er frilynd, hev bodet inn dei andre frilynde Peerar til eit Møte for aa verta samde. Storbladet Times tel godt for Tanken og segjer, at ingen kann vera blind for, kor laakt det er, som og Salisbury sagde for nokre Aar sidan: Me ynskjer ein større Tilgang fraa dei breidare Lag av Folket; for Ulukka er den, at me mest alle høyrer til dei same Samfundslag og difor og hev dei same Meiningar um so mange Ting. Det er berre, naar Yverhuset brukar Magti si med Maate, at det kan venta aa faa hava henne; men hev Lordarne vaare gjort det? Nei paa ingen Maate. No meiner Bladet, at det er rett Tid til aa taka for seg desse Spursmaali, daa Vedtaket av Valloven hev skapat Fred igjen millom dei tvo Tingi. Men Upphavstaket maa gjerast av Lordarne sjølve; det vilde høva best med deira Vyrdnad, um dei tok det fyrste Stiget.


Kronprinsen skal koma til Kristiania snart. Da han er attkomen til Stockholm, vil Kongen sjølv koma hit og vera her eit lenger Tak.


Eit Folkemøte heldt dei i Drammen no Maandag og Tyrsdag. Det var Vinstreforeiningi i Drammen, som baud Folk saman, og Møtet byrjad med 700 Mann; seinare vart det paa Lag 800 Stordelen var Vinstre. Jacobsen og Ullmann talad paa Vinstresida og paa Høgresida Skippar Paulsen, Lækprest Folkestad og Handlar Helgesen fraa Hønefoss. Høgre laag, som ventelegt var, reint under i Ordskiftet.


Bladet Demokraten er kaupt av eit Samlag, det skal no leggja seg etter aa verta eit Blad for Byen. Det hev skift Namn og heiter no Kristianiaposten.


Stor- Svensken hev fenget seg eit nytt Blad, som skal arbeida for, at Sverik skal hava Magti i Unionen, ser det ut. Det gjeng so vidt, at jamvæl Høgrebladet Aftenposten tykkjer det vert for galet.


Vaarsildi vil koma inn til Kvitingsøy og Øyarne der ikring att, ser det ut for. Det hev no i det siste tedt seg mykje Kval og Aate paa Nordsida av Kvitingsøy og 40 Maal god Sild vart uppfiskat.

Til Fattiges Juleglæde heiter eit Samlag i Bergen. No Joleaftan gav det burt til fatige Kr. 885 i Pengar og 50 Tunnor Kol. Flestalle Gaavurne var paa 10 elder 8 Krunur og 1
Tunne Kol.


Gruvur i Telemark. Aarnes Gruvurne er selde til eit norskt Samlag. Prisen skal setjast av 4 Menn i Bergen. _ Gaasedals Gruvurne held dei ogso paa aa driva Tinging um for aa faa selja.


Gjæve Dyr er ei høg Pris i England. Soleids vart det nyleg for ein Hund gjevet Kr. 2700.


H. Vanderbilt, den store Jarnvegskongen burt i Amerika, er vel den rikaste Mann i Verdi. Han eig umlag 600 Millionar Krunur. Laag alle dei Pengar i ein Guldklump, so vilde han verta 1 Fot breid og tjukk og 550 Fot i Lengdi.


Amerikanarne hev ifjor sendt 230,000 Tunnur med Frugt til England. Dei beste Epli ifraa Amerika vert i England heldne fyr betre enn dei, som me fær i Europa.


Kanada skulde ein tru var væl kjend. Men det underlege skulde henda, at fyrst no nyleg hev det komet til Folks Kunnskap, at 50 Mil ifraa Kvebek finst det ein Sjø jamnstor med Øvresjøen. Landet kringum høyrer til eit Handelssamlag, som hev havt det 100 Aar, og dei hev inkje viljat havt andre Folk dit, og difor inkje brytt seg med aa fortelja nokot um korleids der var lagat. Men i Sumar kom det Gjetord til Kvebek, og det strauk ivegen nokre, skulde sjaa etter, og dei fann at Veerlaget var fjelgt og godt um Sumaren, og Jordi høveleg til Uppdyrking, og Fisk og Fugl og Dyr so mykje som ein vilde hava. Men det skal vera mødesamt aa koma dit, for det finst inkje Vegjer.