"Nasjonal Vitenskap"?

 
De, som hev blaase upp so ilskeleg um den nasjonale Vitenskap og anna, daa P.
Wikner vart stedd te Professor i Filosofi _ kva var det no, De vilde, Regjeringi skulde ha gjort?

Hadde de vore likare, um nokon av dei andre, som skreiv seg inn te Embættet, hadde faatt det? Det er vel ingen, som rigteg trur det hell.

Kva skulde Regjeringi gjort?

Dagblaog Bergens Tidendeviste, kva ho skulde ha gjort. Hadde Dagbla eller Bergens Tidendevore Regjering, so hadde dei gjort ivegen einkvar Ungdomen aat Utlande for aa habilisere seg te Professor i Filosofi. Det skulde ha vorte nasjonalFilosofi det. Det var vel tessmeir ingen aa gjera ivegen, som dei kunde vita, hadde noko meir enn Kvardags-Gaavur serleg for Filosofi, og so kann ein vita, korleides dethadde gjenge. Han hadde kome heimatt fullsprengd med utalansk Kraam, og den Filosofi han vilde ha lært ifraa seg hadde ikkje vorte fransk nasjonal, ikkje engelsk nasjonal o.s.b., men heller ikkje norsk nasjonal. Me hev freista slikt i andre Disciplinar og hev fenge nok av det Slaget.

Er det sopas To i oss, at det kann veksa fram ein norskVitenskap, so fær me nok au ei nasjonal Filosofi, naar den Tidi kjem, men eg veit ikkje um den Tidi kjem noko fyrr, um me so vilde gjeva oss te aa sende den eine Ungdomen ette den andre utanlands einsvorom for aa læra Filosofi. Det er det nasjonale Grunnlaget, som endaa ikkje er tufta hjaa flestalle av dei, som likesom ska ganga i Fyrespissen, og solenge det er so, vert det ikkje stort anna enn Skryt med det nasjonale.

Eg meiner, at Vinstre er det politiske Laget, som høver best med Norskdomen, men Skam aa segja er det ikkje mange av dei som der ska vera dei ledende, som ikkje hev meir Norskdom enn den argaste Veto-dyrkar. Me som held paa full Norskdom, skulde vel no snart vera sovidt med Magt, at me kunde segja den Slags Folk Takk for Hjelpi og freista aa klare oss sjølve deim forutan.

Eg synest mest det er løglegt, at Maalmenner skal bera seg ille for det, at Studentarne skal faa høyra svensk Maal ved Universitetet. Eg synest det maatte gjera godt aa faa høyre eit fulltonande svensk Fyredrag millom alt det Danske og Halvnorske ein ellest maa dragest med.

Um gale skulde vera, so er det væl ikkje verre, um Bondestudentrarne vaare fær Maale sitt forsvenska, enn fordanska; eller kva?

Det er so langt fraa, at eg synest Regjeringi ska hava Lastord for de ho tok Wikner te Professor, at eg heller vil Blix og Sverdrup ska hava Takk for det, dei ikkje lydde til Gnaalet fraa ein Kristiania-K li kk og dermed lagde for Dagen, at dei hev betre Syn for god Norskdom enn hine nasjonale Tutarari Kristiania.

10 Mil fraa Kristiania.

Per.