Boksjaa


(Av Gjurd).


Fraa Cammermeyer hev me faatt til Melding:


Min lille Bog . Minder og Stemninger af en Tjenestepige. 79 Sidor. Kr. 1.00.

Det er reint merkjelegt, kor mykje friskt og vent ein finn i denne vesle Boki, endaa ho er skrivi av ei, som ikkje hev det minste Fyredaning. Forfattarinna er ei Tenestgjenta her i Byen, som mest ikkje hev leset Nokonting utom det i Aalmugskulen. De her meddelte Smaastykker, stend der i Fyreordet, kom ved et Tilfælde i P. Chr. Asbjørnsens Haand. Han overraskedes ved de Egenskaber, der kom tilsyne hos denne for enhver Uddannelse blottede, selv med Orthografiens Hemmeligheder ukjendte Forfatterinde, I Forening med et Par Venner har han derfor medvirket til Udgivensel af dette lille Hefte...


Gjennem Lorgnetten . Skitser af L. Dilling. III. 225 Sidor. Kr. 2.60.

Naar ein undantek den nestsiste af Bøkerne hans Dilling, so maa dei kallast harmlause og trøysame med lett Svip og morosame Smaahendingar.

Men nokot større aa ofra Tid og Penger paa er dei ikkje. Ein lyt lægja litevetta, medan ein les, men nye Tankar skaffar dei ikkje. Dei vilde maata betre i eit Dagblad enn aa gjevast ut som Bok. Og nokon Folkelesnad er det ikkje, det han skriv Dilling. avdi han er for mykje Bykar i Tankar og Vendingar.


Om Kvindesagen. Af Francis Hagerup. 2det Oplag. 58 Sidor. Kr. 0.70.

Eit litet Bokhefte, som eg vil raada kvar og ein til aa kaupa og lesa godt .

Kvendesaki kjem meir og meir upp no um Dagarne, og eg trur au, ho er ei av dei største Saker, som vaar Tid ber med seg. For det gjeld her aa gjera rett mot halve Mannaætti, aa lata Kvendi faa den Pladsen, som dei hev Krav paa som Menneskje.

Dette vesle Heftet, som er eit Fyredrag fraa Studentarsamfundet, er framifraa greit og klaart. Der er Smaating, som eg ikkje kann vera med paa, men i det heile inneheld det Synsmaatar, som alle frihuga Kvendi og Menn maa vera samde um og takka Meistaren for.

 
Norges förste nasjonale Scene. Af T. Blanc . 6te Hefte. Kr. 0.50.

 
Skolehistorier, fortalte af Claus. Med 6 Pennetegninger, Kr. 1.25.

 
Tankesnuser Fips. Humoreske med Problemer i 8 Billeder af Wilhelm Larsen . Kr. 0.75.

 
Hesba Stretton: Intet Sted som Hjemmet. 93 Sidor. Kr. 0.60.

 
Tim og Tip eller hvorledes det gik Gutten og hans Hund. 136 Sidor. Kr. 1.60.

 
Patz og Putz. En Fortælling om to Bjørne. 50 Sidor. Kr. 0.40.


Dei 3 siste er umsett fraa Engelsk og er eslad til Lesnad aat Born. Men dei er kje høvelege til det, _ det skulde daa einaste vera den siste. _ Bokhandlararne borde ikkje hjelpa til med aa utgjeva so mykje av framandt Skrap.