Tidender.

 
Kristiania, den 17de Desember.

Morgenbl. og Fædrel. er sure paa Novemberforeiningi no, fordi ho var so ærleg og sagde beint ut, kvat Fyremaalet til Høgre var. Desse Bladi lika inkje slik greid Framferd, men vil leika og lirka lause i lengste Laget og samla sine Menn, utan at nokon Fane vert heist. Dei læt no jamvæl som um desse Novemberkultarne var eit Parti for seg sjølve og inkje av rette Høgreflokken; men det fær dei ingen til aa tru, solenge som Formannen for Foreiningi er 2dre Varatingmannen fraa Kristiania og dei andre Styrarar i Foreiningi er sett upp som Stortingskandidatar aat Høgre i Akershus og Buskerud.


Kristiania konservative Forening hev no komet seg i Gang og havt Møte paa 3 _4 Stader. J. Bergh, Birkeland, Y. Nielsen og N. Hertzberg talar.


Ullmann og Arvesen vil halda Folkemøte paa Sagatun, Hamar, den 5te og 6te Januar. Det er helst Skule- og Kyrkjespursmaali som dei vil skal umhandlast.


Eit Sendelag fraa Telemarki , Ordførararne Taraldsen (Kvitseid), Midbø (Mo), Næstestog (Vinje), Mandt (Laardal), Lunde (Lunde), Pedersen (Holla) og Daw fraa Aamdals Verk, hev voret i Byen her og talad med Sverdrup og Arctander um Nordsjaa _Bandak-Kanalen. Arctander sagde millom annat, at i Departementet var det stor Samhug for Arbeidet, men um det var Raad til aa faa det fram fyrste Aaret, var han inkje stød paa.


Innsamling. Aat dei som leid Skade av Jordfallet i Ullensaker ifjor hev det no ialt innkomet Kr. 7,116.12.


Aslak Haukomfraa Kvitseid hev vortet frikjend av Høgsterett i Justitssaki, som Garvar Wriedt hadde fengjet istand mot honom.


Som Bispeemne i Kristianssand vert nemnt Prestarne Skaarog Hesselberg og Bisp Smitt.


Ved Formannskapsvali i Drammen, Grimstad og Drøbakvann Høgre, i Molde vann Vinstre.


Statsraad Blix er vald til Fyremann i Vitenskapsselskapet.


Brev til Sverikekostar no etter Nyttaar berre Kr. 0,10, Brevkort 0.05.


Ei Skiutstellingvart opna i Gymnastiksalen paa Universitetet. Prisen paa Skierne er fraa kr. 6 uppyver til Kr. 20.


Mistenkt. Dei hev mistenkt ein Sersjant i Sogn for at han skal hava drepi Kjeringi si. Um so er, so er det Kjærleiksgreide med ei Sygjente, som rimelegvis hev valdat det.


Sildistend tett ved Bohuslen og Kvaløyarne; likeins paa Strekningi fraa Langesund til Lister. Av Bohuslensildi vert vist inkje saltat stort utan til laage Prisar, daa dei inkje hev fenget selgt alt dei fangad der ifjor, og mykjet av Sildi er og sodan, at Utlendingen inkje vil hava henne.


Ulukke paa Sjøen. Ei Barkskute, Draken, fraa Arendal, var for nokre Dagar sidan paa Heimtur og siglde mot Torungen. Ved Vesle-Torungen fekk Skuta Vinden i Bakseglet, so ho rende paa Land. Styrmannen hoppad yver Bord for aa symja i Land; men han vart burte. Folket fraa Fyret paa Vesle-Torungen kom so snart dei kunde for aa hjelpa dei ulukkelege, som var att umbord. Dei fekk og Tak i ei Trosse fraa Skuta og baade Endarne vart no fastsurrade, for paa den Maaten aa halda Skuta fast til Bergveggen. Sidan fekk dei i Land ei grann Line og ved Hjelp av den fekk Kapteinen berga hele Mannskapet. Sist skulde han og berga seg sjølv, men daa han var komen midtvegs, saa dei, som var i Land, at han inkje kunna koma lenger. Grunnen var den, at han hadde gløymt aa løysa Lina, fyrr han tok fraa Skuta. Han vart no hengjande i Baaresprøyten til ein stor Skavl kom og tok honom burt. Dei hev sidan funnet att Liket hans ved Fevik. Skuta er og vorti reint burte no.


God Mann Ein Mann i London sende ifjor 5000 nye Sekspensstykkje til Styret av Truth, og desse Pengarne skulde delast ut millom Fatigfolk i Joli. I Aar hev sama Mannen sendt 8000 Sekspensstykkje til Jolgaava aat Fatigfolk i London.


I Marokkodriv dei nok med aa skipa ut Slavar endaa; soleids vart nyleg 15 Slavar førde paa eit Skip til Ægypten.


Fra Diakonissehuset , No. 12, er utkomet og inneheld:

Juleglæde paa Dødsleiet. (Av J. C. Heuh). Kort Forklaring over Adventstræets Bibelsprog. 2den, 3die og 4de Advents-Søndag, samt Juleaftne. Juletræet. Diakonissehuset i Kairo. Strøtanker af Løhe. Gaver. Til Abonnenterne.