Til "Ein Bondestudent".


Med alt det stygge, som hev kome med er det mykje godt i det som ein Bondestudent skriv. Det er mykje der, ein lyt tenkja paa; men under det heile ligg det som ei Klaga; og naar ein ser burt fraa noko, som minnar sterkt um det me paa dansk kallar Selvros, so er Klaga nok den, at Bondestudenten ikkje vert so vyrdd som Bystudenten.

Kann so vera. Her i Byen liver Folk for seg sjølv; kvar hev ein Krins av Vener og
Kjenningar; og det er ikkje mange utom, som kjem inn der.

Detta kann vera galet nokk; men ein Bondestudent skal ikkje læst som um han trur, at det berre er Bondestudentar, som ikkje kjem med her i Kristiania; det er nok dei flestalle framande; og paa Landet er det visst ikkje stort anna aa sjaa der helder.

Det er syrgjelegt, men det er sannt: Noreg er eit aristokratiskt Land; og Bonden er ikkje den minst aristokratiske.

Men um Bondestudenten hev vondt for aa koma med i Livet i Kristiania, er so det nokon Grunn for han til ikkje aa gjera noko for Maalsaki? Og um han mange Gonger treng um aa tala dansk, til Dømes for aa faa Timar, er so det nokon Grunn for han til ikkje aa tala norsk daglegdags?

Nei Saki er nok som oftaste den, at Bondestudenten er rædd for aa tala norsk; han hev Otte for aa vera til Laatt og Løgje.

Og det er det, me Bystudentar tykkjer, er so laakt. Det, som skulde vera eit Livsmaal for Bondestudenten, kverv burt i smaalegt Hensyn til seg sjølv.

Me veit, at det er mange av dei, som ikkje hev noko vidare Aaføre til aa arbeida for Maalsaki. Men trur sjølv ein Bondestudent at Bondestudentarne jamnaste gjer Helfti, Fjordeparten av det, dei kanngjera? Aa nei! Og der kann det ikkje hjelpe det Grann aa riva ned paa Bystudenten.

Det er ofta sagt, og det skal segjast ein Gong til: Det er Bondestudenten som her skulde gaa i Fyreenden; me hev Rett til aa krevja det av han.

Bystudenten hev eit langt Arbeid med aa læra norsk, og det er so faae av dei, som hev fengje Augo upp for, at Maalsaki er eit Nationalspursmaal. Ein kann ikkje krevja at dei, som i sit heile Liv hev vore i ein By, skal hava Greide paa, at ein stor Deil av Landsmennerne deira liver under eit slikt Trykk.

Og deter nettupp Skilnaden paa By- og Bondestudenten: Bondestudenten veit det, og veit det av eigi Røynsla. Og likevæl er det ofta Bymenn, som hev tekje Maalarbeidet upp.

Og so er det ein Ting til som ein skal merkja seg; og det er, at Bystudenten vel kann tykkja, at det er ei Skam for Landet, at Dansken sit i Høgsetet, der Norsken skulde hava Einretten; men han kann ikkje tykkja, at det er nokon Skam for han personlegt; han er fødd og uppvaksen med Dansken; det er naturlegt for han aa tala og skriva dansk. Ei heilt annar Sak er det med Bondestudenten; han er fødd og uppvaksen med Norsk, og naar han likevel talar og skriv dansk, so er det unaturlegt og han gjer sitt til aa setja Dansken i Høgsetet; og detta tykkjer eg maatte liggja som ein vond Draum yver han.

Ogso ein Bystudent