[Tidender.] Georg Smith

 
heiter ein Mann i London. Han var Fatigmanns Barn og laut syrgja for seg sjølv ifraa han var i sit 7de Aar. Av eigi Røynsla lærde han korleids Fatigfolks Born hev det. I London laut dei fyrr arbeida 13 _14 Timar Dagen paa Fabrikkar og annat og endaa var det knapt dei bergad Livet med det.

Georg Smith hev arbeidt utrøyttande sitt heile Liv for dei. Det er han framum alle andre som hev gjort, at det no er forbodet aa lata smaa Born gaa i Fabrikkarne. Det var i 1871, at det engelske Tinget lagde Forbod mot dette. So fekk Smith Skular igang for Borni 90,000 Fatigfolks-Born hev ved hans Arbeide fenget god Uppaling. Paa Kanalbaatarne i Themsen laut 60,000 Born arbeida mest som Slavar. Smith fekk vedteket i Parlamentet, at dei skulde sendast paa Skular. Han hev inkje vunnet mykje Løn for Arbeidet sit.

Venerne hans ventad, at han skulde verta teken til aa føra Tilsyn med desse Skularne; men nei. Det var eit hart Slag for han, som hev ofrat si Tid og si Fortenest paa Arbeidet for Borni. Han vilde no hava prøvt paa ei ny Leid. Han vilde redda Strjukarborni ikring Landet ifraa sin usæle Lagnad. Han er no gamal, so han kann inkje taka paa med det nye Arbeidet utan han fyrst hev Livemaaten. Han fær no 5,400 Krunor Aaret av Regjeringi, men det slær snaudt til aa betala Skuldi hans med. Gode Menn hev difyr teket paa aa samla Pengegaavur til han, so han kann sleppa den reine Næringssorg.