Fraa Danmark.


Det ser ut til at Fedraheimenikkje er so svert heppen med aa faa mange Helsingar herfraa Danmark, so eg trur, at ein og annan Smaastubben inkje vilde verta so reint illa motteken.

Denne Gongen skal eg daa fortelja lite ifraa den namngjetne Høgskulen Askov.

Askov er, som kanskje dei fleste av Fedraheimens Lesarar veit, ættad fraa Flors Skule i Rødding, som ligg ei halvannnar Mil sud for Kongeaaen, den fyrste Folkehøgskule i Danmark. Flor var teken av Grundtvigs Syn paa, kvat som skulde tena til Folks retta Vel og Framgang. Han gav Støyten til at Skulen i Rødding vart sett igang i 1844. Flor var Lektor i Kiel; men gjekk ifraa sikre Livevegen for rett tilgangs aa kunna hjelpa Skulen fram. Tenkjer ein paa Kaari aat dei byrjande Høgskulelærarar heime hjaa oss, og stort likare kunde det helder inkje vera for dei fyrste danske, so er det inkje vant aa skyna, der skulde baade Tru paa Arbeidet og godt Mot hjaa Flor til for at han, skulde vaaga seg ikast med dette nye og uprøvde Yrkjet. Men det gjekk godt. God Uppplysning og sund Livssyn vart spreidt vidare, Medlærarar gjorde og sitt til aa gjera Skulen baade god og velsøkt. I fremste Rekkja millom desse maa ein vel nemna dei tvo cand. theol. Skrøder og Nutshorn.

Daa Tysken røvad Slesvik 1864 vart Kaari, som den tyske Jarnkloi lagad for Slesvikarne, for trykkjande for desse Lærarar. Dei saag inkje nokon Framtid i aa arbeida under slike Kaar. Skrøder og Nutshorn fekk difor i 1865 laga ein ny Skule ein Fjordung Veg nord for Kongeaaen og gav den Flors Namn. Askov heiter Landsbyen, den ligg i. Etter den vert no Skulen vanlegt nemnd. Skulde den no hava nokot annat Namn, so maatte det vera hans Skrøder, daa han alt sidan Skulen byrjad i Askov hev voret Styraren og er den, som hev gjevet den sitt Sermerkje. Daa Skulen vart flutt, lagdest der serlegt Vigt paa, at den kom til aa liggja so nær Grensa mot Tysken som vel mogelegt. Den skulde vera som ein liten Grensefestning. Etter mit vesle Vit, so er den no betre enn ein av Stein og Mold. Eit Folk med vaki nasjonal Kjensla, vil nokk betre vita aa bergja seg mot framandt Velde enn eit Folk som liver eit kalt og likesælt Aandsliv, um det hev alder so mange og sterke Festningar. Det kann no Soga gjera nokk av Prov paa.

Som aalmenn Folkehøgskule arbeidde no Askov ei heil Tid frametter. Men dei trugne Arbeidarar for Folkets Sak saag snart, der trengdest nokot meir, naar Lærlingarne fyrst var komne paa glid. Der maatte ein folkeleg Kunskapsskule til, som kunde hjelpa dei lærelystne Unggutar lenger fram, ellest vilde dei beste av deim med den sterkaste Lærehugen koma i Fanget paa den gamle Eksamensleksa, som etter som Segni gjeng, nokk skal hava gjort Ende paa meir enn ein gild Unggut. For aa bøta paa dette vart so Askov i 1880 gjort til ein vidare Høgskule med fleire Lærarar og fleire Læreemne der Lærlingarne etter eiget Val kunde arbeida vidare paa, det dei hadde lært paa dei lægre Folkehøgskularne.
Korleides no Askov tek sit Yrkje upp, det kann ein no, tykkjest meg, faa som ein Tokke av, naar ein kjem inn i den romsame Salen og ser dei Bilæte, der er. Jamsides Talarstolen stend den norske Bilæthoggar Borks Gipsfigur: Systri lærer Bror sin lesa. Gutungen vil helst leika, men Systri vil med venlege Ord faa han til aa læra nokot. Paa Tverveggen beint imot heng Bilæte av den heimlege Diktaren Sten Blicher _ Lenger til høgre Aandsvekkjaren Steffens, som fekk dei løynde Krefterne til aa brjota fram og gjera Gagn. _ So kjem eit Maalestykkje! Hadding høyrerHanen gala paa den hi Sida av Muren. Det er som dette Stykkjet vilde segja, der er inkje nokot rettelegt aandelegt Liv utan Forvisningi um Livet paa hi Sida aat Gravi. _ Nærmast detta kjem Grundtvigs Bilæte. Det kann vera Grunn til aa tru, det heng her inkje berre til Minne um Folkehøgskulens aandelege Fader, men og som ein Tolk for, at Lærdom er god, naar han stend paa heimleg Grunn, so han kann verta din eigen. _ Lengst til høgre Diktarkongen Øhlenslæger: Der vert inkje nokot ægte nordisk Folkeliv, utan Skalden er med.

