[Tidender.] Arbeidarspursmaalet.


Johan Sverdrup hev sendt Søknad til Inredepartementet, um at det maa setjast ei Nemnd til aa granska Arbeidarsaki.

Han fortel, at Kongen sjølv hev vendt seg til honom um dette.

Det, som trengst um aa verta gjort for det fyrste, meiner han, er aa faa istand Sjukekassur, Tryggjing for Ulukkur og Alderdomsforsyrgjing.

Han minner um alt, som er gjort i andre Land for denne Saki. I Sverike gjorde soleids den siste Riksdagen eit Vedtak um, at det skulde yverlatast Kongen aa faa granskat Høvet millom Arbeidsgjevar og Arbeidar med Umsyn paa Ulukkur, og um det kunde vera mogelegt aa faa istand ei Alderdomsforsikring for Arbeidarar.

Det er inkje soleids med Arbeidarspursmaalet her endaa som i andre Land, meiner Sverdrup, men ein maa byrja i rett Tid og leggja eit Grunnlag, som ein so sidan kann byggja vidare paa. For Fatigbyrderne vaare er so store, at det er paa Tid aa tjenkja seg um.
Fatigskatten var i 1880 nære 5 Millionar, og endaa var inkje dette alt, for ein maa ogso reikna med Avgifterne av Brennevin, Øl, Vin og annat. Utgifterne til Fatigstellet var meir enn 6 Millionar Krunur, elder Kr. 3,40 for kvart Menneskje i Landet. Ein stor Del av dette meiner han kann sparast inn, um det vart meir aalment aa sikra seg for Sjukdom, Ulukke og Alderdom.


Sverdrup meiner, at det inkje vert nokot Vanhøve, at Staten tek Styringi av ei slik Hjelpekasse, som kjem Arbeidsmannen til godes. Det er inkje meir Vald mot den frie Utviklingi i dette, enn um det vart gjort ein Lov um, at alle vaksne Menneskji skulde betala ein Skatt til Hjelp for dei trengjande. Det vart daa vist inkje meir urettferdugt enn dette Stellet med Fattigkassa, som paalegg alle Folk aa betala utan aa gjeva dei nokon Rett til aa faa igjen.

Fatigskatten hev væl ei Hevd i Samfundslivet vaart, men den er difor inkje den fullkomnaste Maaten aa laga seg paa. Aa faa Hjelp av Fatigkassa held Folk for nokot vanvyrdelegt, og Lovarne tek ogso ymse Borgarrettar fraa slike Folk.

Aa finna ein betre Maate til aa hjelpa tykkjest difor aa vera paakravt. Det vil vera ei god Raad til aa avvenda Fatigdomen og til aa lyfta Arbeidarstandet til høgre moralskt Verde og Sjølvvyrdnad.

Sverdrup hevdat, at rette Arbeidarar endeleg maa faa Plass i ei Nemnd, som skal granska desse Ting.