1884.


Ja dette Aaret skal inkje gløymast so snart. Dette Aaret skal hava ein Minnekrans um seg til alle Tider. Det var Politikk, som dugde ifjor, for daa vart det Slutt med all Umyndugskapen og Utlendingskapen i vaart eiget Land. Det som hadde verkat so lenge i Folket og arbeidt og strævat faafengt, hevdad seg endeleg i Lovens og Rettens Namn og vann fram til full Siger.

Riksretten hadde byrjat fyrre Hausten og heldt endaa paa, daa Stortinget kom saman. Dei som sakad var, drog det ut lenger og lenger og freistad alt dei kunde for aa hindra Domstolen fraa aa segja det fellande Ord, som dei nok altfor godt viste maatte koma. Og heile Høgre var i Uppstyr, skolv som eit Lauvsblad, dei kjende det paa seg, at deira Valdstid var snart ute.

Dei hadde alt lengje leikat innpaa, at vart det forgalet, so vart dei nøydde til aa gjera Statskup dei kallad og taka seg fram med Magt. Og dei tok til med det so smaatt ogso. Dei sette fast Jon Hol og heldt honom i 16 Dagar, fordi han hadde bedet Folk gjeva Agt. Og dei for umkring og lurad seg til aa gjera Soldatbyrsurne ubrukelege, og dei slipte Sablar og for og drog fram Krut og stelte til Kanonar.

Men det nyttad inkje med Skræming, Riksrettskararne sat like trygge og vyrde ingen Ting annat der dømde Statsraadarne, ?

Den 27 Februar kom fyrste Domen. Daa var det Statsministar Selmer, som rauk; han vart fraadømd Embættet sitt.

Høgre sette i med ein Jammerskrik, som var øgjeleg. Stortingsmennerne deira forsikrad seg paa det, at slik ein Dom var inkje det Slag sætande. Og Bladi dreiv med det, at var Kongen nokot til Kar, so laut han gjera Statskupet, det fanst inkje Raad for annat no, det var det einaste, som kunde frelsa Landet.

Det drog lenge ut, endeleg den 11te Mars vart det til det, at Selmer fann det tryggast aa lyda Lov og Rett likevæl, men ein leid Ettersleng var det i Kunngjeringi um dette.

Fyrr Domen naadde dei andre Statsraadarne nyttad dei den Tidi dei hadde att, paa beste Maaten til aa gjera Ugreide, slog um seg som ville imot baade Bjørnsonog Dagbladetog Dagspostenog Indtrønderen og vilde setja dei ibeit.

Riksretten gjorde ifraa seg, og no skulde ein tru, at alt maatte laga seg med det same. Men nei det drygde endaa ei Stund. Det vart ei ny Regjering av same Slaget som den gamle, og det var ingen, som viste, korleids Enden skulde verta. Men Stortinget dreiv paa med sitt, som um ingen Ting var, klemde paa og tok Lennsmannsloven tredje Gongen, og tok seg for aa vilja granska Framferdi aat Statsraadarne litevetta og sende Bod paa den eine etter den andre, at han skulde koma til Yverhøyring, Lars Dahll kom, men likad seg inkje, var det sjaaande til; og det var inkje fleire, som fekk Hug paa aa standa til Skriftes. Regjeringi vart sitjande lange Ævur berre i Undring um kvat ho skulde gjera. Endeleg drog Riksrettsdomen etter seg, dei for til aa skyna, at det var inkje nokot verdt aa vaaga paa ein Riksrett til, men det var best aa faa sleppa ned att so snart som mogelegt; og so vart det Spurlag etter annat Slag Menn til aa styra Landet.

Professor Broch var det fyrst, som skulde freista aa faa istand ei rimeleg Regjering, men Høgre lagde so mange Mein for honom, at det gjekk inkje. Og so maatte Kongen venda seg til rette Guten, Johan Sverdrup. Han slapp aa leita lenge etter Menn han, nokre Dagar etterpaa hadde han Ministerlista si ferdug, og den 26de Juni var Dagen, daa Sverdrups Ministerium vart utnemnt, og ein ny Riksskikk innførd; at no laut Regjeringi vera soleids, som Folket vilde, og eit nytt Grunnlag vart lagt for Noregs Framtid. For all Ting var greidt straks, Statsraadarne i Tinget og udvidga Røysterett det hadde me eit Par Dagar etter.

Det vart Glede og Fest utyver heile Landet i Kristiania gjorde dei Storferd og av Kongen, so der var makalaust ... av dei skapad seg reint som galne og preikad um Vanviddets Dag, Resten kunde berre slaa Henderne ihop yver seg og skrika: Nei, nei. Annat Program fann dei inkje. Endeleg kom Novemberforeiningi til seg sjølv og sette fram Overhus-bygnaden og Kravet paa Storingsvelde sterkare enn fyrr. Dei vil inkje gjeva seg.

Det synte seg, at det var komet ein ny Aand i Regjeringi, paa mange Maatar, allstad vart det byrja Arbeidet for Framtidi, og Statsministar Sverdrup lagde fram som sitt Program Uppsettet um at Skularne maa byggjast paa fult høveleg og nasjonal Grunn. Straks etter sende han inn Søknad um Professorpost i det norske Landsmaal.

Maalmennerne fekk nytt Mod, daa dei saag, at Politikken fekk den Vending, og at dei fekk fleire Maalmenn inn i Kongens Raad, og daa Ministeriet tok fat paa det nasjonale Spursmaalet som si fyrste Sak. I Sogn vart det i September fyrste Gongen hevdat full Rett aat det norske Maalet, og mange Stader i Landet er det sidan gjort Vedtak, som gjeng ut paa det same.

1884 hev voret eit godt Aar for vaart Folk, det skal alle Tider sanna. Daa vart det gjort Endskap paa all den Tvil og Mistillit, som hev meinhaldet Folket, paa all politisk
Daarskap, som hev staggat Framgangen, gjort Slutt paa den trivlande, stridande Tidi, som me hev havt sidan 1814.

Dei Grunsteinarne, som daa vart lagde, er no endeleg gjorde sikre og trauste, so me med fritt Mod kann byggja vidare.

Voner um eit rikt og friskt Aandsliv opnar seg for det norske Folket, no skal det freista aa styra seg sjølv i alle Maatar, no skal det sleppa aa berre ljota ganga og gjæta um sin Fridoms Grensur, no skal det faa byggja paa heimleg Tuft i Fred og Ro: fullføra Lovverket vaart, gjera Umbot der som Umbot trengst, reisa Tungemaalet vaart og kveikja upp att baade Heim og Kyrkje.

I 1885 er det Val paa Stortingsmenn att. Daa skal Folket inkje berre stadfesta og sanna den nye Riksskikk, som Fjorsaaret gav oss, men det skal ogso taka dei fyrste Stegi til Trygd for dei nye Tider.