Maalet aat Noreg.


Vakset fram or Folket
Eld or Hjarta deira,
vakset ut or Landet,
Klongjet ut or Nutom;
skapt seg ut or Aanden,
som livet i Naturen.
Berer Høgfjells Kaapa,
Sus fraa vide Vidder,
Kraft fraa vilde Vindar,
Vilt lik Hav i Uppreist,
mildt lik Sol i Lidom,
Fugleflokkefljuging
millom Bjørkelauvet.
Fagrast Son, som runnet
ut or Mannatanke,
største som hev haldet
Hus i Mannahausen.
Lillande lik Luren,
langt fraa ljose Lider,
Smeikne Kvinne-Hyggjing,
milde Moder-Hjarta
_er du Maal aat Noreg.

Lyft lik Tronehimmel
yver Land i Forntid,
lys no bjart lik Nor-Ljos,
Merkje ber i Myrkret
gjildt um gasta Gutar,
um vaar Heim i Noreg.
Kvassaste Staaltunga
aat vaar gamle Soga,
dengang Tunga valnad
aat dei baae Grannom.

Drog seg yver Landet
kolmyrk Natt og valdad
yver Fedraheimen.
Folket gjekk i Ørska,
hædt og jagt lik Hunden,
rudt og rakt aat Roti;
svivyrdd skjemd og klumsat
vart Norrønnatunga.

Gamle Noreg rister
av seg Trælemerki,
set seg sjølv paa Plassen
sin gamle Odel,
Klangjen kring i Dalar
er av gamle Røyster.

Folket lyfter Panna,
Fedrene dei talar,
... byrgt um Storaand
ikkje Tunga.

blanke Snorefangar,
av den fine Race,
som fer kring og pantar
med glasøygde Nase.

Noreg vakn no atter!
Rist av deg den Kleggen,
som paa Kroppen biter!
Laug din Bul den fagna
i det Fedra-Maalhav,
sunn og sterk du ris upp,
stiger uppaa Landet,
skrid ikring lik Bjørnen,
Frikar uti Skogen _
kjenner du daa atter
Mergjen din i Beini.

_ Lyft lik Tronehimmel
yver Land i Framtid
lysande lik Nor-Ljos,
Merkje ber i Myrkret
gjildt um gasta Gutar,
um vaar Heim i Noreg!


A. H.