Fraa Sundalen.


No kann eg melda, at me hev faatt i Stand eit Samtalelag her uppi øvste Enden av Romsfog Sokn i Sundalen.

Øvrebygdens Samtalelag skal etter Reglarne halda Møte den fyrste Laurdagsefta i kvar Maanad, sonær som i Juli, August og September, og ellest naar Styret finn det høvelegt aa samlast t.d. fyre offentlege Val.

Av Fyremaali skal eg nemna, at Samtalelaget etter Evne vil stydja Maalsakji. Ellest er Reglarne vaare vonleg samstavande med dei, som Vinstreforeiningarne plaga vedtaka. Kvinna hev same Rett som Mannen til aa skriva seg som Medlem, men kann, um ho ynskjer, vera fri for aa betala Aarspengar. _ Eg veit inkje um det enno er vortet vanlegt aa hava Kvinna med i sovorne Samlag; der vart lite Staak au um dette Vedtakjet. Sume meinte, at det var uhøvelegt fyre Kvinna aa leggja seg burti dei meire aalmennelege Samfundsspursmaal, og at ho hadde nok med aa stella Huset sitt. Andre trudde, at Kvinna hadde godt av aa takast med, at ho slettes inkje vart kleinar Husmor, um ho eignad til seg nokot meire Samhug fyre Spursmaal, som vedkjem oss som Medlemar av Stat og Herad o.s.b.

Samtalelaget hev den Tid som er 48 Medlemar, derav 8 Kvinnor. Til Styre valdest Lærar og Gardbr. J. G. Forseth _ Formann _, Gardbr. E. Nesja _ Næstformann _, derattaat Gardbr. Olav Musgjerd og O. L. Gravem.

Seinare med tør eg kannhenda sende smaae Meldingar fraa Samtalelaget og ellest um eit og annat, som gjeng fyre seg her ikring.


J. G