Nokot um Lovverket vaart.


(Av Hermod Heimdal ).
 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.)
 
(Slutten.)


Hellest er det nokot annat merkjelegt og med denne Lovstilen. Han vert verre og verre altfort. Lovarne vert meir og meir og meir uforstaaelege for Aalmenningen. Lovbodi av Kristian den femte kann nokon kvar skjyna; men Lovarne paa dei siste Tjugeaari er mest umogelege for andre hell Kronjuristar. Kva kann Grunnen vera til dette tru? Kannhende Dr. Yngvar Nielsen hadde Rett likevel, daa han ifjor paa eit Folkemtøe i Skien sagde, at Kristjan den femtes Lov var skriven paa norsk, Storhopen av Normennerne talad slik paa den Tidi. Dei fleste skrattad, daa han sagde dette. Men paa einMaate hadde Nielsen Rett: Spraaket hans Kristjan Qvint er norskare hell Lovspraaket av det norske Storthinget i 188 _. Les til Dømes N. L. 6 _13 _4 og komande Paragrafar, og so tak for deg t.d. den nye Skatteloven, so vil du snart sjaa, at det er Forskjel, og at Forskjellen er stor. Det fyrste kann kvar og ein skjyna, men det andre ingen. Eg kann ikkje segja koss flirande det var, daa det ifjor vart klaga so yver den nye Skatteloven, og Vinstrebladi svarad Høgrebladi, at Klagarne kom seg av, at Likningskommissjonarne ikkje skjynad sjølve Loven . Det var gode Greidur! Storthinget i 1882 gjev ein Lov, som Likningskommissjonarne utyver Landet ikkje skjynar!! Og dette skulde vera eit Forsvar for Storthinget!

Her kjem eg ihug nokot annat og, som er likso merkjelegt. Naar Juristarne ikkje kjem til um Meiningi i ein Lovparagraf, so tek dei til aa leita etter Lovens Aand. Og naar dei so hev funnet denne Lovens Aand, so maa den hjelpa dei til aa finna Meiningi av Ordi i Lovparagrafen. Dei maa fyrst sjaa, kva Slag Aand, det er i Loven, før dei kann greida, kva Lovens Ordsegjer. For oss med beintfram Folkevit synest dette aa vera ein nokot vrang Maate aa taka det paa. Me freistar aa finna Lovens Aand ved aa lesa og granska Lovens Ord. Me skjynar ikkje betre hell Ordi skal tyda Aandi. Men Lovmennerne gjeng den andre Vegen, som etter godt Folkevit er det same som aa gaa baklengs. Og her ligg vel Grunnen til denne velsignad Greida med Sagens Natur, som det hev voret slikt Bal med i dei siste Aari.

For oss, som held oss til Ordi finnst det ikkje nokot absolut Veto i Grunnloven, men for dei, som fyrst maa finna Lovens Aand, som er det same som Sagens Natur, for aa kunna tyda Ordi, for dei er det absolute Veto i Grunnloven ophøiet over Tvil.

Det er mange, som meiner, at Lovarne er gjorde so uforstaaelege som mogelegt berre for at Sakførararne skal hava Livebrød. Og vil ein tenkja nokot aalvorlegt yver det, so er det noko rimelegt; før Landets beste Mend maa daa vel kunnaskriva ein Lovparagraf slik, han er forstaaelegt, daa ialfall for dei sjølve. Og kvifor gjer dei det so ikkje?

Lovstilen vil aldri verta betre, før Bønderneer med og skriv Loven¹). Men Bønderne kjem aldri til aa skriva Loven, fyr Loven vert skriven i eit Spraak, som Bønderne skjynar. Og Bøndarne skjynar ikkje nokot annat Spraak hell det norske. Og norskt Maal maa me faa, skal det verta Tale um norske Lovar. Det danske Spraaket er ein Uting, kva Leid ein kjem paa. Og ein Uting vert det her i Noreg, solenge det finnst att eit Ord av det.

Men enno er ikkje det verste i Lovverket umrødt, Framandord og Spraak og Stil er leide; men at Lovarne sviv rundt er verre endaa. Naar eg t.d. vil hava Greide paa smaa Gjældsfordringers Inddrivelse, so maa eg fara att og fram i Lovboki solengi, at eg sistpaa ikkje veit anten eg fer fram hell attende. Det er jevnfør og se og ophævet utan Ende. Og slik er det mest med kvar Loven. Til ein Lov høyrer for det meste dette: Lov angaaendeForandringer i Lov, og Lov indeholdendeForandringer i Lov og Skrivelser, og Skrivelser angaaende Forstaaelsen af Paragraf den og den, og Rentekammer-Skrivelser, Forordninger, Rescripter, Placater, Cancellie-Placater, ditto indeholdende Tillæg til Forordningen den og den, Resolutioner, Circulærer, Cancellie-Promemoria _; ja dette fær vera nok. Eg maa raada alle, som hev Tid og Høve til det, taka for seg ein Lov og granska. Men dei maa kje missa Voni, um dei lyt halda paa

Trjaa heile Dagar til Ende.

Ei Umvøling av Lovverket er naudturvelegt. Lovarne maa verta for Folket og ikkje

berre for Kronjuristar. Det maa kunna gaa ann aa faa burt alle desse Skrivelser, Placater, Rescripter o.s.b.

Sjaa t.d. paa Loven um stempla Papir. Fyrst er det sjølve Loven, so er det Lov indeholdende Forandringer, so Lov indeholdende Tillæg, so ein Skrivelse angaaende Forstaaelsen af Lov indeholdende Tillæg til Loven om stemplet Papir, so kjem eit Cirkulære og so ein Skrivelse angaaende Forstaaelsen av dette Cirkulære, so ein Skrivelse angaaende det samme, og so seksten andre Skrivelser. Og Lovsamlingen eg hev framfor meg gjeng berre til 1875. Koss mange Forandringer og Tillæg og Tillæg til Forandringer og Forandringer i Tillæg og Cirkulærer og Skrivelser det hev komet til sidan, kann eg ikkje her segja. Fær eg Tid og Høve, skal eg sjaa etter og gjeva upp Talet paa dei og, dersom det let seg gjera daa.

Tru det skulde no ikkje kunna gaa an aa faa alt dette um det stempla Papir i einLov?

Og so paa same Maaten med dei andre Lovarne.

Baten av ei slik Umvøling av Lovverket vilde verta større enn Arbeidet og Kostnaden.

Den nye Regjeringi hev no laga til so mange kongelege Kommissjonar; ho vilde gjera væl, um ho laga til ein til dette og.

No ser Lovverket vaart ut, liksom det skulde vera gjort av Bok- og Papirhandlarar, som berre hev tenkt paa seg sjølve og so hev fenget Juristar til aa hjelpa seg.


¹) Me trur, at Lovarne vaare vitnar um mykje Bondearbeid. For slik vert Stilen, naar Bonden
skal skriva Dansk. Ingen er verre til aa faa det flokutt daa. Han skriv, so han inkje sjølv
skynar Meiningi. Bladstyret.