Det stend no so for meg, at Skulen med desse Bilæti hev sett upp sitt Program: Aa lata sine Lærlingar aa faa læra nokot tilgagns i dei Leider Hugen dreg med opi Syn for det djupe, gjæve og hugsame i Mannalivet og det yver detta, som gjev Hjartat Trygd. Daa fyrst kann her vera Von um eit reint frilyndt og kristelegt Mannaliv i Norden, som ein god Motvigt mot den moderne europæiske Fritenkjarskapen.

I detta Faret arbeider Skulen traust og trottugt. Ein kann no helder inkje annat enn faa tru paa, det ber rette Vegen, naar ein lærar Styraren for Skulen, Ludvig Skrøder og hans Medlærarar aa kjenna og høyrer deim leggja fram sine Tankar paa ein framifraa god og greid Maate.

Her er ialt 9 Lærarar, 6 Kandidatar og 3 andre.

Ludvig Skrøder er Son av Skogridar Js. Skrøder født paa Lolland 5de Januar 1836. Han laag som Student i Kjøbenhavn paa Grundtvigs Tid og hadde den Lukka aa vera med i Umgangslaget hans. Naar ein tenkjer paa Skrøders lange og trottuge Arbeid i Folkehøgskuleyrkje og ser og høyrer honom tala, so hev ein baate Syn og Segn for, at han inkje vanættar aa taka Grundtvigs Tankar upp, so dei kann vera til baate Gleda og Gagn for det danske Folket. _ Naar eg skal setja Skrøders Arbeid her paa Skulen attaat Bilæte-Programmet i Fyredragssalen, so fell det naturlegast aa likna det saman med Haddingsbilætet med Grundtvigsbilætet attaat, der serleg han stend som Tolkar av Mannalivets djupaste Kjenslor, men og paa sama Tidi legg an paa aa auka og klara Kunnskaparne hjaa Lærlingarne og paa aa gjeva deim Mot til aa standa paa eigen Heim i eit godt Yrkje. _ Læreemni han hev er: Heimssoga, Skildring av det 19de Aarhundradet, Mytologi og Bibeltolking. Det seinaste serleg for dei amerikanske Prestaemni, som er her paa Skulen.

Nutshorn er og ein av desse unge Læremennerne, som ved Grundtvig fekk Syn for og Tru paa det folkelege Arbeidet. Det er Nordens Soga han legg fram for oss etter sjølvstendug Gransking. Der kling ein Blichers Tone gjenom hans Fyredrag, leitande etter det verkelegt nordiske, _ men med ei friskareLivssyn _ og ein Grundtvigs Aand med, leitande etter det gjæve og sanne.

Den duglege naturlærde Paul la Caur er ogso baade til Prydnad og til Æra for Skulen. Det gjeng rett i Grundtvigs Aand, naar han fyredreg historisk Fysik og Matematik. Ein fer sjaa baate Menner og Utvikling jamsides Tali og Maskinarne, so ein paa sama Tidi fær læra aa kjenna Mennerne sjølv og det, som dei hev gjort. _ Det gjer og so overlag godt aa faa treffa saman med ein naturkunnig, som kann mæla seg med dei fremste i Tidi og likavel baade heilt ut trur som ein kristen og liver som ein friboren Son av den kristne Trui.

For oss Nordmenn møter ein her den Sersyni at og Juristar heilt ut kann vera med paa det folkelege Arbeidet i Grundtvigs Aand. Ein Jurist er og Lærar her, og ein kann inkje eingong merkja ein Snev av denne leide Ordvrengjingi, som ein so lett støyter paa hjaa vaare heimlege Juristar. Dette er ein Mann, som ein kann kjenna seg trygg og glad ved aa vera saman med. Han heiter Anders Pedersen.

Av dei yngre Lærarar er Cand. theol. Begtrup ein som lovar godt og rett ein som skynar at vinna Gutarne for seg. Han er Lærar i Dansk, Gamalnorsk og Kyrkjesoga.

Umframt dei Emni, som alt er nemnde, vert her ogso undervist i: Rettslære, Engelsk, Filosofi, Kemi, Geografi, Reikning og Gymnastik. Kroppen maa inkje gløymast held, naar det skal verta eit kraftugt Folk.

Av Lærlingar er her paalag 110 Umkring 100 elder jamnast yver er her kvar Vetter. Askov er ein hæv Skule og den gode Søknaden visar og, at han er paaskjynat. Meg tykkjest, at det er ei god Trygd for, at Folkearbeidet skal vinna fram i Danmark.

Det er underlegt, at vaare dugelege Folkehøgskulelærarar heime inkje arbeider meir for den Tanken, at me maa faa ein slik høgre fri Folkehøgskule i Noreg, so inkje alle vaare meir dugande, lærelystne Bondegutar skal vera nøydde til at søkja til Universitetet i
Hovudstaden med det makkstungne Folkelivet og den tome, tvilande Livssyni, som kyvlar alle til, so det er faae, som vert til rettugt Gagns Karar. _ Det er no inkje den Slags Utvikling med det spottande, likesæle Fritenkjarliv, som skal vera Fridomen fram i Noreg, ellest varar han inkje lengje.


Danmark i Desember 1884.
Ein norsk Bonde.