Ein underleg Kar


var daa denne Han Lagje , som De hev her slept inn i Bladet, Hr. Redaktør. Eg skynar inkje kvifor De skal lata slike Karar faa leika seg i Bladet, som berre vil riva ned det, som De sjølv byggjer upp. For eg tykte, at det stod ei stram Teft av Bakstræv fraa honom. Kvifor kom De imindsto inkje med nokre rettleidande Motord?

n.


Fordi me bryr oss inkje um aa vera Barnegjølur; me skriv for vaksne og vituge Folk, som kann tenkja sjølve. Maalmenn, som skriv mot Norskdomen vaar, kann me allvist inkje negta Rom. Me leet Lagje faa leika, me trudde inkje han kunde gjera nokon Mein.

Bladstyret.